Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

150 år med nynorsk litteratur

– Vi eit mellomstort forlag, men vi må te oss som om vi var store, fortel forlagssjef Håkon Kolmannskog i Samlaget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlagssjef Håkon Kolmannskog ved «Samlagsskrinet». Skrinet er frå pionertida. Dei fyrste åra forlaget eksisterte, var det plass til alle eignelutane til bokreiaren i skrinet.

Foto: Ronny Spaans

8755
20180504
8755
20180504

FORLAG

ronny@dagogtid.no

Sist helg hadde Det Norske Samlaget festkveld i Det Norske Teatret. Det var celebre gjester til stades: kronprinsesse Mette-Marit og Erna Solberg. Sistnemnde rosa forlaget for teften for litterær kvalitet. Difor har det fanga opp forfattarar som Agnes Ravatn og Olaug Nilssen, streka statsministeren under, samstundes som ho peika på rolla Samlaget har spela for det norske demokratiet.

Det siste sette forlagssjef Håkon Kolmannskog pris på. Han dreg òg fram eit anna høgdepunkt under festen: DJ-battlen mellom den unge og eldre generasjonen i forfattarstaben til Samlaget: Finn Tokvam og Ragnar Hovland versus Christian Wiik Gjerde og Ingunn Thon.

Det er ein lang veg mellom DJ-kamp og grunnlegginga av Det Norske Samlaget i 1868, då pioneren Hagbert E. Berner – òg kjend som skiparen av Dagbladet – vart vald som fyrste leiar.

Samlaget vart for 150 år sidan stifta som eit idealistisk litteraturselskap. Medlemene støtta laget økonomisk med lagspengar. Som takk fekk dei bøkene Samlaget gav ut. Laget fungerte såleis som «ein bokklubb» i starten, heiter det i eit historisk riss bokreiaren har laga i høve jubileet.

Kontrasten til situasjonen i dag er stor. Fyrst i 1950 fekk Samlaget den fyrste tilsette. Det var Bjarte Birkeland, som seinare vart professor i nordisk litteratur i Bergen. Han står òg som ein typisk representant for forlagsfolk den gongen: filologar med lang utdanning frå universitetet og gjerne med eigne litteraturhistoriske verk om store namn frå bokheimen.

I dag har forlaget om lag 20 tilsette. Her finst i dag både akademikarar og forlagsredaktørar som sjølve er skjønnlitterære forfattarar. 20 tilsette er ikkje mange, når alt kjem til alt. Her peikar Kolmannskog på ein essens ved forlaget:

– Jamfører vi Samlaget med andre forlag, er vi eit mellomstort forlag. I mange samanhengar må vi likevel te oss som om vi var store. Det har med breidda vår å gjera, fortel Kolmannskog.

Det samlande laget

For å forstå denne breidda må vi attende i tid. Og det høver jo godt når vi feirar Noregs eldste norskåtte forlag. Forlaget har vore igjennom ulike epokar. Namnet på laget røper kva som var viktig i byrjinga. I 1860-åra var målsaka merkt av spreidde og sprikjande røyster. Det er «ikke naadigt at faa alle desse Hovud under ein Hatt», skreiv Aasmund Olavsson Vinje. Samlaget skulle ha ein samlande verknad: Det viste frå seg dialektiske utbrytarar og gav støyten til ei fyrste offisiell skriftnorm. No skulle det bli slutt på «spreidt og individuell fekting», som Sigmund Skard skreiv til hundreårsjubileet for bokreiaren. Samlaget fungerte som ein «generalstab» og «sambandssentral» for målsaka, heiter det vidare.

– Vi må ikkje gløyme at Samlaget er eldre enn Noregs Mållag. Men rolla Samlaget har spela for målrørsla, har vore vekslande. Vi er ikkje eit agitasjonsorgan, men fremjar nynorsken i praksis ved å gje ut bøker på nynorsk. Vi har svært god kontakt med dei andre nynorskinstitusjonane og samarbeider tett med mellom anna Noregs Mållag. Eg trur kontakten er betre i dag enn han har vore på mange år, seier Kolmannskog.

Olav H. Hauge

Den allsidige verksemda synte seg òg alt tidleg. For Ivar Aasen var det viktig å prove at nynorsken ikkje berre var eit landsmål i tydinga landsens mål, men òg eit kulturspråk. Det vitnar omsetjingane frå både norrønt og utanlandske mål om, til dømes seriane med norrøne, austerlandske og klassiske bokverk. Den sistnemnde satsinga var synleg under den lange perioden Sigmund Skard var styreformann i forlaget, frå 1949 til 1972.

Vi skal ikkje gløyme Olav H. Hauge i denne samanhengen. Det var nemleg ikkje gjennom profilkrinsen Hauge fekk det fyrste møtet med eit litterært miljø. Han var ein av dei som leverte flest gjendiktingar til eit av det største omsetjingsprosjekta som har bore til på nynorsk: antologien Framande dikt frå fire tusen år, utgjeven av Det Norske Samlaget i 1968. Der samarbeidde han tett med Hartvig Kiran, Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas. Han vart i så stor grad innlema i Samlags-arbeid at Hauges eige forlag, Noregs Boklag, såg det naudsynt å gje ut Hauges fyrste samling av omsett poesi, Utanlandske dikt, før Framande dikt kom ut, som ei manifestering av kven som hadde «eigedomsretten» til forfattaren.

Eg spør Kolmannskog om Samlaget enno satsar på omsetjing av klassikarar.

– Vi tek enno ansvar for god utanlandsk litteratur. Satsinga vår på nordisk og amerikansk samtidslitteratur fylgjer denne tradisjonen. Og så legg vi vekt på andre store namn i utanlandsk litteratur, som Elena Ferrante, som enno ikkje hadde vorte nokon internasjonal suksess då vi kjøpte rettane til bøkene hennar.

Modernisering

– Det er fyrst i nyare tid at Samlaget har drive med skjønnlitteratur i stor målestokk, fortel Kolmannskog.

Ifylgje forlagshistoria var 1958 eit viktig år. Då moderniserte forlagssjef Johs. A. Aanderaa drifta av forlaget. Aanderaa bygde opp den skjønnlitterære avdelinga og i tillegg ei skulebokavdeling. Når det gjeld skjønnlitteraturen, opna denne satsinga opp for store forfattarskapar. Eldrid Lunden og Åse-Marie Nesse er døme på store lyrikarar som då steig fram. Lenge var Samlaget òg kjent for utgjeving av læreverk til skulen. Men skulebokavdelinga vart seld ut av forlaget i 2012.

Den litterære profilen var òg ein grunn til at Samlaget ikkje valde å gje ut ei historisk jubileumsbok tilsvarande den Sigmund Skard stod i bresjen for då forlaget feira 100 år: Det Norske Samlaget 1868–1968. I år feirar dei med ein anna type utgjeving: storverket Nynorsk litteraturhistorie av Jan Inge Sørbø.

– Eg trur tida for dei store forlagshistoriene er over. Det kjennest riktigare å feire den nynorske litteraturen og forfattarane som har skapt han, enn å klappe seg på aksla og studere sin eigen navle. I Nynorsk litteraturhistorie omtalar Sørbø ikkje berre forfattarane på Samlaget, Sørbø famnar breiare, for han har med nynorskforfattarar på andre forlag òg.

Norsk røyndom

– Kan ein tala om ulike epokar forlagssoga, frå periode med målstrid, gjennom periode med vekt på klassikarar, og så lærebøker, før dagens posisjon som litteraturforlag?

– Forlaget har utvikla seg mykje på 150 år, med tanken om å spreie nynorsk litteratur har heile tida lege fast, «himmelen» over forlaget har vore konstant, jamført forlag som gjerne har endra seg langt meir, til dømes Oktober, som hadde eit heilt anna program då dei vart oppretta for 40 år sidan. Sant nok har skjønnlitteraturen fått meir plass, men vi er enno eit forlag med stor breidd.

Kolmannskog peikar her på satsingar som viser attende til den eldste tida til forlaget: I år lanserer Samlaget pamflettserien Norsk røyndom. Her gjev dei mikrofonen til nye røyster i norsk samfunnsdebatt: Ved sida av Kristin Fridtun, som lesarar av denne avisa kjenner godt, har forlaget titlar av Camara Lundestad Joof og Sumaya Jirde Ali.

– Serien kjem i forlenging av både Orion-bøkene i syttiåra, debattbøker i pocket og det fyrste sakprosaskriftet Samlaget gav ut: Ivar Aasens minne frå ein heftig språkdebatt hausten 1855.

Stor på dei små

– Korleis ser framtida til Samlaget ut?

– Boka får meir og meir konkurranse frå andre medium. Det er ein røyndom alle forlag må ta omsyn til, men samtidig vil vi ikkje kaste oss på den fyrste, den beste trenden. Det viktige er og blir god og kvalitetsmedviten litteratur, fortel Kolmannskog.

Konkurransen med andre medium gjer seg ikkje minst gjeldande hjå born og ungdom. Det er òg eit område Det Norske Samlaget har lange tradisjonar på. Barnelitteratur var alt tidleg eit av dei store satsingsområda for bokreiaren, som serien «barne- og ungdomslesnad» vitnar om. I dag er det nok å nemne namn som Maria Parr for å forstå vekta Samlaget legg på barnelitteratur. Og ikkje minst: Som ein del av 150-årsfeiringa opna laget ein nynorsk lesefest 25. april. 1.–4. klasse i grunnskulane vart bodne til eit nasjonalt digitalt lesedøgn. 200 skular og 10 000 elevar nytta tenesta.

Kolmannskog kjem med eit tillegg:

– Samlaget står for 60 til 70 prosent av den nynorske litteraturen for barn og unge i dag, og når det gjeld den digitale bokmarknaden, står vi for om lag 90 prosent av utgjevingane. Som mellomstort forlag er vi byrge over at vi har slike tal å vise til. Men det er enno mykje arbeid som må gjerast, ikkje minst med lydbøkene. I desember var talet på lydbøker til barn og ungdom på bokmål 1350, medan tilbodet på nynorsk var 35. Om ikkje Samlaget får eit lyft på lydfil-feltet, vil nynorsktilbodet for dei minste ikkje eksistere.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I desember var talet på lydbøker til barn og ungdom på bokmål 1350, medan tilbodet på nynorsk var 35.

Håkon Kolmannskog, forlagssjef

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis