Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Bjørg Ringstad

Foto: Bjørg Ringstad

2644
20210924
2644
20210924

Cindy Haug (1956–2018) var 26 år gammal då ho suste inn i den norske litteraturen med prosadebuten Se deg ikke tilbake mot Europa og bli stein… O Eurydike i 1982. Ho såg seg ikkje tilbake og overrumpla kritikarar og det etablerte med heile seks utgjevingar på tre år, deriblant ein legendarisk utgjeving saman med Gene Dalby, Elektrisk ereksjon.

Det var pønk: ein uærbødig, fri og sjangerblandande stil som terga på seg kritikarane. Eiliv Straume i Aftenposten skreiv at det var først med utgjevinga Gaupehjerte i 1993 at han kunne anerkjenne Haug: «Fra debuten i 1982 og en stund fremover så jeg på Cindy Haug som et nærmest håpløst tilfelle i litterær sammenheng.»

Men nokre var meir positive, som Ivar Orvedal i Nye takter, som skreiv at Haug «på sitt beste skapar ein eigen sound som eggjar oss til vellystig improvisasjon og kommunikasjon, noko ein heller laber norsk litteratur sjeldan gjer». Og ho fekk kultstatus hjå unge lesarar. At ein visste lite om henne, bidrog til det.

Cindy Haug ville ha fylt 65 år i år. Då ho døydde i 2018, var gravferda i Hamar, der ho hadde budd, men ho var òg knytt til andre stader. I diktsamlinga Faen Heller flirer fagert: Snap-Shots fra Fedrelandet (1983) dreier ein lengre del av boka seg om å syngje til og om stader som Bergen, Hadeland, Hinnøya, Grytøya og Oslo, og ho gjer det på dialekt eller med sterke dialektinnslag.

Vekas dikt finn vi i seksjonen «Je vil synge om Hadeland», der naturen blir skildra som rå og kvinneleg og med mytisk kraft. Hadeland har, som andre plassar, sine historier om hekser og svart magi, og her finn ein jo òg «Lunnervæla», ifølgje diktaren Leif Høghaug. Når frostrøyken ein sjeldan gong dansar over fjorden, kan einkvan kjenne seg kalla til å bryte laus frå kvardagens labre åk. Kan hende byd naturen òg opp til alvedans før isen legg seg til.

Å oppleve frostrøyk eller alvedans ein tidleg morgon er magisk. Det er naturfenomen som går føre seg når kald luft møter varme, opne vatn, og temperaturskilnaden bør minst vere 15 grader. Det må vere «kælvøli fuktig». Ein gjer rett i å hive på seg fjøsjakka for å få det med seg, anten ein sver til sopelimetransport eller ei.

Cathrine Strøm

Når frostrøyken fjoner

englehåre over fjorden

står itte je som dom andre i rute

og stønner og sukker

at nå er’e kælvøli fuktig der ute

Nei, je tar fjøsjakka på

må svæve flyge gå

med søtlukt mot bringa

i disen som synger:

å leva er flott godt

har itte styyn tel Fattigmænnsbaking

je skar koke heksebrygg

på soplime me’ gvitskumme rygg

Skund dei, Gudrun

ut og drekk

snart kjæm isen

da er’n vekk!

Cindy Haug

Frå Faen Heller flirer fagert: Snap-Shots fra Fedrelandet (1983)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis