Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Dei varige verdiane etter Sovjetunionen

– Russland er ikkje eit diabolsk land, slår Kjartan Fløgstad fast, idet han byr på ei diger praktbok om austeuropeisk arkitektur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjartan Fløgstad ved foten av det brutalistiske Russian State Scientific Center of Robotics and Technical Cybernetics i St Petersburg.

Foto: KoMiKor

13462
20170505
13462
20170505

Litteratur

ottar@dagogtid.no

Det er førti år sidan Kjartan Fløgstad vitja Sovjetunionen første gongen, og sidan har han vore der mellom tjue og tretti gonger.

For mange år sidan kom han inn på arkitektlina på NTH i Trondheim, men han vart fort lei og kasta både linjalen og teiknemaskina i femte veggen. I staden har han skrive meir enn førti bøker, og no gjev han ut Trans-Sovjet Ekspress med undertittelen Luftslott og revolusjonære ruinar. Der handlar det om litt av det som står att etter det korte hundreåret med sovjetrealisme, men boka er samstundes ei personleg historie frå dei siste fem tiåra. I boka dukkar også Hertingen opp, og Fløgstad formidlar kva romanfiguren frå Fyr og flamme ville ha meint om både eitt og hitt i den sovjetiske arkitekturhistoria.

PYRAMIDEN

Under den kalde krigen, frå 1980 til 1985, budde Fløgstad i Bjørnevatn ved Kirkenes – med kort veg til russargrensa. Han vart kjend med mange i Sør-Varanger, blant andre dei som sidan har drive Barentssekretariatet, og kunstnargruppa Pikene på broen. Dei opna dører på russisk side av grensa.

For ti år sidan gav Fløgstad ut bok om den sovjetiske gruvebyen Pyramiden på Svalbard. Der fann han eit reindyrka uttrykk for den sosialistiske modellbygginga på norsk område. I Pyramiden fanst det hovudgate med kulturpalass, bra bustadblokker, gartneri, sjukehus, kino og byste av Lenin med meir. I dag slår Fløgstad fast at den sovjetiske modellbyen var meir stilrein enn Longyearbyen.

Boka om Pyramiden vart sett om til russisk, og ho vart ein døropnar for Fløgstad i Russland. Han vart invitert både til Moskva, Murmansk og den berykta Gulag-byen Norilsk. Etter kvart fatta han interesse for å trengja djupare ned i den sovjetiske arkitekturen, og han utvida perspektivet til også å gjelda dei sovjetiske satellittstatane.

PÅ ANDRE KLASSE

I nyare tid har Fløgstad vore tilbake i Russland fleire gonger.

– På reisene mine har eg ikkje merka restriksjonar, og eg har snakka politikk med folk som har svært ulik oppfatning av president Vladimir Putin. Eg har møtt dei som meiner at han er ein villmann, medan andre meiner at han er den beste. Eller minst dårlege.

– Korleis har du merka utviklinga på desse førti åra, frå du kom dit første gongen i 1977?

– Materielt sett var 1990-talet forferdeleg for dei fleste. Nokre vart styrtrike og la grunnlag for det som pregar økonomien i dag. Det var snakk om det største ranet i verdshistoria. Dei statlege eigedommane i eit stort land vart fordelte på nokre få hender. Det prega livet på den tida, men ein kan vel seia at Sovjetunionen ikkje gjekk under på 1. klasse eller 3. eller 4. klasse, men på 2. klasse – med ein levestandard som var toleleg bra for mange. Men den ideologiske kontrollen hadde byrja å gleppa, og livet var ikkje så uuthaldeleg, i alle fall ikkje for arkitektane. I Sovjetunionen slo postmodernismen gjennom særleg på 80-talet, og mange arkitektar fekk laga uhyre fantasifulle og dristige byggverk utan den ideologiske kontrollen.

FORTRENGD HISTORIE

På reisene austover dei siste åra har Fløgstad møtt mange unge kunsthistorikarar og arkitektar både i Baltikum og Russland.

– Det var ei gledeleg overrasking. Det var forunderleg å oppdaga kor avideologisert og estetisert arven etter Sovjetunionen har vorte. Dei unge såg på bygningane som stod att om lag som dei spanske conquistadorane såg på det som stod att etter aztekarimperiet i Mexico. Det var imponerande og flott, men tømt for sitt opphavlege innhald. Eg hadde trudd at arven frå den kalde krigen var sterkare, og at han gjorde det vanskeleg å sjå verdien av det som stod att. Men dei eg møtte, er neppe representative for alle. Dei er nok ein avantgarde som har byrja å sjå på arven etter Sovjetunionen som ein arv etter modernismen. Det merkelegaste opplevde eg då ein ung arkitekturhistorikar tok meg med til Gorkij, på bygda utanfor Moskva. Der vart det i 1987 opna eit storslege Leninmausoleum som stod ferdig kort tid før Sovjetunionen rakna. Full av entusiasme, men utan glød for verken sosialisme eller kommunisme, synte den unge arkitekturhistorikaren fram mausoleet som eit estetisk objekt.

– Det burde vore eit naturleg reisemål for norske turistar?

– Ja, eg trur at norske turistar kan modernisera programmet sitt når dei dreg til Russland. Blant dei russiske byane er det Moskva som har den rikaste modernismen, og det er interessant å sjå bygningane frå 1920 og fram til 1991. Er ein ung og sprek, kan ein gjennomføra den same rundturen som eg tok til fots, og sjå heile den klassiske modernistiske arven.

– Har den russiske arkitekturen vorte nedvurdert?

– Ja, og det heng nok saman med Sovjetunionens samanbrot. Det er så mange andre sider ved det sovjetiske eksperimentet som står att, både på vondt og godt. Men no har unge historikarar, kunsthistorikarar og arkitektar byrja å gjenoppdaga arven. Det undra meg, og at det same skjer i Baltikum, undra meg endå meir. For der er politikken sterkt vestleg og antirussisk.

– Er dei medvitslause når dei berre ser estetikken, og ikkje den brutale historia som ligg bak?

– Dei har i alle fall fortrengt den historia grundig, og dei ser på bygningane og monumenta som reine estetiske uttrykk, som god og dårleg arkitektur. Opp gjennom tidene har kunst vorte laga av dei merkelegaste folk med dei merkelegaste føresetnader – frå munkar til forbrytarar til forsikringsdirektørar. Men for å setja pris på bluesmusikken i USA treng ein ikkje ta avstand frå apartheidpolitikken eller rasediskrimineringa heile tida.

BRUTALISMEN

Somme vil hevda at brutalismen kjenneteiknar sovjetisk arkitektur frå det førre hundreåret, og i St. Petersburg fann Fløgstad fram til bygningar i denne stilen. Med på rundturen hadde han Stas Knop, som er både ekspert på og tilhengar av brutalismen.

– Eigentleg betyr «brutalisme» råbetong med merke etter forskalinga i betongen. Mange i Vesten var glade i denne forma, og her i landet var vel Erling Viksjø den fremste av dei.

– Kva synest du om dei svære råbetongbygga?

– I boka er eg fotografert framfor Russian State Scientific Center of Robotics and Technical Cybernetics, som er eit hovudverk innan brutalismen. Bygget er utforma som ei rakett i betong. Inne i bygget driv dei med avansert realvitskap. Form og innhald står godt til einannan.

– Har du sansen for dei store sovjetiske kulturpalassa?

– Både i Warszawa og Riga har dei reist kopiar av eit av Stalin-palassa i dei såkalla Sju søstrer i Moskva. Det er som om Dracula har kome opp frå Transilvania og teke med seg byggjestilen til desse hovudstadane. Men når byggverka først står der, er dei ei sterk påminning om den perioden i den sovjetiske historia. Kulturpalasset i Moskva er bygd av slavearbeidarar og tyske krigsfangar. For nokre år sidan var eg innom Kulturpalasset i Warszawa. Folk brukar huset, og det har byrja å mista det tunge, ideologiske preget som låg over det tidlegare.

– Hotel Ukraina er gigantisk, både i Moskva og Kiev?

– Hotellet i Moskva var det største i Europa. No har det vorte eit fem stjerners Radisson-hotell, men dei har teke vare på den sovjetiske ornamenteringa. Både sigdar og stjerner set sitt preg på hotellet. Når du står i lobbyen og legg hovudet bakover, ser du utopien av den sovjetiske himmelen – slik sovjetsamfunnet skulle verta. I hotellkjellaren finst det eit 50 meter langt symjebasseng, og for turistar er det mogleg å dra opp til baren på toppen av hotellet. Der ser ein utover Moskva International Business Center på den eine sida og Kreml på den andre.

– Hotel Ukraina har vorte omtalt som eit «blautkakebygg». Har du sansen for dei sovjetiske «blautkakene»?

– Nei, eg kan ikkje seia det. Men det er så barokt at det nærmar seg eit surrealistisk uttrykk. Men greier ein å sjå bort frå det politiske og slavearbeidet som er lagt inn i det, har det ein verdi.

– Kan ein sjå vekk frå slavearbeidet og elendet som ligg bak?

– Viss ein kjem til Egypt for å sjå på pyramidane, kva ser ein då? Med tida vil ein sjå meir og meir bort frå den sida. I Shanghai bygde dei Manhattan gonger to på ti år, og det må ha vore mange slags primitive arbeidsforhold der.

FIRE BOLKAR

Fløgstad deler den sovjetiske arkitekturhistoria inn i fire bolkar.

– Frå 1920 og fram til 1933 var arkitekturen prega av eksperiment, avantgardisme og konstruktivisme. Då Stalin tok over, både politisk og kulturelt, vart det fleire barokke innslag i arkitekturen, og det manifesterte seg tydelegast i Sju søstrer. Det er snakk om sju store byggverk i Moskva. Den tredje perioden vart til etter initiativ frå president Nikita Khrusjtsjov. Han ville ha slutt på søylene og ornamenta som prega Stalin-barokken. Det skulle byggjast hus for folk, enkle bustadblokker på fem etasjar frå Vladivostok til Murmansk og Kaliningrad. Sidan har desse blokkene vore kjenneteiknet for bygningsmassen i Sovjetunionen. Dei har vorte kalla Stalin-blokker, men dei er Khrusjtsjov-blokker.

I boka fortel Fløgstad om eit reisefølgje som vitja Nikel, og guiden fekk spørsmål om kvar det hadde vorte av skoltesamane.

– «De bor nå alle sammen i blokk og er meget lykkelige», svarte han. Frå vårt synspunkt er nok det russiske blokklivet kummerleg, men mange i det tidlegare Sovjet drøymer seg tilbake.

– Kva bolk i arkitekturhistoria er du mest begeistra for?

– Det er nok den første. Ei lita gruppe, bolsjevikane, vann borgarkrigen og fekk makta i imperiet, og dei inviterte til eksperiment. Det var ein sterk vilje til å satsa på det som både var mogleg og umogleg å realisera. Det er ikkje til å koma forbi at det er høgdepunktet.

Fløgstad fortel om Kristi Frelsar-katedralen som vart riven i 1937. Planen var å byggja eit revolusjonsmonument på staden, men det vart badeland i staden. Dette vart rive, og katedralen vart reist på nytt.

– Dei moskovittane eg kjenner, var ikkje blide då badelandet vart erstatta med ein kopi av den gamle kyrkja, som vart vedteken bygd under Jeltsin og ferdigstilt under Putin.

Som mange andre har Fløgstad opplevd Moskva som ein grå og uhandterleg by med ein trafikk som er eit mareritt.

– Men i byen finst også den vedunderlege metroen. Den først delen vart opna i 1937, og framleis byggjer dei ut, men ikkje så flott som den gongen. Majakovskaia-stasjonen er fantastisk, og der har målaren Dejneka utsmykka taket.

I boka framhevar Fløgstad målarane Dejneka og Pimenov, og han meiner at dei hadde fortent langt større merksemd i Vesten. Samstundes nyttar han høvet til å omtala dei amerikanske beat-forfattarane som både «late og lite gåverike», og han stiller seg kritisk til den nonfigurative ekspresjonismen i målarkunsten i USA.

– Utbreiinga deira heng nok saman med amerikansk mjuk makt.

IKKJE DIABOLSK

– Er du sjølv sovjetnostalgisk?

– Nei, det trur eg ikkje, men eg er knytt til det gjennom forminga som litterær modernist og opplevinga av sosialisme som proletarisk etos. Det er vanskeleg ikkje å ha kjensler for det mislukka sovjetiske eksperimentet.

– I boka ønskjer du meir arbeidarromantikk i dagens samfunn. Finn du arbeidarromantikk i den sovjetiske historia?

– Ja, men når eg skriv om arbeidarromantikk, meiner eg enkle ting som å stå saman. Det er verdiar som verkar fjerne i dag, men det kan synast som mange vil høyra meir om det no om dagen. I USA vart ein sosialist nesten presidentkandidat. Det britiske Labour har ein erklært venstresosialist som leiar, og i Frankrike fekk Melenchon 20 prosent av røystene. Ordet «arbeidarromantikk» har stort sett vorte brukt som skjellsord, men eg trur at det går an å lyfta det opp att og seia at det er mange sider ved livet i arbeidarklassen og den solidariske tradisjonen som ein godt kan ta vare på. Det burde vera god plass til arbeidarromantikk også på norske fjernsynsskjermar.

– Kva forhold har du hatt til Sovjetunionen opp gjennom åra?

– Eg har aldri vore organisert i NKP eller andre politiske parti, og fram til eg kom til Sovjet første gongen, hadde eg vanlege norske oppfatningar av Sovjet. Men etter kvart som eg har reist der, har biletet av både Sovjetunionen og Russland vorte modifisert og endra. Særleg i desse dagar når det på nytt er stor spenning mellom aust og vest, er det viktig å formidla kunnskap. Eg vonar at denne boka kan bety noko i så måte. Russland er ikkje eit diabolsk land.

– I boka skriv du om demoniseringa av Putin?

– I det spørsmålet er eg samd med radikalarar som Kåre Willoch og diplomaten og historikaren George Kennan. Både i etablissementet i USA og her i landet finst det forstandige folk som åtvarar mot demoniseringa av Russland. I den førre boka mi, Etter i saumane, presenterer eg eit lesarbrev som Kennan hadde i The New York Times i 1997. Der åtvarar han mot at ei Nato-utviding austover kjem til å føra til auka spenning, og nett det har skjedd. Alle har grunn til å frykta opprustinga i Europa.

Då Fløgstad vitja Kviterussland i vinter, måtte han ha visum, men no er visumplikta oppheva.

– Hovudgata i Minsk er i ferd med å få UNESCO-status. Under krigen øydela tyskarane byen heilt, men han vart bygd opp att, og bygningane i hovudgata er rikt ornamenterte. Der finn du både parlamentspalasset, hotellpalasset, politipalasset, offiserspalasset, sirkuspalasset, operapalasset og endå fleire. Vil ein sjå sovjetarkitekturen i reindyrka form, er Minsk staden å dra til.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er vanskeleg ikkje å ha kjensler for det mislukka sovjetiske eksperimentet.

Kjartan Fløgstad

Emneknaggar

Fleire artiklar

Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtdanningSamfunn

Då læraren vart akademikar

Lengre utdanning med mastergrad skulle gjere lærarane betre. Lærarstudentane er i tvil om nytta.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.

Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter

KunstMeldingar
Eva Furseth

Side om side med Munch

Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Bra harepus

«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikk­tradisjon med moderne popproduksjon.

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis