Fortel fiendens historie
«Herregud, som jeg lengter tilbake til Norge og fangenskapet!» Slik kunne ei tysk kvinne skrive då ho i 1947 kom til det krigsherja heimlandet sitt etter to år i norsk internering.
Trudel Knepper og Georg Bauer forlova seg på Falkensten bruk utanfor Horten pinsa 1944.
Bilete frå boka.
Historie
janh@landro.bergen.no
Då andre verdskrigen slutta, fanst nesten 400.000 tyskarar i Noreg. Noko slikt som 5000 av dei var sivilistar som hadde arbeidd for den tyske administrasjonen. Svært lite er skrive om livet deira i Noreg inntil dei blei returnerte til eit Tyskland i ruinar. Då historikaren Gudmund Moren fekk hand om brevvekslinga mellom to av dei, stod det klart for han at historia om Trudel og Georg måtte skrivast. No ligg ho føre med tittelen Okkupanter.
Trudel Knepper og Georg Bauer var begge fødde i 1913, ho i Berlin, han i München. Ho var ei nokså upolitisk kontordame i eit firma som dreiv med utvikling av jordbrukseigedommar. Han var overtydd nasjonalsosialist med doktorgrad i jus og nasjonaløkonomi og i ferd med å gjere karriere i Hitlers SS. Ho kom til Noreg i januar 1941, som sekretær i Rikskommissariatets avdeling for ernæring og jordbruk. Han kom åtte månader seinare, som leiande byråkrat i den tyske tryggingstenesta (Sicherheitsdienst, SD). Påsken 1942 møttest dei på ei hytte i Nittedal. I oktober 1946 gifta dei seg i leir Kranich i Oslo. I mai året etter kom dottera Marlis til verda på sjukehuset i Holmestrand.
Interneringsleirar
Gudmund Moren, som er pensjonert førsteamanuensis i historie og tidlegare dekan og rektor ved Høgskolen i Lillehammer, kom i 1990-åra i kontakt med dottera til ekteparet Bauer. Ho visste ikkje så mykje om fortida deira, anna enn at dei fortalde kor godt dei hadde hatt det i Oslo under krigen. I 2005 kom ho til Lillehammer med bilen full av brev, foto og anna materiale. Om lag 300 brev mellom mora og faren frå den tida dei var frå kvarandre, han i fengsel på Akershus festning, ho i ymse interneringsleirar.
– På eit seinare tidspunkt fann ho også ein del brev som Georg hadde skrive til far sin i 1944–1945. Det gav prosjektet mitt ein ny dimensjon. Lenge var det ei kjærleiks- og kvardagshistorie, men no fekk vi brått inn krigen for fullt, fortel Moren.
Han fortel at det detaljrike materialet gir mange små glimt inn i ein røyndom som gir eit heilt nytt bilete av forhold vi har visst lite om, især livet i interneringsleirane.
– Vi kan vel slå fast at «brakkelivet» i Noreg var både fritt og fint og på dei fleste vis betre enn det som venta dei i Tyskland?
– Heilt klart, det er sjølvsagt derfor Trudel ønskjer å bli i Noreg så lenge som råd, noko som også heng saman med at ho har eit lite spedbarn.
– Var det til og med så bra at nordmenn på utsida reagerte?
– Reportasjar i avisene om det gode «latmannslivet» i leirane kan tyde på det. Men kor mange som brydde seg, er uråd å seie. At dei internerte var solbrune, fekk god mat, fekk høve til å gå på engelsk- og franskkurs og sjå mykje film, kunne nok vere provoserande. Men styresmaktene måtte jo følgje Genèvekonvensjonens reglar om kva krigsfangar har rett på.
Nordmenn reagerte
– I den grad nordmenn på utsida reagerte; hadde dei grunn til det?
– Eg trur ikkje tyskarane hadde det spesielt godt i leirane. Sikkert betre enn mange stader i Tyskland, og betre enn dei fattigaste nordmenn. Dei fleste i leirane hadde ingen fysiske krigsskadar, men somme kan ha gått med traume. Vondt for mange var nok uvissa. Dei visste ikkje når dei fekk komme heim, og dei visste ofte ikkje korleis det gjekk med dei kjære der heime.
– Kvifor tok det så lang tid å returnere tyskarane til heimlandet?
– Forholda i Tyskland var kaotiske. Landet var delt i fire okkupasjonssoner, og mange ville ikkje til den russiske sona. Så kravde transport, sortering og oppbevaring av dei som kom, både tid og ressursar. Ikkje var det bustader til alle, det var lite mat, og jernbana var øydelagt.
– Du gir døme på overraskande og rørande norsk omsorg for den gravide Trudel?
– Ho møtte mykje vennlegheit etter at ho blei gravid, både blant dei norske vaktarane og blant folk utanfor leiren. Mange av dei internerte arbeidde tidvis med frukthausting og bærplukking ute på gardane og kom slik i kontakt med nordmenn. Det var ei integrering som eg trur dempa frontane frå krigen stadig meir.
Det var interessant å sjå korleis det «gjekk seg til» mellom fangar og vaktarar. I byrjinga, især på Akershus, var det harde forhold og brutal disiplin. Men etter kvart oppstod eit meir personleg forhold mellom fange og vaktar, så Georg blei eit menneske for vaktarane – og dei for han.
Det same godlynnet utvikla seg også i interneringsleirane, så sant ein oppførte seg skikkeleg. Når vi kom til 1946, var agget sannsynlegvis større ute i samfunnet enn i leir og fengsel.
Utan anger?
– Fanst det inga grense for kor mykje dei kunne ta med seg tilbake til Tyskland av mat og klede og anna som det var mangel på i Noreg?
– I utgangspunktet var det avgrensa, men mot slutten fekk dei som var igjen i leirane, forsyne seg nokså fritt, og i siste instans blei det heller ikkje sett restriksjonar på kva dei kunne ta med seg av varer. Dei fekk ikkje ta pengar og verdfulle gjenstandar ut av landet, heller ikkje feitt, som det var utførselsforbod mot.
– Det er ikkje to angrande nazistar du skildrar i boka?
– Om dei angra, har vi ikkje kjeldegrunnlag for å vite det. Dei har vore gjennom mykje, dei sit i fengsel eller interneringsleir og veit ikkje kva som skal skje. Derfor tenkjer dei nok meir framover enn på det som har vore, legg planar og prøver å gjere det beste ut av situasjonen.
Men da Georg kom tilbake til Tyskland, sat han i både Neuengamme og Dachau, konsentrasjonsleirar der folk hadde vassa i lik berre nokre månader tidlegare. Med den posisjonen han hadde i SS, må han ha visst kva som skjedde med jødane. Men dette reflekterer han ikkje over i breva. Eg kan ikkje felle ein avgjerande dom, men ønskjer saman med lesarane å tenkje både det eine og det andre om dette.
– Kan ikkje ei slik forfattarhaldning også tolkast som vilje til kvitvasking?
– Eg trur ikkje det. Men den problemstillinga var noko eg tenkte på i første fase av skrivinga. Om nokon etter å ha lese boka oppfattar henne som kvitvasking, vil det overraske meg.
– I det du siterer frå breva, kan ein vel lese ei haldning som går ut på å bagatellisere eigne gjerningar?
– Det Georg skriv til far sin før 8. mai 1945, er heilt klart nazistisk. Der er det ingen anger, berre hat, sinne og kampvilje. Du finn knapt ei setning der han seier at han ikkje har gjort noko gale, men derimot fleire setningar der ho bagatelliserer det han har gjort. I den grad Trudel reflekterer over fortida, er det vel i otte for at mannen skal bli dømd og ho skal miste han.
– Kor representativ trur du historiene til Trudel og Georg er for dei sivile tyskarane som oppheldt seg i Noreg då krigen tok slutt?
– Historia hennar, som kontordame og internert, er ganske typisk. Han som akademikar med doktorgrad, ihuga nazist og pragmatisk innstilt, var nok ikkje heilt typisk. Men lagnaden hans, med fengsel og straff, trur eg mange opplevde. Atypisk er det heller ikkje at ein gammal SS-mann i etterkrigsåra når høgt opp i byråkratiet; han var jo flink til å tilpasse seg. I boka synleggjer eg den vellykka politiske karrieren hans i den demokratiske Forbundsrepublikken.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Forholda i Tyskland var kaotiske. Landet var delt i fire okkupasjonssoner, og mange ville ikkje til den russiske sona.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.