Heller kunst enn røyndom
Når Hanne Ørstaviks nye bok har ordet roman i tittelen, er det ikkje for å markere at dette er fiksjon. Røyndomslitteraturen hever ho seg nemleg høgt, høgt over.
Hanne Ørstavik seier at alle romanane hennar er lenka saman.
Foto: Linda B. Engelberth
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Somme tider kan opphavet til ein romantittel vere sørgjeleg prosaisk. I tilfellet Roman. Milano fall det seg slik at då ho byrja skrive, gav ho fila dette namnet, for det var meint å vere ei bok med Milano som «hovudperson». Men slik blei det ikkje, sjølv om utforskinga av den norditalienske byen går som ein raud tråd gjennom historia.
– Dette har ingenting å gjere med røyndomsdebatten i Noreg, som eg synest er så snever og lågpanna at eg ikkje vil involvere meg i han. Eg lengtar etter at vi kan snakke om kunst; for røyndomsdebatten har umyndiggjort kunsten. Det er det alvorlege i dette. Kunsten er jo eit eksistensielt livsområde som denne sjølvbiografiske dynelyftinga heilt har sett på eit sidespor, og det er forstemmande.
Samstundes vedgår forfattaren at som alle dei andre romanane hennar er også denne sjølvbiografisk på djupnenivået. Grunnspørsmåla ho undersøkjer, er hennar eigne, men også allmenne: Tilhøyrsle, kva skal til for å kunne gi seg hen, kan ein vere trygg på at ein er elska, korleis kjenne kjærleik om ein ikkje veit kva det er?
Teiknar og diktar
Hovudpersonen prøver å forstå verda kring seg ved å teikne og dikte henne fram.
– Eg trur at forholdet mellom indre og ytre verd er mykje tettare, meir samansett og mindre gjennomsiktig enn vi trur. For meg er eit kunstverk langt meir verkeleg enn framsida på Dagbladet. Du kan spørje: Kva for røyndomsgyldigheit gir vi dei ulike livsområda? Det er viktig å kaste inn eit anna blikk.
Teiknaren Val, 27 år gammal, flyttar frå Oslo til Milano for å leve saman med den noko eldre galleristen Paolo, som ho eigentleg ikkje kjenner særleg godt. I det året boka skildrar, tek Ørstavik oss med inn i det indre livet hennar og byen ho prøver å gjere til sin. Sjølv har forfattaren dei siste tre åra levd halvt om halvt i Milano og Oslo.
For å bli kjend med kulturen og «sjela» i landet ho også bur i, ut frå eit djupt behov for å forstå kvar ho har hamna, har ho orientert seg gjennom italiensk film og litteratur. Dette har også fått tydelege nedslag i romanen. Val, som eigentleg er arkitekt av utdanning, vandrar rundt i Milanos gater og møter mange døme på den massive, fascistiske byggestilen.
Den viktige barndommen
– Det handlar om å vere ein erfarande kropp mykje meir enn ein logisk tanke. Det berre kunsten kan, er å opne eit erfaringsrom, der vi kan kjenne og forstå noko på andre måtar enn gjennom intellektet.
Men Hanne Ørstavik vil ikkje gjere italienar av seg.
– Eg har ikkje meldt flytting. Eg vil vere norsk, betale skatt og høyre til her.
På spørsmål om boka er skriven i forlenginga av dei tre førre romanane hennar, svarar forfattaren at ho ser heile forfattarskapen i samanheng. Kvar bok lenkar seg vidare frå den førre. Men for henne er denne likevel noko anna, ikkje minst fordi forma, med korte kapittel med bilettitlar, er svært annleis.
– Barndommen har vore eit sentralt tema i mange av bøkene dine, men her, med ein hovudperson som foreldra overlét til ei tante då ho var tre og eit halvt år gammal, verkar det meir akutt?
– Det handlar om korleis barndommen er til stades i vaksenkroppen, noko eg er blitt mykje meir oppteken av dei siste åra. Vi tenkjer gjerne at barndommen er noko tilbakelagt. Men eg opplever at alt er inni oss heile tida. Treåringen er like mykje til stades som femtiåringen, og kan aktiverast svært kjapt.
– Val lir under vissa om å vere eit uønskt barn?
– Ho er eit skadd barn og ber dette i seg. Forsking syner at tilstandar i kroppen vi knapt har tilgang til, på nerve- og muskulært nivå, kan ha utvikla seg alt frå fosterstadiet. Eg har sterk tru på at slike skadar kan helast, men det krev mykje arbeid. Dersom det ikkje finst kjærleik der i utgangspunktet, kvar skal då den vesle bylten av ein organisme gjere av seg? Har du ikkje frå eit svært tidleg stadium blitt mata med kjærleik, oppstår ei tomheit, som gjer deg sjølv tom òg. For du veit ikkje kva kjærleik er.
– Val er ei kvinne som ikkje kjem i kontakt med dei djupaste kjenslene i seg sjølv. Er det på grunn av ein barndom som ikkje har stimulert kjenslelivet hennar?
– Og som har gjort at ho ikkje kjenner seg sjølv. Får vi ikkje kjærleik, døyr vi. Har vi ikkje fått det som spedbarn, veit vi ikkje heilt kva kjærleik er. Boka sender Val ut i eit område der ho prøver å nærme seg kjærleiken. Hovudspørsmålet til Irma i den førre romanen min, Over fjellet, er nettopp om ho kan få orgasme på eiga hand. Må det to til, må det vere eit du der? Roman. Milano syner at først då Paolo blir tydeleg i kjærleiken sin til Val, finn ho ei slags forløysing i seg sjølv og erkjenner at kjærleik krev to.
Ein kanal
– På éin måte er Val kjenslelaus, men ho veit det sjølv. Kva gjer det med henne?
– Vals smerte, men også moglegheit til frelse, er at ho veit at ho ikkje veit. Då har ho eit val, ho kan spørje seg sjølv kva ho kan gjere for å opne det som er stengt.
– Er teikningane hennar ein kanal både inn til og ut frå det i henne som ho ikkje kan setje ord på?
– Nettopp. Men også eit mogleg møte, der noko av det ho og Paolo deler, men ikkje snakkar om, kan bli delbart gjennom bileta.
Med Roman. Milano har Hanne Ørstavik skrive ei mangfaldig bok som opnar opp ei brei vifte av tematikk. Det kan samlast i omgrepet framandgjering. Val står framand overfor omverda, og ho kjenner seg framand overfor seg sjølv, men er heile tida på leiting etter sitt indre.
– I denne historia er Paolo, kjærasten hennar, på mange vis berre ein skugge, ein person Val tenkjer på med ambivalens, ein bifigur, men likevel svært viktig?
– Dette er ingen vi-roman. Heller eit djupdykk i framandskap eller foreldreløyse og mangel på tilhøyrsle. Boka borar nedover snarare enn bortover. Og Paolo er framdriftas propell.
– På eitt tidspunkt gir Val seg til å teikne og dikte liv til to framande personar ho har sett, men ikkje veit noko om, Jason og Vivian. Kor viktige er desse historiene for Vals heilingsprosess?
– Dei er heilt avgjerande for henne. Ho går i dialog med sine eigne bilete, og så gjer dei noko med henne. Berre gjennom bileta får ho tilgang til det Jason og Vivian er i henne sjølv. Men mot slutten av romanen har dei utspelt si rolle, då er dei blitt integrerte i henne slik at ho gå vidare utan dei.
Bileta i livet vårt
– I fleire draumesekvensar ser Val eit barn i ein lys sirkel, eit barn ho ikkje når inn til. Men til slutt finn ho fred med seg sjølv og kan teikne fram ei slags forsoning?
– Også eg tenkjer det slik. Eg har slik tru på bilete i liva våre, å omgåast sine indre bilete. Den nærleiken ho til slutt klarar å ha til dette barnet, gjer det òg mogleg å ha større nærleik til Paolo.
– Mot slutten verkar det som om Val blir meir målmedviten, at ho veit kva ho vil med teikningane og livet, og ho er på veg ut av den mentale innestenginga si?
– Ja, og dessutan at ho våger kjenne seg litt meir velkommen og knytt til Paolo.
– Val tenkjer at når ho teiknar, er det ikkje lenger ho som tel, men teikningane. Har du det slik sjølv?
– Også eg tenkjer slik når eg skriv. Det er ei utruleg lette i det, og fryd og glede.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Får vi ikkje kjærleik, døyr vi. Har vi ikkje fått det som spedbarn, veit vi ikkje heilt kva kjærleik er.
Hanne Ørstavik, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.