JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Då lovgivarane blei tvinga i kne

Etter at Stortinget vedtok dei såkalla tukthuslovene i 1927, blei reaksjonane så sterke at vi fekk det Hans Petter Graver i den nye boka si kallar eit av noregshistorias klaraste døme på at forholda låg til rette for sivil ulydnad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hans Petter Graver har skrive boka om tukthuslovene.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

12901
20240802
12901
20240802

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Jussprofessor Graver har skrive boka Tukthuslovene som del av eit forskingsprosjekt om forholdet mellom domstolane og dei andre styresmaktene, især i situasjonar der samfunnet går i meir autoritær retning. I eit slikt prosjekt passa historia om tukthuslovene perfekt inn. Desse lovene råka arbeidarklassen einsidig på tre måtar. Nye reglar i arbeidstvistlova utvida og skjerpte straffeansvaret for dei som deltok i eller oppmoda til ulovlege streikar, og gjorde fagforeiningane økonomisk ansvarlege for tap arbeidsgivaren leid ved slike aksjonar.

Eit nytt kapittel i same lova, om tvungen skilsdom («voldgift») i interessekonfliktar, tok frå arbeidarane retten til å nytte streik for å fremje lønskrava sine. Og ei tilføying i straffelova paragraf 222 kriminaliserte på det næraste alle tiltak for å hindre streikebrytarar. Det blei forbode å offentleggjere namn på streikebrytarar, setje opp streikevakt og freiste påverke streikebrytarar – i lova kalla «arbeidsvillige» – til å leggje ned arbeidet.

1. mai-toget i Oslo i 1927 ville trampe ned tukthuslovene. Frå Arbeiderbevegelsens arkiv.

Foto: Hermann Christian Neupert (1875–1941)

Vedtaket førte til bruk av rettsapparatet mot arbeidarane i arbeidskonfliktar i langt større omfang enn tidlegare.

Bakgrunnen for lovendringane forklarer Hans Petter Graver slik:

– Etter den russiske revolusjonen følgde ei radikalisering både på venstresida og på borgarleg side i Noreg. Dei meir radikale delane av begge fløyene kjempa om posisjon. Så var vel dette eit uttrykk for at den radikale delen av dei borgarlege fekk gjennomslag på slutten av 1920-talet.

– Korleis kunne Ivar Lykkes mindretalsregjering av Høgre og Frisinna Venstre få fleirtal for så radikale lovendringar? Var det faktisk slik at venstreleiaren Johan Ludwig Mowinckel i eit anfall av rein irritasjon gav støtte til noko han og partiet hans hadde vore imot?

– Ja, det ser slik ut. Og så har du Bondepartiet. Delar av dette partiet høyrde til den radikale konservative fløya, og i samband med dei store konfliktane i skogindustrien på Austlandet såg dei vel på dette vedtaket som ganske greitt. At den sivile ulydnadsaksjonen som følgde, fekk så stort gjennomslag, heng truleg saman med både innhaldet i lovene og at dei i Venstre skamma seg over prosessen.

Einsidige lover

– Var det dei spesielle tilhøva politisk og sosialt på 1920-talet som opna for tukthuslovene, eller berre det faktum at arbeidarrørsla blei stadig sterkare?

– Ein kombinasjon, vil eg tru. Forholda var tilspissa, ikkje berre politisk, men også på arbeidsplassane i samband med arbeidskonfliktar. Det førekom valdsbruk mot streikebrytarar og episodar med samanstøytar. Så det fanst absolutt grunn for samfunnet til å prøve å regulere dette betre. Det hadde bygd seg opp eit klima som både kommunistane og dei meir nasjonalistiske, i retning av fascistiske, delane av den borgarlege sida kanskje også spelte opp til.

– Som jurist, korleis vil du karakterisere tukthuslovene?

– Lovene var svært einsidige, eit eksempel på at lovgivaren tok veldig klart parti for den eine klassen i den sosiale konflikten. Når arbeidarane blei nekta å agere kollektivt for sine interesser, var dei heilt utleverte til arbeidsgivarane og deira skjøn med omsyn til arbeidsvilkår og løn. Dette var særleg alvorleg i ei tid med massearbeidsløyse, då folk stod i kø for å få ein jobb, om betalinga var aldri så låg.

– Det fanst heller ikkje noko sosialt tryggingsnett med sosialhjelp eller trygd, berre ei rudimentær fattigforsorg i form av suppekøar og naudhjelp. Arbeidarane kunne ikkje organisere seg og ikkje bruke fagforeiningane. Arbeidarrørsla oppfatta dette som eit steg mot fascismen.

På spørsmål om dei som vedtok tukthuslovene, kan ha sett konsekvensane fullt ut, svarar Graver ja. Men det Venstre kanskje ikkje såg, var effekten av at dette blei kombinert med partiets eige program om tvungen lønsnemnd eller tvungen skilsdom. For det gav regjeringa nærast fritt spelerom til å definere alle aksjonar som ulovlege. Dette avgrensa ikkje berre organisasjonsfridommen og retten til å kjempe for arbeidsvilkåra, men også ytringsfridommen. Alle former for støtte til streikande, både verbalt og på anna vis, var straffbare. I 1928 blei avisredaktørar som tok inn innlegg til støtte for bygningsarbeidarstreiken, dømde til fengselsstraff.

– For hundre år sidan var ikkje ytringsfridom det same som i dag, men alt då må dette ha vore eit veldig tilbakeslag?

– Grensene var snevrare då, men dette var likevel eit stort tilbakeslag. Det var kombinasjonen av at skilsdomslova kom, saman med endringa i straffelova som fekk denne enorme verknaden.

Beinhard interessekamp

– Tillegget til straffelova paragraf 222, korleis kunne noko som lenge hadde vore lovleg, så å seie over natta bli ulovleg, og i verste fall straffast med tukthus?

– Stortinget kan jo ved eit lovvedtak endre retten fundamentalt. Det var prinsippet om «arbeidets fridom» dei synte til, at ingen skulle kunne hindre andre i å ta arbeid – heller ikkje under ein konflikt. Det hole i dette var at vedtaket berre gjaldt under konflikt, og at arbeidsgivarane dreiv med svartelisting av folk og nekta dei arbeid.

– Korleis kunne ei lov som braut både med rettvise og folks rettsmedvit, bli ståande i åtte år?

– Ho blei rett nok ståande i lovboka, men av domstolane blei ho tolka bort og etter få år eit sovande vedtak. Politikk og lovgiving er også interessekamp, og på dette tidspunktet var interessekampen beinhard. Arbeidsgivarsida og dei borgarlege ville forfølgje sine interesser ved å slå tilbake ei stadig sterkare arbeidarrørsle, gjerne ved å nytte statens maktapparat. Politiet var tolerante overfor samfunnsvernet på borgarleg side og kjempa tilsvarande intolerant mot arbeidarane sin måte å organisere seg på.

Graver fortel at då tukthuslovene blei vedtekne i 1927, låg det som ein føresetnad at dei berre skulle nyttast i konfliktar som kunne truge vesentlege samfunnsinteresser. Våren 1928 gjekk bygningsarbeidarane til streik, ein konflikt heilt utan større samfunnsmessig innverknad. Likevel nekta Mowinckel-regjeringa dei streikande og familiane deira fattighjelp, sjukeforsikring og rettkommen feriegodtgjersle – samstundes som det var straffbart for fagforeininga deira og alle andre å yte streikebidrag og anna støtte.

– Kva fortel det om tida og regjeringa?

– Her skulle lova gjennomførast med dei middel ein hadde. Så var det Venstres politikk at arbeidskonfliktar burde løysast ved skilsdom, ikkje ved kamp. Difor tolka dei avgjerda om vesentlege samfunnsinteresser svært vidt. Denne konflikten var ikkje noko trugsmål mot samfunnet, men regjeringa var redd for smitteeffekten. Hundrevis av menneske blei dømde i retten. Dels var dette ein freistnad på å gjennomføre den politikken Venstre hadde, dels gjekk det prestisje i saka då arbeidarrørsla og andre nekta å bøye seg.

– Men verkemidla var jo heilt urimelege?

– Det var ein kamp om autoriteten til statsmakta og legitimiteten i lovgivinga. Arbeidarrørsla hadde møtt lovvedtaket med å erklære det for illegitimt og noko dei ikkje ville respektere. Det var vel i lys av det Mowinckel ville tvinge dei i kne. Men verkemidla var veldig brutale.

Motstanden

Her møtte regjeringa ein motstand ho ikkje var budd på. I boka skildrar Graver korleis tusenvis av menneske – også stortingsrepresentantar, leiande juristar, kunstnarar, pressefolk og andre – gjennom kronerulling trassa lovforbodet mot å støtte dei streikande økonomisk. Konflikten vart løyst i arbeidsretten, men ikkje slik Mowinckel hadde sett føre seg.

– Arbeidsretten og leiaren Paal Berg dømde ikkje slik det var venta, men fekk i stand eit forlik mellom partane som også arbeidsgivarforeininga gjekk med på. Kanskje såg arbeidsgivarane at den store mobiliseringa kunne bli eit trugsmål mot deira interesser. Då dei godtok dette heilt uvanlege forliket, som i røynda gav ei forhandlingsløysing og ikkje ei skilsdomsløysing, hadde ein ført konflikten tilbake til partane og ut av skilsdomssystemet. Med det var lova i praksis lagd død.

– Kor eineståande var det som skjedde i arbeidsretten?

– Heilt eineståande, det fanst ingen presedens for noko slikt. Det betydde at Berg og arbeidsretten med sin autoritet slo ein strek over heile skilsdomslova. Det dei skulle gjere, etter systemet, var å stadfeste at aksjonen var ulovleg.

– Så ser vi at domstolane ikkje synte særleg lojalitet til å følgje opp Stortingets intensjon med tilføyinga i straffelova paragraf 222. Kor uvanleg var det i norsk rettshistorie?

– Ganske uvanleg. Generelt er dommarar ofte nokså tru mot lovgivarens ord. I tillegg kjem at vi i vår norske tradisjon også legg stor vekt på den intensjonen som lovgivaren har gitt uttrykk for i førearbeida. Og her var dei heilt tydelege. Lovgivaren ønskte å slå ned på alle organiserte tiltak som tok sikte på å hindre streikebrytarar i å ta jobb eller utføre jobben sin – anten det var tale om tvang, trugsmål eller mindre klanderverdige måtar.

– Demonstrasjonane som fann stad mot streikebrytarar, især i skogbruket på Austlandet, var langt over grensa for det Stortinget ønskte å forby. Men der sa domstolane, med støtte i ein dom frå Høgsterett, at så lenge det ikkje blei brukt vald eller gitt konkrete trugsmål, var dette ikkje straffbart.

Eit vendepunkt

– Du skriv at historia om tukthuslovene er eit av noregshistorias klaraste døme på at forholda låg til rette for sivil ulydnad?

– Eg følgjer John Rawls, ein av dei store innafor internasjonal politisk filosofi. Hans forståing av grunnlaget for sivil ulydnad er ein situasjon der elles rettvise og legitime institusjonar produserer eit resultat som er grunnleggjande i strid med dei rettferdsprinsippa han stiller opp – likebehandling og like sjansar for alle. I ein slik situasjon, seier han, kan ein forsvare å bryte lova. At folk går til sivil ulydnad, meiner han vil kunne styrkje institusjonane i samfunnet. For same kor godt vi utviklar demokratiet, vil det aldri vere perfekt, og det vil alltid finnast situasjonar der ein kan få vedtak som er urimelege.

– Etter mitt syn passar situasjonen med tukthuslovene godt inn i dette biletet. Vi hadde eit demokrati på det tidspunktet, med allmenn røysterett og eit fungerande partisystem som dei fleste såg på som legitimt. Men så produserte det desse lovene, som ein lett kan sjå både braut med likskap for lova og tok frå arbeidarane høvet til å kjempe for eigne interesser. Dette mobiliserte folk til massiv ulydnad mot lova og førte til at fleirtalet la band på seg.

Graver ser bygningsarbeidarkonflikten som eit vendepunkt i utviklinga frå klassekamp til klassesamarbeid. Avgjerda i arbeidsretten, saman med reaksjonen på andre store streikar og konfliktar, især desse i skogindustrien, men også dei som kulminerte med Menstad-slaget i 1931, meiner han utløyste samarbeidslinja med den historiske Hovudavtalen i 1935.

– I røynda var legitimiteten til rettsapparatet truga, fordi både kommunistane og store delar av Arbeidarpartiet såg på domstolane som klassedomstolar. Dersom ein stor del av befolkninga mister tilliten til både lovgivaren og rettsapparatet, kan ein lett tenkje seg ei eskalerande utvikling, der demokratiet blir brote ned. Dommane i desse arbeidskonfliktsakene var viktige idet dei synte arbeidarrørsla at rettsapparatet ikkje var eit eintydig klasseinstrument, men kunne fungere som truverdig oppmann i konfliktane mellom arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Ved å styrkje legitimiteten til institusjonane styrkte dei også viljen til å arbeide innafor rammene av institusjonane og vidareutvikle samfunnet med utgangspunkt i det.

Grunn til bekymring

I boka fører forfattaren perspektivet fram til våre dagar, og ser med kritisk blikk på korleis dei norske styresmaktene og domstolane handterte pandemien. Han meiner det var heilt klart naudsynt med omfattande vernetiltak i samfunnet. Derimot er han ikkje like sikker på kor naudsynt det var å nytte forskrifter med trugsmål om straff.

– Eg trur folk hadde oppført seg forsvarleg utan det. Dei fleste følgjer jo råda og tilrådingane til styresmaktene. Truleg kunne ein ha nøgd seg med slike, om dei hadde vore tydelegare og klarare, i staden for forskrifter som blei endra heile tida.

– Så meiner eg òg at vi i for stor grad kopla ut dei demokratiske forsvarsmekanismane vi har, med offentleg innsyn, høve for partane til å komme med innspel, behandling i Stortinget og domstolskontroll eller andre former for rettstryggleikskontroll i tilfelle inngripande tiltak mot enkeltindivid. Det som gir grunn til bekymring, er at den måten vi organiserte dette på under pandemien, lett vil kunne danne mønster for korleis vi organiserer oss i kommande unntakssituasjonar, som kan vere mykje meir politiske og då er mykje meir splittande enn pandemien var.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis