Vil utfordre det sjølvsagde
Maria Dorothea Schrattenholz vil stille spørsmål om verda og menneska i verda. Derfor skriv ho science fiction-dikt, og til no har resultata vore framifrå.
Maria Dorothea Schrattenholz fekk Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 kroner førre veke.
Foto: Baard Henriksen
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
Ho debuterte i 2015 med diktsamlinga Atlaspunkt, som var i finaleheatet til Vesaas-prisen. I fjor kom neste samling, Protosjel, som under Litteraturfestivalen på Lillehammer i førre veke blei lønt med Bokhandelens forfattarstipend på 200.000 ikkje skattefrie kroner, til ein forfattar i etableringsfasen.
– Kanskje kan eg med skrivinga mi utfordre det sjølvsagde og attkjennande, leggje fram umoglege røynsler. Ingen veit korleis det er å vere eit medvit utan kropp. Så får dei som les Protosjel, vurdere om den tilstanden eg skildrar, er positiv eller negativ. Eg vil ikkje gi svar, berre halde ting fram, tenkje litt om eksistensen.
42-åringen er oppvaksen i Bergen, har farta ein del ikring i inn- og utland, men bur no i Oslo. Omsetjingsarbeidet ho livnærer seg av til dagleg, går frå engelsk til norsk, som teksting av film og TV. Ho utdanna seg først til fotograf og biletkunstnar – med ein bachelorgrad i samtidskunst frå Kunstakademiet i Tromsø – men så kom skrivelysta, og i 2012 fekk ho inn ein tekst i debutantantologien Signaler.
– Då følte eg at skriving var noko eg kunne jobbe med for alvor. Spranget var ikkje så stort, begge delar handlar om uttrykk, måtar å sjå verda på, å skape noko nytt. Skrivinga kjendest rett.
Sidan har det blitt fleire skrivekurs på Schrattenholz. Etter to års forfattarstudium i Tromsø følgde ho opp med eitt år påbygging ved Skrivekunstakademiet i Bergen, før ho tok ein master i Creative Writing ved Universitetet i Cape Town i Sør-Afrika. Dit drog ho for å få nye impulsar, møte andre menneske og sjå andre landskap. Mars-landskapet ho skildrar i Atlaspunkt, er sterkt påverka av fjellandskapet utanfor Cape Town.
– Kva var det som gjorde deg til poet?
– Eg liker det fragmentariske ved poesien og høvet til språkleg fleksibilitet. Eg trur ikkje Protosjel hadde fungert som prosa, sjølv om boka har ei forteljing.
– Har du gitt opp biletkunsten?
– Ikkje heilt. Eg kjenner at eg saknar å halde på med foto, så det vil eg ta opp att. Så ser eg svært mykje film, og i skrivinga er eg inspirert av det visuelle på fleire måtar. Det er framleis viktig for meg. Men skrivinga har fått så stor plass i livet mitt at det legg eg ikkje på hylla.
Sjela
– Kva betyr det for deg å få eit slikt stort stipend så tidleg i karrieren?
– Stipendet gjer det lettare å arbeide vidare med den tredje boka, elles går jo mykje tid med til å livnære seg. Så syner det at det løner seg å gjennomføre det ein har tru på. Dette er ei anerkjenning av skrivearbeidet, og det var utruleg fint å bli lesen og forstått, slik juryen har gjort.
Ho fortel at stipendet gir henne meir skrivetid. Ho vonar å skaffe seg ein residency, der ho kan skrive uforstyrra og berre konsentrere seg om skrivinga. Ho arbeider seg inn i stoffet trinnvis og gjer mykje research, noko som krev ei ro og ein konsentrasjon det kan vere utfordrande å finne midt oppi heilt kvardagslege oppgåver.
Begge diktsamlingane hennar er såkalla langdikt med eit klart science fiction-preg. Dei hentar mykje frå teknologi og naturvitskap. Atlaspunkt byrjar som ei skapingshistorie, fortel så korleis menneska flyktar til Mars etter å ha øydelagt jorda, og at dei då lengten blir for stor, vender tilbake til jorda – som slett ikkje vil ha øydeleggjarane attende.
Protosjel skildrar eit krefttilfelle i siste fase og korleis kjærasten til den døyande ikkje vil akseptere døden og skaper ei maskin som kan trekkje sjela hans ut av kroppen. Men dette gjer ho av egoistiske grunnar, fordi ho ikkje taklar tapet, og fordi ho vil overvinne naturen ved hjelp av teknologi, spør ho ikkje eingong kjærasten om han vil bergast.
– Sjela har vore ein sjeldan gjest i norsk skjønnlitteratur dei siste tiåra. Kva var det som fekk deg til å hente henne fram igjen?
– Eg var klar over at ordet «sjel» er noko belasta. Men eg tenkte at eg kunne fylle det med mi eiga meining, gjere det til mitt, ei protosjel. Eg vurderte å nytte andre ord, det representerer jo medvitet, men også noko meir. Den menneskelege essensen på eit vis. Det enda med at eg nytta «sjel», men at eg definerte ordet om og opna for ei anna tyding av det, reiv det laus frå det belastande. Også omgrepet «ånd» blei vurdert, men det passa ikkje.
Forfattaren vedgår at det ligg noko sjølvbiografisk bak historia i Protosjel.
– Eg har opplevd å bli svært sjuk, så boka handlar også om å setje ord på eller språkleggjere smerte. Og det er nesten uråd, sjølv om vi alle har røynt kva smerte er. Noko av det verste ved smerta er jo at opplevinga knapt lèt seg formidle. Smerta er usynleg og øydelegg det menneskelege.
Framandgjerande
– Kva er det som gjer det naturleg for deg å velje science fiction-sjangeren?
– Eg har alltid vore interessert i science fiction, både film og litteratur. Denne sjangeren gir høve til å sjå det sjølvsagde med eit framandgjerande blikk. Spørje kva det er vi ser som sjølvsagt, korleis og kvifor. Du kan sjå føre deg moglege scenario i framtida. Det er tale om å nytte ein naturvitskapleg optikk som gir tilgang til verda i større breidd enn det sanseapparatet vårt kan by oss. Sidan teknologi og science fiction til vanleg ikkje blir knytt til poetiske kvalitetar, får ein ei dobbel framandgjering i science fiction-lyrikken – den språklege og den innhaldsmessige. Det kan vere ein svært potent måte å sjå verda på.
Ho seier at science fiction handlar mykje om å sjå samtida tydelegare ved hjelp av denne distanserande linsa.
– Nye element blir introduserte og gjorde plausible i det fiktive universet. Dette opnar tankerom realismen ikkje nødvendigvis gir tilgang til. Bøkene kan romme mykje meir – større tema, fleire tema. Det flotte er at ein kan utforske fleire ting i same boka, ein kan seie mykje om ei universell røynsle.
Som forfattarar og bøker ho har funne inspirasjon hos, nemner Schrattenholz Harry Martinson-klassikaren Aniara, Ida Börjels langdikt Ma («eit fantastisk diktverk som rommar alt!»), danske Olga Ravn og norske Torild Wardenær.
– Naturvitskapen pregar også skrivemåten din, i skildringar og metaforbruk?
– Ja, naturvitskapen har eit stort metaforisk potensial i seg sjølv. For meg er det spennande å grave fram fakta om verda, som inneheld slike språklege moglegheiter. I Protosjel skriv eg at jorda ikkje snurrar like fort kvar dag. Det er eit faktum, men utsegna har også ei poetisk kraft i seg.
Økopoesi?
Diktinga til Schrattenholz opnar enorme perspektiv i tid og rom. I løpet av fem ord – «seter, armer og et solsystem» – kan ho flytte seg frå det heilt nære til det galaktiske.
– Det er dette science fiction-sjangeren og langdiktforma ligg så godt til rette for, å opne rommet for store tankar og kjensler samstundes. Mennesket har svært avgrensa sanseapparat og kognitive evner, då tykkjer eg det er fint å tøye dei grensene litt. For vi kan romme store tankar, og å setje det abstrakte opp mot det heilt nære, substansielle og konkrete er det som er spennande.
– Somme les Atlaspunkt som økopoesi. Gjer du det?
– Ja, det er ein måte å lese boka på. Sjølv var eg interessert i forholdet mellom menneske og natur då eg skreiv boka. Ønsket om å forstå sitt eige opphav og korleis vi nærmar oss røynda. At vi vil ta kontroll over naturen, grave oss ned og finne svar, koste kva det koste vil.
Denne poeten avgjer ikkje på førehand kva ho skal skrive om, eller kva form det skal få. Utgangspunktet er kva som opptek henne når skrivinga tek til, kva for røynsler ho ønskjer å jobbe med, kva dei betyr for henne, og kva det djupast sett handlar om. Deretter er det berre å «gønne på», som ho seier, gå inn i den nødvendige kjeldegranskinga og sjå kva det blir til.
Naturvitskapen er ho ikkje ferdig med. Maria Dorothea Schrattenholz fortel at i det som skal bli den tredje boka hennar, vil DNA og genetikk vere eit sentralt tema.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg liker det fragmentariske ved poesien og høvet til språkleg fleksibilitet.
Maria Dorothea Schrattenholz, forfattar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen