Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Torgrim Melhuus

Foto: Torgrim Melhuus

2152
20180511

Dinn dagi deu kjemst onge mi

Dinn dagi deu kjemst onge mi

dinna morgume lyt e so rastlause o vere

E finn inkje at me sjølve aum romma

E vandre att u frammi

Fridoma mi he e lenkje fast i kvor ein vé

Deu smertekranse lekame ti kring anda mi

Aup e visste då at e slepp inkje fre de me liv.

Cathrine Blaavinge
Bjørnevog

Alt namnet ber bod om symbolikk og sverming. Cathrine Blaavinge Bjørnevog. Det same gjer den heilsvarte bunaden på Um sakne springe blome, debutboki hennar frå 2016. Sjølvsagt er Blaavinge eit pseudonym. Men kva gjer det når det læt så vent og varmt, som eit underleg, blått fjukande fivreld ein skum nordisk vårkveld. Just eit motiv som ville høve Harald Sohlberg eller Hans Egedius. Det er den blåe blomen atterskapt, den blå blomen frå Novalis’ Heinrich von Ofterdingen (1802), men no svivande fram på blåe vengor.

Og leitar du opp Blaavinge på Youtube, finn du ein framburd av henne: eit mildt og mjukt mål som les vart og vedkjømeleg. Eg fær tokken av at vi her har med ein ny Aslaug Vaa å gjera. «Når to gjev seg til kvarandre,/ Og stend eismalle att/ Kjem det ein stri/ I hugen,/ I holdet,/ Om det å eiga/ Og det å vera fri», heiter det i Vaas «Å eiga».

Det er ein slik tematikk og ordhegd eg les ut av kvedi åt Blaavenge. På den eine sida ei utsegn om kjærleik og nærleik, ei hugspaning mellom mor og barn, ei oppleving av sameining versus tapskjensle. På hi sida ein språkleg trolldom, med gamle, dulrame ord. Men Blaavinge blir meir mystisk enn Vaa – og dessverre for mystisk. Då eg høyrde henne lesa, tenkte eg fyrst det var tale om vesttelemål, eller kanskje arkaisk inntrøndsk. Nei dette er Noregs älvdalsk. Og som vi veit, finst det ikkje älvdalsk i Noreg.

Blaavinge røyver ved straumdragi i versekunsten i samtidi. Sjølviscenesetjing og performancepoesi. Det kan vera stort å lesa denne lyrikken. Men eg må vedgå at eg heller sit og lyder på den draumevorne opplesingi åt Blaavinge. Dei prenta kvedi blir ein vonglepp i jamføring. Målet kan fulla vera døkt og dult som Hans Henrik Holms nynorsk, men det må vera tufta på ei meir djuptgåande målodling. Vonleg slær Blaavinge rot som blåblome i neste vende.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis