Varslar om eit arbeidsliv i forfall
Tømrar Ole Thorstensen tok arbeid i Polen for å oppleve polsk arbeidskultur. Han kom heim att endå meir overtydd om at den nordiske modellen er best for arbeidslivet.
Tømrarmeister Ole Thorstensen på arbeid i Polen.
Foto: Pelikanen Forlag
Arbeidskultur
jan.h.landro@gmail.com
– Europa har ein arbeidsmarknad basert på arbeidsinnvandring. Utan arbeidsinnvandrarane ville det norske samfunnet vore i djup krise, seier tømrar og forfattar Ole Thorstensen.
– Under pandemien låg avlingar uhausta, og område blei ikkje sådde eller planta fordi ein såg at ein ikkje ville klare å hauste dei. Og vi har berre sett byrjinga på dette. Ryggrada i den internasjonale arbeidsmarknaden er jo arbeidarar. Eg blir forbanna når det vi driv med, blir så nedvurdert og lite akta.
I boka En snekkers dagbok (2015) skildra tømrarmeisteren frå Eidsvoll arbeidet med å gjere om eit råloft i ein oslobygard til bustad, og han tok eit oppgjer med nedvurderinga av handverkararbeid. Boka er seld til 16 land og har hausta strålande kritikkar i aviser som Wall Street Journal, The Economist og The Spectator. I nyss utkomne Bare en jobb utvidar Thorstensen perspektivet. Boka er basert på eit to månaders arbeidsopphald i Kraków for å setje seg inn i polsk byggjebransje og arbeidskultur. Under låg tanken på det nedsetjande omgrepet «polakkarbeid», som har teke over for det tidlegare «negerarbeid», og har bidrege til at byggjebransjen og andre bransjar med mange arbeidsinnvandrarar har fått eit dårleg rykte her i landet.
I 2004 fanst det under 3000 polske arbeidarar i Noreg, tre–fire år seinare hadde polakkar blitt den største innvandrargruppa. Svært mange av dei fann arbeid på byggjeplassane, og dei fleste var ufaglærte. Thorstensen meiner at bransjen i Oslo-området på kort tid har hatt større trykk av arbeidsinnvandring enn kanskje nokon annan by i Europa.
Teori og praksis
– Meiner du at innvandringa av lågt betalte polske arbeidarar med få rettar har bidrege til at nordmenn nedvurderer handverk og handverkarar?
– Ikkje berre handverkarar, men dei fleste former for lågstatusarbeid. Den utdanna middelklassen kan knapt førestille seg kva som ville skjedd om vi pumpa ein like stor del ufaglært arbeidskraft inn i yrka deira. Ikkje skjøner dei kva dramatiske endringar som har skjedd på få år, ikkje syner dei vilje til å forstå.
Thorstensen ser ikkje på polakkarbeid som den einaste forklaringa.
– I Noreg har vi dei siste tiåra hatt ei kraftig dreiing i retning av teori og akademisk kunnskap i yrkesfaga. Gudmund Hernes var den som sette dette i gang, men han har hatt mange medspelarar. Eg tviler ikkje på at intensjonen var god, men han skjønte ikkje kva krefter han sleppte laus.
Han meiner effekten blei katastrofal.
– Gjennomsnittsakademikar-ens røyndomsforståing på dette området er svært mangelfull. Dei veit neppe at langt over halvparten av yrkesbefolkninga baserer yrkeslivet sitt på låg eller inga utdanning. Byggjebransjen er den største fastlandsnæringa i Noreg, og han har ikkje forsvunne, sjølv om ekspertane meinte at ny teknologi og automatisering ville ta over mange av arbeidsoppgåvene.
Dei lågaste
– I Kraków arbeidde du med polakkar, sleit med å gjere deg forstått og måtte venje deg til eit anna arbeidsliv. Har desse røynslene gitt deg eit nytt bilete på «polakkarbeid»?
– Eg har aldri akseptert omgrepet. Det handlar ikkje berre om arbeid, men like mykje om status og pengar og korleis vi behandlar folk. Om eg ikkje har fått eit nytt syn på omgrepet, har eg fått eit litt anna syn på korleis norske og polske arbeidarar tenkjer og korleis arbeidslivet fungerer.
Her i landet trur vi gjerne at polske arbeidsinnvandrarar er dei lågaste av dei låge. Men i boka fortel Thorstensen at ukrainske arbeidarar byggjer Polen, slik polske arbeidarar byggjer Noreg. Ikkje berre det, den økonomiske skilnaden mellom Ukraina og Polen er langt større enn skilnaden mellom Polen og Noreg.
– Kva ser du som dei viktigaste skilnadene på polsk og norsk arbeidskultur?
– Erfaringsgrunnlaget mitt er spinkelt, men eg vil påstå at arbeidslivet i Polen er mykje meir brutalt enn i Noreg, og at brutaliteten blir sterkare til lenger ned i hierarkiet du kjem. Ei anna side er at produktiviteten er lågare enn i Noreg. Vi ligg på verdstoppen i produktivitet, og status og tryggleik er truleg viktige forklaringar. Eg ser no at den nordiske modellen er mykje viktigare enn eg innsåg før eg drog, seier han.
– Den sterke internasjonaliseringa av arbeidslivet demonstrerer at det er no vi verkeleg har bruk for denne modellen. Han har ikkje vore så viktig på tiår.
I boka spør Ole Thorstensen seg om norske arbeidarar kunne akseptert polske arbeidsvilkår på norske byggjeplassar. Svaret hans er ja, dersom dei måtte. Folk må jo jobbe. Det er berre å stramme til langsamt, fjerne rettar litt etter litt. Her ser han bemanningsbyråa som det første steget på den vegen. Desse kallar han «en forretningsmessig misforståelse» og «rene parasitter».
– Forretningsideen til eit bemanningsbyrå er å selje flest mogleg timar. Kva for motivasjon kan det då liggje i å effektivisere og utvikle faga? Alt der er det dømt til å gå gale. Når dei likevel kan tene pengar, er det fordi dei kuttar ut mange kostnader som alle normale verksemder i Noreg må ta, og som ligg til grunn for heile samfunnsstrukturen vår. Slik kan dei selje arbeidskraft billeg.
Fagspråkfattigdom
Med produktivitetskommisjonens rapport som kjelde peiker Thorstensen på at produktiviteten i store delar av norsk byggjebransje er blitt langt lågare dei siste tiåra. Han synest det har vore overraskande lite fokus på kva årsakene kan vere. Sjølv ser han fagleg tryggleik og stabile arbeidstilhøve som nøklar til eit betre resultat.
– Mange av kreftene som er sleppte laus, dreg i negativ retning. Nye datareiskapar og informasjonsteknologi har rett nok vore bra også for denne bransjen, men då er det endå meir uforståeleg at effektiviteten har sokke så sterkt. Det enorme trykket av ufaglært arbeidskraft som ikkje kan norsk språk, er absolutt ein del av problemet. Alle veit dette, men det skal helst ikkje snakkast om.
Måten å organisere byggjebransjen på er ei anna side av saka, med rommet spekulasjonen har fått, seier han.
– Når det kostar 30.000 kroner per kvadratmeter å byggje ein ny bustad, og sluttprisen kanskje er 70.000–90.000, er det andre faktorar enn byggjekostnadene som driv prisen i vêret. Då er det urimeleg at måten å redusere kostnadene på er å presse ned arbeidsløna og spare ved å tyne arbeidsvilkåra.
Han meiner dette burde oppta politikarar, organisasjonar og verksemder.
– Men folk på den politiske høgresida har vore svært forsiktige med å fremje tankar som kan minne om åtak på dei frie marknadskreftene. Og for venstresida er pengar og arbeidsinnvandring noko ein ikkje skal snakke om. Så blir ingenting gjort. Og pressefolk har korkje innsikt i eller interesse for slike spørsmål.
– I boka skriv du om ein «kollektiv fagspråkfattigdom». Kva ligg i dette, og kva for konsekvensar kan det få?
– Når arbeidsplassane blir organiserte med ein svært stor del arbeidskraft utan kunnskap om norsk språk, må fagspråk forenklast, for at dei ufaglærte skal forstå. Likeins arbeidsoperasjonar og løysingar. Resultatet blir fagspråkleg fattigdom. Og faget blir ikkje betre enn språket du har til faget, den samanhengen er heilt uløyseleg.
Thorstensen seier at det faglege nivået går ned, som igjen fører til fleire feil og manglar og lågare produktivitet.
– Dette utløyser enorme kostnader til vedlikehald, som i utgangspunktet kunne vore unngått ved god planlegging og utføring. I dagens samfunn går nivået på det praktiske ned, det har konsekvensar økonomisk og sosialt for oss alle. I tillegg har dette eit moralsk aspekt: Kan vi ikkje vaske etter oss, byggje våre eigne hus og så og hauste grøda, er vi folk som ikkje tek ansvar for eigne liv.
– Kva er det viktigaste du tek med deg frå opphaldet i Kraków?
– Ei endå sterkare overtyding om at vi må leggje best mogleg til rette for at arbeid skal vere ei god sosial øving, der folk kjenner seg vel. Folk må kunne trivast og ha det godt i livet, og då må arbeidet òg vere slik. Dette er ein føresetnad for at samfunnet blir effektivt, bra å bu i og økonomisk berekraftig.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg blir forbanna når det vi driv med, blir så lite akta.
Ole Thorstensen, tømrar og forfattar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?