«Lofot-brev»
(utdrag)
Kjære kjerring!
Kor du leve?
Står de te bra med deg?
Saktes sku eg før ha skreve,
men du veit kor d’e med meg,
– eg mankere skrivarhanda,
mi e bra nok te sett bruk,
men ho e’kje viars mjuk
lenger te å føre penna,
vi har aller vorre venna,
veit du, – deffør ser her ut
nett så ette akkarsprut –
de vel sùlkes så førbanna!
Sia sist eg skreiv ha vére
arta seg å vorte godt.
Austafør di veska be’re,
der ser ut te større lott,
men – det ska du ikkje vørre.
Her e tosken jamn å stor,
levra feitar enn i fjor,
rogna pen å stor så votten,
lite laus, men langtfra gotten,
så om der di tèle fleir,
endå tru eg vi får meir,
– prisan her ha vorre større.
(…)
Elskelige! alle si’en
ha du fått på – svart å stugt, –
men d’e kaldt, å kveld e lien,
blèkke frys, d’e vorte tjukt,
å nu lyt eg banke klørn’.
– Ennu va de nokker ord
om ka tid vi slutta ror.
Skulle de bi smått me tosken,
kjem vi kanskje heim te påsken;
her e aller stort å gjer’
ette Finnmark-folke fer;
fletti helsing frå
din Søren.
Hans Lind
«Lofot-brev»
(utdrag)
Kjære kjerring!
Kor du leve?
Står de te bra med deg?
Saktes sku eg før ha skreve,
men du veit kor d’e med meg,
– eg mankere skrivarhanda,
mi e bra nok te sett bruk,
men ho e’kje viars mjuk
lenger te å føre penna,
vi har aller vorre venna,
veit du, – deffør ser her ut
nett så ette akkarsprut –
de vel sùlkes så førbanna!
Sia sist eg skreiv ha vére
arta seg å vorte godt.
Austafør di veska be’re,
der ser ut te større lott,
men – det ska du ikkje vørre.
Her e tosken jamn å stor,
levra feitar enn i fjor,
rogna pen å stor så votten,
lite laus, men langtfra gotten,
så om der di tèle fleir,
endå tru eg vi får meir,
– prisan her ha vorre større.
(…)
Elskelige! alle si’en
ha du fått på – svart å stugt, –
men d’e kaldt, å kveld e lien,
blèkke frys, d’e vorte tjukt,
å nu lyt eg banke klørn’.
– Ennu va de nokker ord
om ka tid vi slutta ror.
Skulle de bi smått me tosken,
kjem vi kanskje heim te påsken;
her e aller stort å gjer’
ette Finnmark-folke fer;
fletti helsing frå
din Søren.
Hans Lind
Boka Nordlandsviser (1910) er den einaste utgjevinga som står att etter Hans Lind (1866–1935), men han skreiv mykje – dikt, forteljingar og skodespel – heile livet, innimellom anna arbeid, anten som krambusvein i Henningsvær, kontorist i Oslo eller gruvearbeidar i Sør-Afrika.
Få forlag viste interesse for å trykke tekstar på nordlandsdialekt, men i 1910 kom altså Nordlandsviser ut og «Mesta heile opplaget gjekk nordover». «Men desse visene fortener å bli lesne òg av andre enn folk nordpå», skreiv dr.philos. Hallfrid Christensen i forordet til 2. utgåva frå 1936.
Det var i Johannesburg han skreiv desse dikta, som er allsidige og vidfamnande arbeids- og folkelivsskildringar i form av musikalske dikt, eller som her, ein epistel. Slik lét han folket sjølv få komme til orde, og i diktet «Brev heiman-a’» lét han jamvel fiskarkona «ta pennen i handa». Jack Berntsen kalla Lind «den nordnorske visekunstens far», og mange har sett musikk til tekstane.
Hans Lind var ikkje den første til å skrive på nordlandsdialekt, mellom andre var Kristine Colban Aas (1793–1863) tidlegare ute, men Nordlandsviser var først ut i bokform. Og som Trygve Wicklund skriv i eit fint etterord i 4. utgåva frå 1977, ligg det nær å samanlikne boka med Edvard Storms Døleviser.
Målforma var ei blanding av fleire dialektar, som òg spegla Linds noko omflakkande tilvære. Han var fødd på Andenes, voks opp på Bleik og Hovden i Vesterålen og gjekk på middelskolen på Lillehammer. Så fór han til Bergen, før han fekk arbeid på Breistrand i Vesterålen og sidan i Henningsvær i Lofoten. Seinare blei det både Amerika, England, Sør-Afrika og Oslo. Men i visene var han heime i Nordland.
Cathrine Strøm
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.