– Babbel og bløff
For 40 år sidan gav Tore Stubberud ut debattboka Anti-Marx, som fekk stor merksemd. Romanen Klamydiakroken tek opp same tema, og enno er forfattaren like kritisk til «studentopprøret».
Noko av inspirasjonen til å skrive romanen var forholdet Tore Stubberud har til Frankrike, som han kallar sitt andre fedreland.
Foto: Aschehoug
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Det er absolutt ikkje solskinsversjonen av venstresida og marxismen forfattaren gir i den nye, sjølvbiografiske romanen sin. Møte med venstresida i Frankrike hadde inspirert han til å skrive Anti-Marx. På Blindern møtte han noko uhyggeleg mekanisk og antiintellektuelt: pompøs marxisme kombinert med eit nesten religiøst gnål.
– Tidleg innsåg eg at eg ikkje hadde stort å hente i det klumsete Blindern-miljøet. Det vart absurd når nyfrelste maoistar skulle lære meg om arbeidarmiljøet – eg, som kom frå ei ætt med to hundre års tradisjon som arbeidarar på Borregaard!
Likevel meiner Tore Stubberud, 71 år gammal forfattar, filosof, forleggjar og tidlegare økobonde på garden Kullebund i Rakkestad, at romanen hans ikkje berre er eit oppgjer med 68-arane og mytane deira.
– Boka har tentaklar som peikar fram mot nokre av dei utviklingstrekka vi ser no, til dømes menneskerettsreligionen, som for meg byrja med gudeleggjeringa av antikolonialistiske opprør. Denne internasjonaliseringa er dei første kimane til det vi i dag kallar «godhetsregimet». Noko av den innvandringa som ingen lenger har kontroll på, ingen tek ansvaret for og stadig fleire kjenner uro over, har sitt opphav i 68-rørsla.
«Klamydiakroken», som har gitt namn til boka, var ifølgje Stubberud eit hjørne av Blindern-kantina Frederikke, der det skal ha gått for seg nokså openlyst seksuelt horeri. Langt ute i romanen skriv forfattaren: «Noen vil si at Klamydiakroken er selve venstresiden, horeriet i ånd og kropp.»
– Det er vonbrotet over at teateret sprekk og dei som har rollene avslører seg sjølv, på scenen. Mai 1968 er ikkje positiv glede over å byggje ei ny verd, det er ikkje eit oppgjer med kapitalismen. Etter nokre få veker var bankfolka tilbake, saman med de Gaulle. Dette var berre ei avsløring av menneskeforakt og klasseforakt, rett og slett antiintellektuelt. Det finst økonomar som ser «studentopprøret» som opptakten til den nye, galopperande, liberalistiske kapitalismen.
Metoo
Når han i boka snakkar om «silkeramp», omfattar det både AKP og høgresida.
– Du kan gjerne kalle dei Makta, desse som veit å ordne seg. Mange av dei eg gjekk i tog med i 1968, hadde overklassebakgrunn. Eg gjekk der berre for å unngå steinkasting frå maoistane. Boka mi er ei stadfesting av at eg er eit klokare menneske i dag. Grunnen til det er mellom anna mai 1968, som er ein del av sjølvforståinga mi. Eg er vorten eit betre og klokare menneske.
Noko av det som fekk han til å skrive boka, var forholdet han har til Frankrike, det andre fedrelandet hans.
– Men viktig vart også feiringa av 50-årsjubileet for det såkalla studentopprøret i 1968. Det gav meg mykje av den same kvalmen som når eg les jubilantomtalar i Aftenposten, dette jævlige sjølvskrytet gjorde meg dårleg. Også metoo-rørsla fekk betydning, for eg hugsar sorga mi over måten jentene på Blindern vart behandla på. Korleis ein nytta skuldingar om snerpenskap dersom jentene ikkje var «villige» nok. Somme vart lurte med på ting dei seinare angra sterkt på. Eg opplevde også nokre tragediar. Enkelt sagt: Patriarkatet døydde ikkje med AKP eller SV. Dei køyrde på med si greie.
–?Du skriv jo svært nedlatande om dei kvinnelege studentane, reduserer dei til ludder?
– Nedlatande? Slett ikkje. Dette har noko med tidas sjargong og eit utagerande litterært språk å gjere. Tida var prega av double talk. På den eine sida gjaldt det å få kvinnene med i dei ulike rørslene, på den andre sida var det macho, macho.
– Men i boka di heiter det til dømes: «Moralsk og politisk hadde jentene på Blindern trusa nede på knærne.» Det er då nedlatande nok?
– Det kjem an på kven som har dratt ned trusa. Eg har aldri vore imot kåtskap. Men eg såg det presset som den nye verdas leiarar la på jentene. Det er derfor eg også koplar dette til metoo, som viser det presset mange kvinner har vore utsette for. Mykje av forklaringa på denne frivoliteten og den libidinøse utviklinga ligg i at p-pillen kom i denne tida.
«Dei gule vestane»
– Du kallar Klamydiakroken ein utviklingsroman, men det er vanskeleg å spore noka form for personleg utvikling i boka?
– Heilt feil! Eg kom inn i og fekk sjå inventaret i den franske overklassemaoismen, med all verdas luksus. Eg gjekk i eit Gosen av intellektuelle, av Marx-ekspertar, og drakk 800 kroners vinar gratis, men innsåg at eg måtte bort.
– Fornærmar eg deg viss eg kallar boka ei lang meiningsytring forkledd som roman?
– Ja, men eigentleg fornærmar du deg sjølv. For det du seier, har stått i norsk kulturdebatt femti gongar om bøker ein ikkje liker. Det er ei heilt normal, norsk moralistisk ytring om bøker. Du må finne på noko verre. Eg har fått reaksjonar frå ekte 68-arar, som har slukt boka og seier at slik var det. Men dei er politisk avvende, som det heiter i alkoholistomsorga. Klamydiakroken er ein politisk roman, og temaet er mai 1968, sjølvopplevd i Paris. Og, dessverre, endå verre, vonbrotet i Oslo. Temaet genererer sjølvsagt meiningar, men eg hadde håpa at det fanst noko anna der òg.
– Sjølvopplevd, seier du. Men det som skjer i Paris, vert berre skildra indirekte, sett gjennom ei gruppe bortskjemde overklasseungdommar?
– No er det ein del andre med, til dømes drosjesjåførar, og dei kalla maoistane «dei nye svina». Det eg skriv om det marxistiske borgarskapet i Paris, er så unorsk og fjernt frå røyndommen vår. Eg var også ein del saman med dei fattigaste. Samla gav desse møta eit innblikk i det franske samfunnet, som gjer at eg også skjønar motstanden hos «dei gule vestane» mot president Macron svært godt.
Anarkistisk inspirasjon
– Du skriv: «Virkningen av 68 blir en tilranet moralsk overlegenhet, bygget på borgerskap, økonomi og vilje til makt, en magisk trylledrikk laget av de smarte og bydd frem for dem som ikke forstår.» Kva ligg i dette?
– Vonbrotet i Paris, sløret som vart trekt til side. Eg forstod at dette overklassespelet berre var menneskeforakt, klasseforakt, svært antiintellektuelt og grovt manipulerande. Det var babbel og bløff både i Paris og i Oslo. Især dei esoteriske diskusjonane om framtidas demokrati, der ein ikkje skulle ha ordstyrar fordi alle var like. Men vi såg jo at somme hadde meir pengar eller kraftigare røyst. Og så var det denne tilbedinga av totalitære regime.
– Trass i at eg-forteljaren hevdar det motsette, er han berre ein observatør eller tilskodar til det som skjer kring han?
– Ja. Han ser og ser og ser, men han tenkjer sitt, og til slutt orkar han ikkje meir.
– Kvar blir det av hovudpersonen i siste kapittelet?
– Då går han over til å verte ei forfattarrøyst, for då er han kommen i land. Språkbruken, antiestablishmenthaldninga, det kritiske blikket og den djupe skepsisen til å la staten ete opp samfunnet har eg frå anarkistiske forfattarar, som svenske Stig Dagerman.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– På den eine sida gjaldt det å få kvinnene med i dei ulike rørslene, på den andre sida var det macho, macho.
Tore Stubberud, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.