Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Egyptisk vår

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagfinn Nordbø fekk ein roleg ferie med ti liter vin i veka og inngåande kjennskap til Sharm el-Sheikh.

Foto: Wikimedia Commons

4850
20200626

Egyptisk innovasjon

Dei gamle egyptarane heldt seg ikkje med éin gud. Langt ifrå. Dei dyrka innpå 2000 gudar, og alle måtte blidgjerast med forskjellige former for tilbeding. Ein reknar med at det må ha vore ein heildagsjobb. Egyptarane trudde òg at mumifisering gav den daude evig liv. Pakkar du ut bandasjen, er han om lag 1,6 kilometer lang.

Både menn og kvinner brukte sminke. Grøn sminke kom frå kopar, medan svart sminke blei produsert av bly. Kan hende levealderen blei litt låg blant dei som verkeleg smurde mykje av desse giftige stoffa i andletet.

Mange av dei oppfinningane vi nyttar i dag, kjem frå dei gamle egyptarane. Hugs det kvar gong du bruker ein penn, eller papir, eller ein nøkkel, eller ein lås, og tru det eller ei: tannkrem.

Kjelde: Wikipedia

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i Dag og Tid.

Det skjedde i dei dagar då den arabiske våren braut ut. Eg høyrde noko arabisk musikk på radioen og vips hadde eg tinga reise til Egypt. Eg skulle bu i Sharm el-Sheikh, på Sinaihalvøya, der hotell står i hopetal og tek imot vestlege turistar. Så var meininga å reise innom Kairo, byen med dei 1100 moskeane, men på grunn av dei revolusjonære opptøyane blei det forbod mot å dra dit, og dei organiserte turane blei avlyste. Og kven torer å dra til ein slik by utan kjentmann, midt i ein politisk revolt, utan å kunne eit ord arabisk?

Ein ven av meg, Mona Eltahawy, fekk armen broten og blei seksuelt trakassert på Tahrir-plassen, så eg fann ut at Kairo ikkje var staden for meg. Resultatet var at eg fekk ein temmeleg roleg ferie og inngåande kjennskap til Sharm el-Sheikh. Vatnet i Raudehavet er krystallklart, ølet var godt, og til og med vinen var heilt i orden. Egyptarane var jo blant dei første til å lage vin, men med islam blei produksjon og sal ikkje det det ein gong var. Vi turistar fekk libanesisk vin, gratis til og med, med all inclusive-pakka vår. Bartenderane oppdaga at eg var glad i raudvin, og ein dag sa dei: «Vi trur du drikk ei flaske om dagen, så vi ordnar ein tiliterskartong du kan ha på rommet.» Snakk om service! Ved hotellet fanst ei spritsjappe med egyptiskproduserte ting som whisky. 17 prosent alkohol, og hadde ein skotte oppdaga det, ville han ha banna i ein månad samanhengande. Då eg smakte på ein, fann eg raskt ut at han nok eigna seg best til å reinse frontruta på bilar med.

Personalet var langreist, frå Kairo og endå lenger unna, velutdanna engelsktalande folk som ofte budde 60 mil frå arbeidsplassen. Det gjorde Mohammed Frank, den alltid smilande sufimuslimen frå Aswan som eigenhendig dreiv det enorme beduinske teteltet midt på hotellområdet. Mohammed kunne by på dei fleste typar te, egyptisk kaffi og shisha – vasspiper på rekke og rad. Opningstidene var som følger: alltid ope.

Mohammed er eit av dei mest fantastiske menneska eg har møtt. Heime i Aswan gjekk kona med det første barnet deira i magen, og her sat han smilande og serverte hibiskuste til ein nordmann og lærte meg å røyke vasspipe. Ei enorm parabolantenne sørgde for at han hadde 60–70 TV-kanalar å hygge seg med når det ikkje var kundar. Favorittkanalen min var ein der sufimuslimar syng og dansar uavbrote, noko som òg viser kva enorm variasjon som finst i islam. Skal eg bli muslim, må det altså bli sufi. Nokre muslimar seier jo at både musikk og dans er den puraste styggedom, og i Noreg er det somme i bibelbeltet som meiner ståande samleie må bli forbode fordi det kan føre til dans.

Sharm el-Sheikh er opphavleg ein liten fiskarlandsby, og eit besøk i fiskerestaurantane der er vel verdt å prøve. Skaldyr er spesialiteten, men vin får du ikkje kjøpt til maten, så det er heilt i orden å ha med sin eigen vin. Hummar og Pepsi har aldri vore min føretrekte kombinasjon.

I buffeen på hotellet hadde dei som forventa tilpassa menyen til vestlege ganar, med tillegg av enorme mengder frukt. Dei mest typiske egyptiske rettane fekk vi ikkje smake mykje av, men eg vil sterkt tilrå å prøve. Eg blei spesielt glad i omeletten med fetaost, som kokken laga mens vi venta. Rør saman fire egg med litt pepar. Ha dei i steikepanna på middels varme. Når dei er faste, legg du i om lag tre skeier smuldra fetaost, som er rørt ut med ørlite mjølk. Fald omeletten éin gong, og han er ferdig.

På veg heim til Oslo hadde eg så mange innkjøpte suvenirar (tekoppar, vasspiper, oskebeger, figurar, faraoar i furu) at mannen på flyplassen noterte at kofferten min vog 45 kilo. Eg gjorde då merksam på at alle dei kiloa var ting eg hadde kjøpt for å støtte den egyptiske revolusjonen. Så det gjekk heilt fint. Revolusjonen gjekk det derimot verre med. Det einaste landet den arabiske våren fekk varige positive konsekvensar for, er vel Tunisia, og dit skal eg så definitivt reise ein dag. Insh-Allah!

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skal eg bli muslim, må det altså bli sufi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis