Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Debuterer med betente spørsmål

Unn Conradi Andersen har lang røynsle som journalist og som forskar. Men ho kjende at ho hadde ein rest av eit anna språk som tvinga seg fram. Resultatet blei romanen Alt uavklart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg ville skrive fram ein karakter 
som det finst få av i norsk 
skjønnlitteratur, 
seier Unn Conradi Andersen.

– Eg ville skrive fram ein karakter som det finst få av i norsk skjønnlitteratur, seier Unn Conradi Andersen.

Foto: Agnete Brun / Oktober

5628
20170915
5628
20170915

janh@landro.bergen.no

Det som kanskje vil overraske lesarane hennar frå Dagbladet, er at boka er skriven på nynorsk. Forklaringa er så enkel som at det er «morsmålet» til 45-åringen frå Ulsteinvik. Men slik tale fanst det ikkje rom for i hovudstadstabloidane.

– Eg var berre 20 år då eg byrja i VG, og deretter Dagbladet, og lydig for krava tabloidjournalistikken stilte. Avisa hadde ei streng språknorm, og godtok ingen avvik.

Ho vart nekta å gi att eit intervju med lyrikaren Marie Takvam på nynorsk, og då Hødd vann cupfinalen og ho kommenterte dette – på nynorsk – i ei personleg spalte, blei artikkelen hennar omsett til bokmål. Sjølv nekta ho å gjere det.

– Eg har, til liks med hovudpersonen min, langt på veg godteke å få eit anna språk pressa ned over meg. Eg har måtta tilpassa meg. Slik var det òg då eg blei forskar, men der var det tale om eit meir disiplinert språk enn eg var van med. Mellom tabloidspråket og forskarspråket oppstod etter kvart ein lekkasje, der min eigen nynorsk tvinga seg fram. I boka skriv eg om ei som manglar eit språk for eigne røynsler; med Alt uavklart har eg teke tilbake språket mitt.

Torunn, hovudpersonen i debutromanen, er sunnmøring og jobbar som journalist i ein hovudstadstabloid. Etter at Landssvikarkivet er blitt opna, vil ho skrive ein større featureartikkel om «forholda rundt kva som hende under krigen», med utgangspunkt i at bestefar hennar var NS-medlem og blei straffa for det. Far hennar, som er alvorleg sjuk, har aldri vilja snakke om dette, og for Torunn blir heile situasjonen eit veksande dilemma.

– Torunn er vel journalisten som møter seg sjølv i døra?

– Absolutt. No må ho bruke same metode på seg sjølv som ho før har nytta på andre, inn i den same logikken med vinkling og laussalstenking.

Journalistspråket

– I boka er du kritisk til den tabloide kjendisjournalistikken du sjølv var ein del av. Var det dette som gjorde at du gav opp journalistikken?

– Langt på veg. Eg tok til å studere sosiologi ved sidan av journalistikken, og innsåg at det blei uråd å kombinere kritisk tenking med tabloidjournalistikk. Eg byrja stille spørsmål ved journalistspråket, måten Torunn nyttar for å hente ut andre sine livshistorier, forenklinga, tabloidiseringa, den einsidige vinklinga, freistnadene på å overskride grensene til den du intervjuar. Og så skal det jo gå så fort.

Alt uavklart er ein roman som handlar om mykje meir enn journalistikk. Han inneheld fleire tema og kryssande konfliktlinjer, som personleg identitet, seksuell identitet og svik på fleire plan. Språket og korleis språklege kategoriseringar kan binde oss, er noko som opptek forfattaren og har ei sentral rolle i boka.

– Det ligg i tittelen at Torunn er ein person som vegrar seg for språklege kategoriar og ser dei som hinder for forståing av menneske. Slike vil alltid fortrengje andre aspekt og ikkje gi det større biletet, som eg med boka prøver å opne opp for. Dette er ein parallell til omgrepet NS-barn, ein kategori som er svært reduserande og legg mykje i skuggen.

– Ei setning heilt mot slutten av boka ser ut til å vere sentral for eit anna tema: «det er ikkje så stor skilnad mellom ein han og ei ho»?

– Boka har ikkje nokon bodskap, men mange spørsmål som eg vil at lesarane skal reflektere over. Og dette er eit av dei: Er skilnaden så stor? I forskinga mi har eg vore oppteken av kjønn og seksualitet. Som sosiolog ser ein etter mønster og samanhengar, men i ei skjønnlitterær verd kan du gå lengre inn i eitt menneskes erfaringshorisont.

Torunn er svært kompleks. Namnet hennar – Tor + Unn – syner at ho har både såkalla maskuline og feminine eigenskapar, kanskje 50/50 av kvar. Ho kan vere aggressiv, men også empatisk og omsorgsfull. Eg ville skrive fram ein karakter som det finst få av i norsk skjønnlitteratur.

Forfattaren veit inderleg vel at desse spørsmåla er betente for alle som har sterke meiningar om kjønn.

– Dette kunne eg berre ha skrive i romanform, aldri i ei avisspalte. Som journalist var eg oppteken av å ikkje skrive noko som verka for framandarta. Men litterært kan ein behandle slike grenseerfaringar. Der kan eg på ein langt annan måte få med meg lesarane på at skilnaden mellom menn og kvinner ikkje er så stor, noko eg jo ikkje kan dokumentere vitskapleg.

Å finne ein veg

Unn Conradi Andersen føler at mykje av energien i teksten kjem av at boka tek opp spørsmål som er viktige i hennar eige liv. At ho har nytta eigne røynsler, kjensler og opplevingar, legg ho ikkje skjul på. Men mykje er det ho kallar «konstruksjon», og det finst fleire enn éin person i boka ho i noka grad kan identifisere seg med.

– Kjenslene mine ligg i alle karakterane.

– Kan vi sjå det meste som skjer i og kring Torunn som avspaltingar av ei større livskrise?

– Absolutt. Torunn er eit menneske som startar med alle privilegium: kjærast, leilegheit, ein jobb mange kan misunne henne. Så blir det skrudd til kring henne. Ho må sjå på sine eigne privilegium, og kjem til ei erkjenning. Då eg las boka, tykte eg synd i henne. Men ho finn på ein måte sin veg tilbake.

– «Sin veg tilbake»! Eg har sjeldan lese ein roman med ein meir treffande tittel. «Alt uavklart» gjeld frå første til siste side?

– Stryk «tilbake». Ho er på veg, det kan eg kjenne att i mitt eige liv. Å finne ein veg, og halde alt ope på denne vegen, kan vere smertefullt, men også givande.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dette kunne eg berre

ha skrive i romanform,

aldri i ei avisspalte

Unn Conradi Andersen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis