Eit overgrep med historiske ekko
Ei 15 år gammal jente som blei truga med dødsstraff for spedbarnsdrap, og det merkelege fenomenet «lungeflyteprøve» fekk Tore Renberg til å forkaste alle fordommar mot historiske romanar.
Tore Renberg har eit stort spenn i forfattarskapen.
Foto: Petter Sandell
Litteratur
jan.h.landro@gmail.no
Mykje i livet, og diktinga, kan verke tilfeldig. Slik kunne skrivinga av eit skodespel få siddisen Renberg til å gjere noko han aldri hadde trudd han skulle gi seg i kast med. Under arbeidet med 3. april 1964, eit stykke om ei kvinne som steller våre små døde, kjende den pirkete raudpennlektoren i han trong til å gå i djupna på det medisinske. Så les han ein artikkel som fortel at moderne rettsmedisin kan daterast til 1681, då den tyske legen Johannes Schreyer utførte den første lungeflyteprøva.
– Kva er dette, tenkte eg. Eg googla, men fann svært lite. Berre nokre tilvisingar i medisinske verk, men ikkje noko om 15 år gamle Anna Voigt og lagnaden hennar.
Så grev Tore Renberg seg ned i liv og lagnad i tyske Sachsen på 1680-talet. Og i fenomenet med det underlege namnet. Resultatet blir ein 560 siders historisk roman, Lungeflyteprøven. Forsvar for en ung kvinne som var tiltalt for spedbarnsdrap. Ei makelaus litterær blanding av dokumentar, fiksjon, poesi, justisdrama, liktale, hemndrama, eventyr, skillingsviser, skrekkhistorie, true crime og endå meir.
– Frigjerande
– Eg ville nærme meg barokkdiktinga frå 1600-talet, som også går i alle retningar. Lage ein roman som følgjer mange stilistiske og sjangermessige spor. Det kjendest frigjerande.
– Den historiske romanen er eit nytt felt for deg?
– Eg har alltid styrt etter mi eiga nyfikne og min eigen fascinasjon. Men framfor denne oppgåva hadde eg låg sjølvtillit. Det er nok litt av grunnen til at eg har vore ekstra arbeidsam og pliktoppfyllande med boka. Eg måtte bruke mykje tid på å bli kvitt kjensla av å vere underlegen andsynes eit fagfelt og ein romantradisjon eg var lite kjend med. Men det kan vere eit pluss å komme til eit felt med fersk nyfikne og oppdagingsglede og ingen fordommar.
– Denne lungeflyteprøva, kva er det?
– Om ein legg ein bit av lunga til eit dødt spedbarn i vatn, vil eitt av to skje: Han vil søkke eller flyte. Går lungebiten til botnar, tilseier det at barnet har døydd etter fødselen. Flyt han, tyder det at barnet var dødt i mors liv, og kan altså ikkje ha blitt myrda av mor si. Denne teorien var heilt ny då den unge jenta blei skulda for å ha drepe babyen sin, og han møtte sterk skepsis og motstand. I dag er han fullt ut akseptert. Lungeflyteprøva indikerte at Annas baby var dødfødt, men korkje kyrkjas folk eller styresmaktene ville godta eit sånt «bevis». Slik Renberg ser saka, skulle jenta dømmast same kva.
Skånsellaus jakt
Etter nokre dagar med søking på nettet gjekk det opp for Tore Renberg at ingen har skrive denne historia.
– Då tok det til å tikke og flamme i hovudet mitt, og så tenkte eg: Her er det berre å køyre på.
– Boka di synest ha ambisjonar utover berre å fortelje historia om eit mogleg spedbarnsdrap og konsekvensane for dei mistenkte. Har det vore like viktig å attskape eit 1600-talsmiljø som å fortelje Annas historie?
– Ja. Gradvis såg eg at lagnaden hennar var voven inn i så mange fasettar av samfunnet at bakgrunn og ein vidare kontekst måtte med. Lenge lurte eg til dømes på kvifor ho blei tiltalt, i og med at overklassedøtrer så å seie alltid slapp unna dei ivrige representantane for styringsverket og kyrkja. Så skjøna eg kvifor: Styresmaktene har fått far hennar opp i halsen. Han er ein oppkomling, ein nyrik luring; dei meiner han ikkje har rett på godset, han er ikkje adeleg eller av god gammal ætt.
Så er det denne prøva, som fører oss inn i medisinens landskap, i rettsstatens landskap, og på grunn av advokaten er vi også inne i universitetsmiljøet.
– Det vi blir minte om her, er at ein ikkje kan lausrive livet sitt frå konteksten. Altså måtte eg gå breitt ut, prøve å kaste lys over samfunnet kring dette dramaet.
– Korleis gjekk du fram?
– Eg må sjå stadene der handlinga går føre seg, så innlevingsevna mi kan leve trygt og fritt og sterkt. Eg måtte lese mykje om den tyske rettsstaten på den tida, om medisin, om straffepraksis, om standssamfunnet, mentaliteten og meir til. Eg måtte lære meg eit hundreår – og sjå det. Difor har eg reist mykje til Sachsen i ein freistnad på å «sjå» korleis det såg ut der for 350 år sidan. Det har vore eit mødesamt arbeid, som også har omfatta mykje leiting i arkiv og andre kjelder.
– Kva var det med Anna Voigts historie som appellerte så sterkt til forfattaren i deg?
– Dette systemiske overgrepet, den slåande mangelen på menneskerettar. Verdien av eit liv var så låg. At stat og kyrkje så skånsellaust jakta på ei ung jente på grunnlag av tradisjon, tru og eit upåliteleg rettssystem heilt utan rettferd. Og nettopp i desse åra byrjar vår tids tenking, med bevisføring som ikkje baserer seg på Gud, tradisjon eller moral, men på fakta og vitskap. Tilfeldigvis hamnar Anna midt i dette historiske vendepunktet, og då kunne eg ikkje la eit slikt drama gå frå meg.
– Historia du fortel, går i mange retningar og har mange ulike element. Men hovudtematikken er vel kampen mellom tradisjon og modernitet?
– Ja, det gamle mot det nye. Der brettar hovudaksen seg ut ved at eg nyttar eit flettverk av røyster og perspektiv. Den unge jenta blir åstaden for ein kamp som er mykje større enn hennar eigen. Frykta for det nye er total hos mange.
Etiske dilemma
– Romanen er også ei forteljing om ein fars grenselause kjærleik og sorg?
– Eg er sjølv far, og med det er noko heilt umisseleg komme inn i livet mitt. Annas historie fekk meg til å tenkje på kor langt eg sjølv kunne vere villig til å gå. Svaret var enkelt: så langt som råd. Så var det freistande å skrive om hemn i ei tid då hemn er heilt naturleg for alle menneske. Her er moselovene presente, og ein har rett til å ta hemn. Eg er svært nøgd med den kraftfulle røysta faren har fått i boka, skriven på botnlaus fortviling og raseri.
På spørsmål om kva han vil med boka, svarar Renberg:
– Eg tykkjer det hadde vore flott om lesarane kunne få ta del i den spennande reisa eg har gjort, til eit hundreår vi veit nokså lite om. Her er vi i den djupe fortida og over i eit heilt anna samfunn, men der vår tid byrjar – tidleg moderne tid. Så vil eg at lesarane skal sjå korleis det kan ha seg at eit system, i dette tilfellet stat og kyrkje, så til dei grader kan køyre over einskildmenneske. Når skjer det, og kva for faktorar får det til å skje – i Ukraina, i Russland, i Amerika, i Midtausten? Og i Noreg i tidlegare tider og kanskje enno i dag? For det går trådar frå denne historia fram til vår tid.
Det kyrkja og staten ønskjer i Annas tilfelle, er å få henne dømd og vere ferdige med saka, meiner Renberg.
– Difor blir dei så irriterte når det kjem ein advokat inn i biletet, ein ung jypling, Christian Thomasius, som skal bli ein av dei store rettslærde på den tida. Dei styrande var jo vane med å vere både aktorat og forsvar sjølve, så denne advokaten greip forstyrrande inn.
– Kor mykje av det du skriv, er fakta, og kor mykje er fiksjon?
– Mykje er dikta, men mykje byggjer òg på dokumenterte fakta. Mange stader i boka har eg skrive setninga «dette vet vi», for å markere nett det. Eg kunne ikkje gjere det på kvar einaste side, men eg ville gi lesaren ein peikepinn. Så har eg laga ei lang kjeldeliste og karakteroversikt, noko som ikkje er vanleg i ein roman. Men alt dette som har med far til jenta å gjere, er reint oppspinn. Og etter at Anna blir torturert og landsforvist, veit vi ikkje anna enn at ho døydde i 1691.
Lovverket på den tida var så viseleg innretta, fortel Renberg, at den dømde måtte ha vedgått brotsverket sitt om ein dødsdom skulle utførast. Men lova gav høve til å tvinge fram tilståing ved bruk av tortur. Anna blei torturert, men nekta for at ho hadde teke livet av barnet sitt.
– Du diktar fritt om tankane og kjenslene til Thomasius, legen Schreyer og mange andre historiske personar. Gav det deg etiske problem?
– Absolutt. Då eg skreiv Kompani Orheim, kjendest det ubehageleg. Med kva rett kunne eg skrive indirekte om min eigen familie? Her dukka spørsmålet opp att i 1600-talsform. Kan eg påstå at eg veit noko om skurkane i denne romanen? Korleis kunne eg tillate meg å demonisere amtmannen, slik eg gjer i boka? Kanskje var han berre ein pliktoppfyllande byråkrat? Noko fullgodt svar har eg ikkje, men eg har tenkt nøye gjennom det eg gjer.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen