Uri ord for ord
Om Helene Uri kunne få oppfylt eitt språkønske, måtte det vere at talet på valfrie former i norsk blei kraftig redusert. Ho leier gjerne komiteen som gjer jobben.
Helene Uri har skrive fleire romanar og bøker om språk.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Litteratur
janh@landro.bergen.no
I den nye boka si, Hoppe etter ruccola, skriv ho mellom anna om godt og dårleg språk, klart språk og språkleg bråk, språkblomar og språklege mistydingar. Det meste er eit tematisk ordna utval frå spalta hennar i Aftenposten, kutta litt i, utvida litt og dels nyskrive.
Boka er ei blanding av underhaldning og folkeopplysing, men at ho også er ute etter å få folk til å skjerpe seg, vil ikkje språkvitar Uri utan vidare vere med på.
– Det er aldri dumt at folk skjerper seg litt, men i valet mellom å få folk til å skjerpe seg og å glede seg over språket, vel eg det siste. Eg er meir interessert i å skape språkglede enn å veifte med raudblyanten.
– Du skriv at språket forandrar seg. Men det er vel vi som forandrar språket?
– Den påpeikinga er heilt på sin plass, for ofte uttalar ein seg som om språket er ein organisme som lever sitt eige liv, og at slik må det vere. Språket er menneskeskapt, og vi kan skape om på det.
– Er det heilt greitt at språklege mistydingar blir godtekne som rette og får plass i ordbøkene, som at bjørneteneste no betyr noko positivt?
– På eitt eller anna tidspunkt er det jo det. Men eg er ingen tilhengjar av at NRK og avisene skal gå i front med feil bruk av uttrykka. Om stadig fleire over tid nyttar bjørneteneste feil, vil det bli den nye norma. Slik er det berre.
– Bjørneteneste går inn i gruppa av det du kallar «pendelord», ord som mange trur tyder det motsette av det dei faktisk tyder, som forfordele, skamrose, bramfri. Bør vi kvitte oss med desse?
– Eg rår journalistar til å putte desse orda i skuffa. Eit alternativ er å klargjere tydinga. Er det heilt klart ut frå konteksten kva som ligg i desse orda, er det berre fint å nytte dei.
Rundt
– Du verkar ikkje så uroa over at stadig fleire unge seier sjino og sjærleik?
– Uroa er eg ikkje, men eg kan bli litt irritert. Som språkbrukarar held vi fram med å utvikle språket, det er språkets lagnad. Så det er som det skal vere. Men folk likar ikkje språkendringar. Det gjer ikkje eg heller. Her skil eg mellom meg som språkbrukar og språkvitar.
Helene Uri skriv om korleis menn til alle tider har skildra kvinnespråk og mannsspråk som heilt ulike, gjerne knytt til kjensler versus «objektivitet». At kvinner er meir kjenslestyrte enn menn, meiner ho framleis er ei ganske utbreidd oppfatning. Ofte blir ytringar frå kvinner tolka inn i ei emosjonell ramme, medan tilsvarande ytringar frå menn ikkje blir lesne på same vis.
– Eg registrerer at du er blant dei mange som vil gjere rundt til ein universalpreposisjon, som i «forskning rundt kjønn og språk» og «bevisstheten rundt ordvalget», for å ta eit par døme frå boka di?
– Interessant, dette skal eg byrje å vere på vakt mot, både hos meg sjølv og andre. Lenge har på vore nytta som ein universalpreposisjon, men no er det altså rundt. Heretter skal eg vere årvaken rundt dette problemet!
– Bør det vere eit mål å finne kjønnsnøytrale namn på alle yrkes- og stillingstitlar som endar på -mann?
– Ja, men vi treng ikkje forhaste oss. Mange av titlane er vanskelege å erstatte, men det bør vere eit mål. Forsking syner at -mann ikkje er så kjønnsnøytralt og universelt som vi har innbilt oss. Når ein høyrer politimann, tenkjer dei fleste på ein mann. Når det er tale om politimann og politikvinne, kjem det opp mentale bilete av begge kjønn. Det er viktig. Heilt konkret såg vi kva som skjedde då tittelen helsesyster blei erstatta med helsesjukepleiar. Alt på det første opptaket til utdanninga etter namneendringa steig talet på mannlege søkjarar kraftig. Der det finst gode erstatningar, er det fint at dei blir tekne i bruk, som at fylkesmann har gått over til å bli fylkesdirektør.
Ei trist haldning
– Kva vil du seie til dei som hevdar at engelsk er eit mykje rikare språk enn norsk?
– At det er ei trist haldning, for slik er det ikkje. Tjukkleiken på ordbøker fortel meir om kor mykje pengar samfunnet har vilja nytte på leksikografi, enn om kor rikt språket er. I og med at det finst hundretals millionar menneske med engelsk som morsmål, spreidde over store delar av kloden, vil dei ha namn på vegetasjon og dyr som vi knapt har høyrt om. Men med språkleg rikdom meiner folk heller at engelsk er så mykje meir nyansert. Slik er det ikkje. Eg er ikkje redd for at norsk skal døy, og at engelsk skal ta over som språk her i landet. Men vi skal vere obs på haldningane våre, for det er dei som avgjer lagnaden til norsk i framtida. Då er det dumt om mange går ikring og trur at norsk er eit fattig språk.
I boka får vi også lese at ord kan hjelpe oss til å kaste mindre mat. Forklaringa? Ord får oss til å sjå verda på ein annan måte.
– Etter at eg høyrde ei kvinne snakke om «single bananar», slike som ligg aleine og ikkje er del av ein klase, har eg konsekvent plukka med meg slike i butikken. Dei single bananane utgjer eit stort matsvinn. Tilsvarande aukar ordparet matvinn og matsvinn medvitet om dette.
Eit «tilleggsgode» kallar Helene Uri det nye pronomenet hen. Med det meiner ho at han og ho sjølvsagt ikkje skal ut av språket, men at hen er eit supplement for dei som vil nytte det i setningar der dei elles ville måtte skrive «han eller ho», «ho eller han» eller «vedkommande».
Eit forsiktig unnskyld
– Du blir visst ofte sint på norske restaurantar. Kva er problemet?
– Ikkje at stadig fleire servitørar snakkar engelsk, men at dei opptrer som om engelsk skulle vere språket i Noreg. At mange servitørar ikkje har lært seg norsk, er til å leve med, men då ventar eg eit forsiktig unnskyld for at dei vender seg til meg på engelsk. Då eg skreiv om dette i Aftenposten, var straumen av støtteerklæringar enorm.
– Har du sett det minste teikn til betring etter at du i ei spalte vende deg direkte til forfattarar av bustadannonsar?
– Nei, det hadde eg ikkje venta heller. Dei grove overdrivingane, det oppblåsne språket og utdaterte stilidealet er knapt til å skjøne.
Noko anna som får blodtrykket til å stige hos Helene Uri, er det ho ser som ein altfor stor valfridom i grammatiske former. Rett nok ser ho at det primært er eit problem i nynorsken, men ho finn også fridommen i bokmålet altfor stor. For innvandrarar som skal lære seg norsk, skaper det ekstra vanskar, meiner ho.
– Det er nok eit større problem for nynorsken, også fordi det ikkje har festa seg ei norm i den målforma. Den store valfridommen, som tvillaust var godt og demokratisk meint, fører til mykje vakling. I bokmålet er problemet noko enklare. Men mange former står berre til pynt i ordboka. Ei strammare norm ville vore betre for begge målformer. Dersom eg fekk gjere éi einaste endring i språket vårt, ville eg sett ned eit strengt utval som skulle stramme inn på formene, gjerne med meg som leiar! Så kan vi sjå kva ord som blir nytta, og kva ord som knapt er i bruk – og skjere vekk det som nesten aldri blir brukt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forsking syner at -mann ikkje er så kjønnsnøytralt og universelt som vi har innbilt oss.
Helene Uri, språkvitar
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.