Skrifthistorier

Det første trykket

Det første trykket stammar ikkje frå Kina og har ikkje noko med Johann Gutenberg å gjere. Ser ein stort på det, blei det laga i eit palass på Kreta for 3700 år sidan.

DET STORE SKIFTET. Johann Gutenberg (1400–1468) i trykkjeriet i Mainz. Handkolorert tresnitt frå 1800-talet av ukjend kunstnar.
Publisert Sist oppdatert

Det trykte dokumentet er ei skive i brend leire, vel 15 cm i diameter med skrift på begge sider. Skiva blei funnen av den italienske arkeologen Luigi Pernier i det minoiske palasset Faistos på Kreta 3. juli 1908 og er difor blitt heitande Faistos-skiva.

Dokumentet skriv seg frå om lag 1700 f.Kr. og inneheld 241 teikn i stavingsskrift. Der er 45 ulike teikn, og dei er stempla inn i skiva, ikkje streka inn. Stempla kunne dermed brukast til å lage fleire dokument. Det er desse stempla som gjer det rimeleg å sjå på dette som det første trykket i verdshistoria. Då hadde skriftspråk vore i bruk i nesten 2000 år.

Stempla i palasset på Kreta var for så vidt lause typar, men om dei blei brukte til å lage fleire eksemplar, ville ikkje desse vere heilt like. Skrift var framleis individuelt og manuelt arbeid. Så lenge leire var materialet, ser det heller ikkje ut til at det var vanleg å ta avskrifter. Den skikken kom helst med lengre tekstar.

Med trykk på kinesisk

Stemmer dette, var tekstar i leire ikkje berre jamt over ganske korte. Som regel var dei også unike. Utvikling av forvaltning og vidfemnande rike gjorde det etter kvart nødvendig at eitt og same dokumentet kunne lagast enkelt i fleire eksemplar. Dette problemet var kinesarar dei første til å løyse. Løysinga bar også med seg at skrift kunne bli allmenn og takast betre vare på enn før.

Ut frå det som er kjent i dag, var Faistos-skiva unntaket. Frå stemplinga gjekk det godt over 2000 år før det blei meir vanleg å framstille skrifter i fleire identiske eksemplar. Denne teknologien var det smarte kinesarar som utvikla først. På 800-talet e.Kr. byrja dei å skjere ut skrift i treplater og trykte side for side. Den eldste trykte «boka» i verda som enno finst, er ei kinesisk utgåve av Diamant-sutraen frå zen-tradisjonen, eit buddhistisk visdomsverk. Det er datert 11. mai 868 og utgjer 6000 ord på ark som er limte saman til ein 4,9 m lang rull.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement