JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Kan øydeleggarane berge jorda?

Maja Lunde skriv ikkje klimaromanar fordi ho har mange svar, men fordi ho har så mange spørsmål og kjenner angst for det som skjer med kloden vår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maja Lunde fortel at den såkalla klimakvartetten kan hende får fleire enn fire band.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

7163
20190927
7163
20190927

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Sjølv om Maja Lunde ikkje har nokon «bodskap» i den såkalla «klimakvartetten» sin, har likevel to overordna spørsmål utkrystallisert seg: Kvifor er vi menneske blitt den arten som har forandra alt? Og har vi det eigentleg i oss å kunne rette opp feila våre?

– Dette er spørsmål som eg ikkje har svar på, og som romanane heller ikkje gir svar på. I alle fall ikkje i mine augo, men kanskje er det lesarar som er usamde. Det finst jo like mange versjonar av ein roman som det finst lesarar. For meg handlar skrivinga om å vere inne i desse forteljingane og å vere på innsida av menneska eg skriv om. Det er då eg opplever at det blir «sant» og ekte for meg. Eg startar aldri med ei problemstilling eller ein «bodskap», men det eg ser at eg heile tida tenkjer på medan eg skriv, især i Przewalskis hest, som jo handlar om menneskedyret, er forteljinga om oss menneske og det vi har gjort med jorda vår.

I denne romanen skildrar Maja Lunde kampen for å berge dei mongolske villhestane, eller takhiane, som ein lenge trudde var utdøydde. Ein del av den tredelte handlinga har ho lagt til 1880, då ein russisk zoolog og ein tysk profesjonell dyrefangar reiser til Mongolia for å prøve å fange nokre eksemplar av arten. Så følgjer vi ei tysk kvinne som 110 år seinare arbeider for å tilbakeføre nokre takhiar til Mongolia, der dei no er heilt forsvunne. Den tredje delen, som er lagd til ein gard i Noreg, går føre seg i 2064, då regn og stormar har fått dei fleste til å flytte nordover. På denne garden bur Eva og tenåringsdottera Isa, og etter kvart kjem franske Louise, som vi først møtte i Blå.

Dei tre romanane i «klimakvartetten» er selde i godt over ein million eksemplar, dei er omsette til 36 språk og spreidde til over 50 land. Det «hotte» Hollywood-selskapet Anonymous Content har sikra seg rettane til å lage TV-serie av Bienes historie, etter at Maja Lunde hadde sagt nei til mange friarar.

Kan bli meir enn fire

Arbeidet med boka førte med seg svært krevjande research, der ho jobba mykje tettare opp mot røyndommen enn før.

– Eg heldt på å brekke nakken. Dette er jo ei bok om hestar, og hestar visste eg lite om på førehand. Eg var i Mongolia og gjorde mykje av det eg skriv om, og vonleg fargar det framstillinga. Eg måtte til dømes lære meg å mjølke kyr for hand for å kunne skildre det skikkeleg i romanen.

Då Maja Lunde byrja å skrive Bienes historie, såg ho føre seg at det skulle bli ein enkelt roman. Men alt då ho heldt på med skrivinga, og fleire forteljingar dukka opp, skjøna ho at det måtte bli fleire bøker, for då hadde ho rammene for serien og visste korleis romanane skulle knytast saman. I dag torer ho ikkje seie for visst at det stoppar med bind 4.

Elles er forfattaren litt usikker på nemninga «klimakvartett», for ho meiner at bøkene handlar like mykje om relasjonar mellom foreldre og born som om klima.

– Eg opplever at konfliktar mellom mor og dotter, mor og son, i tillegg til skildringar av det menneskelege begjæret, står mykje sterkare i den nye romanen enn i dei to førre?

– Eg synest det har stått sterkt heile vegen – forholdet til borna våre, kva vi gjer for dei. Men det er absolutt ein viktig del av den siste romanen, og her er det òg tale om forholdet til vaksne born. Dette, og tenåringsrelasjonen, har eg gått meir inn i her. Når det gjeld begjæret, har eg også vore interessert i å sjå på kva som driv oss frå biologiens side.

– Dei ulike historiene i dei tre romanane er alle knytte til bestemte årstal. Dei er neppe tilfeldig valde?

– I denne romanen gav dei seg sjølve, for her har eg prøvd å halde meg ganske etterretteleg til historiske hendingar. Heller ikkje i Bienes historie eller Blå nyttar eg tilfeldig valde årstal. Framtidsårstala er heller ikkje heilt tilfeldig valde. I den første romanen sette eg 2045 som eit slags år for kollaps, så har eg bygd på det i dei neste romanane. Sidan eg hadde skildra tørken i 2041 i Blå, ønskte eg no å utforske det våte, kalde, sure landskapet i Noreg anno 2064 og ha ei kroppsleg kjensle av det. Eg veit ikkje kor medvite valet mitt var, eg opplevde berre frå dag éin at det var i det landskapet eg ville vere. Dessutan tykte eg det var interessant å skildre verdas rikaste land, å sjå på korleis dette også kan råke oss.

Håpet i menneskedyret

– I april kunne vi lese at FNs naturpanel fryktar at ein million artar er utryddingstruga. Denne informasjonen gav vel boka ekstra aktualitet?

– Det var viktig at rapporten var så utruleg tydeleg. Det er forferdeleg trist korleis homo sapiens køyrer over alle andre artar. Vi snakkar så ofte om kva for bruksverdi andre artar har for oss, men vi gløymer i stor grad at dei har ein eigenverdi, og at dei fortener å vere her like mykje som vi. Vi er den sterkaste arten på denne planeten, og i stor styrke ligg også stort ansvar.

Av alle dei åtte hovudpersonane Maja Lunde har skildra i dei tre romanane, vedgår ho at tenåringsmora Eva i Przewalskis hest er den ho lettast kan identifisere seg med, kanskje den som liknar mest på henne sjølv.

– Men ho er ekstremt mykje meir handy og langt tøffare enn eg. Då eg skreiv hennar del, prøvde eg heile tida å tenkje: Korleis ville dette vore for meg, korleis ville eg reagert, kven ville eg vore i den situasjonen? Når eg sit og skriv, prøver eg å vere så langt inne i det mennesket eg skriv om, som råd er. Men med Eva tillét eg meg å la henne likne litt på meg.

– Den pessimismen vi også kan lese ut av framtidsdelen av boka di, er den også din?

– Å skrive om klima- og naturkrisa kan dra meg svært langt ned fordi eg står så oppe i det heile tida. Samstundes hjelper det å skrive, og eg klarar ikkje la vere. Eg finn trøyst og lys i skrivinga, og eg trur teksten ber preg av både lys og mørke.

– Kvar ser du det største håpet for framtida?

– I menneskedyret sjølv. Vår evne til kommunikasjon har gjort oss til arten som regjerer, som køyrer over dei andre. Men det kan også bli ein del av løysinga fordi vi er så flinke til å samarbeide, snakke saman og tilpasse oss. Vi har moglegheiter, men vi må vilje det. Også vi er dyr, noko vi ofte gløymer. Vi er berre eit litt meir avansert dyr enn alle dei andre – og dermed kanskje også dummare. Vi er ikkje heva over naturen, og det må vi ta inn over oss.

Lunde fortel at ho lenge har gått og tenkt på den fjerde romanen og veit kva han skal handle om, plantar og frø, alt som gror. Kanskje også skog, tre og luft. Medan dei tre første romanane har delt handlinga inn i fleire tidsplan, alltid med ein dystopisk framtidsdel, er alt forfattaren førebels veit om den nye, at handlinga er lagd til 2110, altså lenger fram enn i dei tre føregåande.

– Men sjølvsagt vil fortida også spele ei viktig rolle i den forteljinga. Når eg jobbar med dette materialet, opplever eg at det lever av seg sjølv, og då kan stoffet ta dei merkelegaste vegar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Også vi er dyr, noko vi ofte gløymer. Vi er berre eit litt meir avansert dyr enn alle dei andre – og dermed kanskje også dummare.

Maja Lunde, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis