Skrifthistorier

Blekk på papyrus

Tørka flak av sumpplanten papyrus blei fletta og limte til rullar. For første gong var materiale å skrive på ei handelsvare som det lønte seg å ha kontroll over.
  

SICILIA. Frå utstillinga i Museo del Papiro i Siracusa i Italia. Museet blei opna i 1989.
Publisert Sist oppdatert

Tida for papyrus strekkjer seg frå om lag 600 f.Kr. til 200 e.Kr. Etter stein og leire blei skrifta flytta frå mineralriket til planteriket. Tekstar var ikkje lenger noko ein berre rissa i stein eller streka i leire. Dei blei forma med blekk på flak av sumpplanten papyrus, tidleg og særleg dyrka i Egypt.

Strimlar av papyrus blei lagde på langs og tvers som ein vevnad. Desse flaka kunne ikkje brettast, men blei limte saman og tørka til rullar som var om lag 25 cm breie og inntil 10 m lange. Dei skrivande miljøa rulla kvar sin veg. Grekarane skreiv og rulla ovanfrå og nedover i ein rotulus, som på skjermar i dag, romarane bortover i volumen.

Det nye materialet hadde sin pris. Papyrus var dyrt, og det gjorde nok sitt til at både leirbrikker og voksbrett lenge var i bruk parallelt med papyrus. Elevar skreiv såleis gjerne på kalkstein eller keramikkbrot.

Materialet endra teksten

Papyrus gjorde det både mogleg og mykje lettare å skrive langt, men det var få som kunne eller fekk gjere det. Éin papyrusrull gav plass til like mykje tekst som ei bok på eit par hundre sider i dag.

Med papyrus blei det relevant å strukturere tekstar annleis enn før og dele dei meir opp. Form og komposisjon blei to sider av same sak. Iliaden blei delt i 24 songar av di teksten måtte delast på 24 rullar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement