Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Løyndomen i Leikanger

Dei fleste forlagshus ligg i Oslo, men vesle Skald forlag ligg i Leikanger. Skald feirar 25 år som forlag og kan vise til allsidige bokutgjevingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlagssjef Simone Stibbe og gründer, seniorredaktør og økonomisjef Lars Nes.

Foto: Skald

6280
20180511

Bakgrunn

Skald vart oppretta som ei kulturbedrift i 1991. To år seinare byrja dei å gje ut bøker. Sidan har forlaget gjeve ut over 250 bøker i ulike sjangrar.

Skald gjev ut all skjønnlitteraturen sin på nynorsk.

Den nyaste storsatsinga er moderne klassikarar i omsetjing.

FORLAG

ronny@dagogtid.no

– Det er både pluss og minus med å ha forlagskontor i Leikanger. Vi oppnår ei uavhengig stilling gjennom avstand til forlaga konsentrert i Oslo. Det gjer at vi kan gå våre eigne vegar, men samtidig er det utfordringar knytte til synleggjeringa av bøkene våre i bransjen. Då er det endå hyggjelegare å oppleva at vi blir lagde meir merke til både i media og bransjen i det seinaste.

Det fortel Simone Stibbe, forlagssjef i Skald. Ho representerer eit lite «annleis-forlag» i norsk bokbransje. Forlaget held til i eit sveitsarhus i Leikanger i Sogn og Fjordane.

Omtalen Simone Stibbe viser til, handlar om oppslag i hovudstadblad. «Eit ekte under», heiter det i Eivind Myklebusts kommentar i Klassekampen i mars i år. Eit par månader tidlegare, i januar, gav nestor i fransk litteratur i Noreg, professor emeritus Karin Gundersen, den nye omsetjinga av Gustav Flauberts Madame Bovary til forlaget, utførd av Margunn Vikingstad, toppkarakter: «Oppsiktvekkende god oversettelse, på det vakreste moderne nynorsk», skriv Gundersen i Morgenbladet.

Forutan om Flaubert viser avisoppslag til andre bøker i klassikarserien som forlaget har danna, som Robert Musils Tre kvinner, som forlaget vann Kritikarprisen for i år.

Men Simone Stibbe legg vekt på at Skald forlag har ein forlagsprofil som rommar både skjønnlitteratur, sakprosa og oppdragsverk.

Forlaget feirar 25 år i år, og det er verdt å ta eit tilbakeblikk.

25 år

– Skald vart oppretta i 1991 som ei kulturbedrift som mellom anna formidla instruksjon for korps og Symfoniorkesteret i Sogn, fortel Stibbe.

Det var Jon Skjerdal og Lars Nes som grunnla bedrifta. Men alt i 1993 utvida dei drifta, då kom dei fyrste to bøkene ut.

Den fyrste boka Skald gav ut, heiter Brev til Ingebjørg den fagre av Sogn, ho var skriven av Johs B. Thue. Ho baserer seg på lokalt stoff frå vår norrøne gullalder: Boka er forma som eit brev til Ingebjørg Belesdotter, kongsdottera som fann kjærleiken i Fridtjof den Frøkne frå Vangsnes.

Denne boka peikar på ein måte framover. For forlaget har dei seinaste åra gjeve ut omsetjingar frå norrøn litteratur, med Jon Fosse som omsetjar: Soga om Fridtjov den frøkne, som kom i 2013. To år seinare kom Soga om Torstein Vikingsson.

Men i 1993 kom òg ei anna bok: Kunstnarliv av Arne Melkid, om kunstnarar som har valfarta til Sogn og Fjordane.

– Sakprosa har vore ein veldig viktig del i forlagsprofilen sidan starten, og det var nokre år der nesten heile lista var sakprosa. Så byrja vi med barnebøker i 2004. Det er fyrst i 2012 at vi har satsa meir på skjønnlitteratur, og då i hovudsak på klassikarserien, fortel Stibbe.

Eit høgdepunkt i sakprosasatsinga er Norges låver frå 2014.

– Det var ein boksuksess som ikkje eingong bokhandelskjedene hadde rekna med. Dei trudde ikkje at ei så stor og dyr bok kunne bli ein suksess. Boka er no seld i 20.000 eksemplar.

Slike suksessar er svært viktige for eit lite forlag som Skald. For 25 år sidan var omsetninga til forlaget på ikkje meir enn om lag 150.000 tusen kroner. I dag er omsetninga kring seks millionar.

Frå Leipzig til Leikanger

Det er takk vere innsatsen til Lars Nes at forlaget har kome så langt. For det var fyrst i 2002 at forlaget hadde råd til å tilsetja ein andre person i fast stilling. Sidan har staben sakte med sikkert vorte utvida. I dag er det fire fast tilsette i forlaget.

Simone Stibbe frå Halle i Tyskland, og med studiar bak seg i storbyen Leipzig, vart tilsett som forlagssjef i 2012.

– Det byrja med ein sumarjobb i Bokbyen Fjærland i 2002. Som student i bokvitskap var eg på jakt etter praksisplass i eit forlag, der vart Skald forlag nemnt. Deretter reiste eg attende til Leipzig for å skrive ferdig masteroppgåva mi om den norske litteraturpolitikken.

Så kom ein telefon frå Skald forlag med tilbod om eitt års engasjement, og etter det tilbod om fast jobb fyrst som forlagsredaktør og seinare som forlagssjef.

Nynorskforlag

Når det gjeld skjønnlitteratur, gjev Skald ut berre bøker på nynorsk.

– Eg skulle ynskje meg fleire forlag som har nynorsklitteratur som hovudsatsingsområde, for her er det framleis mykje som er ugjort. Berre sjå kor mange forlag det finst som har bokmål som hovudsatsing, seier Stibbe.

Ein annan ting som særmerkjer Skald forlag, er det smekre bokutstyret på bøkene. Takk vere bokdesign utførd av Silje Nes, Aud Gloppen, Rune Døli og Øystein Vidnes har forlaget vunne mange prisar i tevlinga Årets vakraste bøker. I år vann dei to gull og eitt sylv. Dei gjev òg ut kvalitetsprodukt med tanke på materialet og innbinding, og dei innbundne bøkene deira er framleis sydde, noko som ikkje er sjølvsagt i dagens forlagsbransje.

Då kjem det uunngåelege spørsmålet: Korleis kan eit så lite forlag lukkast med så kostesame utgjevingar? Er dette mogeleg eine og åleine med støtte frå Kulturrådet?

– Nei, over 70 prosent av inntektene våre kjem av kommersiell drift, resten er støtte og innkjøp til biblioteka gjennom innkjøpsordninga. Vi har vore heldige med å få god støtte til den redaksjonelle satsinga til klassikarserien. Men vi prøver å få serien til å stå meir og meir på eigne bein. Eventuelt overskot blir reinverstert i nye klassikarar, og så har vi starta bokklubben som no nærmar seg 200 medlemer.

Nye bøker

– Kan du røpe framtidige utgjevingar?

– Ja, det er fleire bøker på gang i klassikarserien vår. Til sumaren kjem ein roman av Gertrude Stein omsett av Brit Bildøen, til jul kjem Emily Brontës Stormfulle høgder, omsett av Ragnar Hovland.

– Men er det ikkje smør på flesk å gje ut Emily Brontë når ho alt finst på bokmål?

– Nei, det har ingenting å seia for oss. Vi ser på nynorsk og bokmål som to kulturspråk. I Noreg er det plass til omsetjingar på begge språka.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi ser på nynorsk og bokmål som to kulturspråk. I Noreg er det plass til omsetjingar på begge språka.

Simone Stibbe, forlagssjef i Skald

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis