Skrifthistorier
Strekar i brend leire
Ei kvinne i dagens Irak om lag 2200 f.Kr. skal ha vore den første som signerte skjønnlitterære tekstar. Ho var truleg ei kongsdotter, men i dag veit ingen kva ho heitte.
KONGSDOTTER. Utsnitt av den 25 cm breie Enheduanna-skiva, funnen i Larsa-tempelet i Irak. Enheduanna er nummer to frå venstre. University of Pennsylvania Museum, Philadelphia.
Foto: Wikimedia Commons
Den
første store tidsalderen med skriftfesting er også den lengste. Leire-epoken
strekkjer seg frå 3300 til 600 f.Kr. Når dei eldste spora etter skrift er om
lag 5500 år gamle, vil det seie at halvparten av tida med skriftspråk har
menneska skrive i leire.
Ein
prega eller rissa teikn i leire på store og små brett. Mange av desse
leirtavlene var store og dermed både tunge og upraktiske. Difor blei det vanleg
å ha små, firkanta leirbrikker som fekk plass i handa.
Prinsessa
i Irak
I
farne tider var det enkeltpersonar som rissa og skreiv, dei høyrde til i ein
fellesskap, og innskriftene var usignerte og anonyme og kollektive i fleire
tusen år. Innskrifta på Rosetta-steinen var såleis eit dokument frå eit
prestekonvent i Memfis i Egypt. Alt 2000 år tidlegare var likevel den første
skrivaren eller forfattaren identifisert i ei innskrift.
Ho
bar tittelen Enheduanna, 'ypparsteprestinne og kone
til guden Nanna'. Faren kan ha vore Sargon av Akkad, som grunnla det akkadiske
riket i Mesopotamia kring 2300 f.Kr., og ho levde ca. 2285–2250. Kva ho heitte,
veit ingen i dag.
Meir
enn 40 songar på sumerisk i kileskrift er funne på leirtavler, og i fleire av
desse lovpriste ho Inanna, gudinna for krig og kjærleik. Når forfattaren truleg
kan identifiserast, er det av di namnet hennar blei funne på ei leirtavle i
dagens Irak i 1927. Slik namnfesting var det verkeleg ikkje mange som dreiv med
for mange tusen år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.