Gåte og elegi
Saken med den tapte tidens innfall er Rune Christiansens fjerde roman på rad med ei kvinne som hovudperson. Men det betyr ikkje at han har gjort kvinnepsykologi til sitt domene.
Rune Christiansen skriv så å seie alltid sjølvbiografisk – utan at det blir sjølvbiografisk.
Foto: Baard Henriksen
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Når skrivinga tek til, veit Rune Christiansen ofte ikkje sjølv kva kjønn hovudpersonen skal ha. I dette tilfellet skreiv han opningskapittelet først med ein mannleg hovudperson, men merka raskt at det var feil. Då han skifta til ei kvinne, fall mykje på plass.
– Kanskje skaffa skiftet meg også litt avstand, for eg skriv alltid tett på eige liv. Men det ligg ikkje noko prosjekt i å velje kvinneleg hovudperson. Det berre blir som det blir.
– I arbeidet med ein roman tenkjer eg ikkje psykologi eller å få ein karakter til å «gå opp» i eit planlagt psykologisk skjema. Har du levd ei stund, har du gjerne skaffa deg god kjennskap til det andre kjønn. Eg er ikkje ute etter å forklare eller analysere kvinna; då blir det lett pamflettaktig eller programlitteratur.
Handlinga i Saken med den tapte tidens innfall, som blir lansert i dag, 6. august, utspeler seg i løpet av ei juniveke på ei norsk øy, som ifølgje forfattaren har henta mykje inspirasjon frå svenske Marstrand. Så har han lagt til klippekyst og litt Hebridane. Til denne øya reiser skodespelaren Norma (36) kort tid etter at ho først har mist mor si og så er blitt forlaten av ektemannen. På øya bur far hennar, som ho ikkje har hatt så mykje kontakt med etter at foreldra skilde seg ti år tidlegare.
Norma er ei kvinne i krise, ei kvinne som ser ut til å vere i ferd med å miste fotfeste. Det forklarar også det litt desperate ved henne. Ho oppsøkjer faren for å prøve å forstå visse samanhengar og få nokre bitar til å falle på plass. Men han har òg løyndommar.
– Ideen oppstod etter at eg hadde lese ein Agatha Christie-biografi. Ho var sterkt knytt til mor si, og like etter moras død forlét ektemannen henne. Kva gjer det med eit menneske? Det var då Agatha Christie arrangerte det forsvinningsnummeret som framleis er eit mysterium. Samstundes har dette ekko i mi eiga historie, knytt til brå dødsfall i mellom anna nær familie. Dette ble ein inngang til romanen, men det stod klart for meg at eg ikkje skulle tematisere det.
Skriv langsamt
Rune Christiansen skriv så å seie alltid sjølvbiografisk – utan at det blir sjølvbiografisk. Han fortel at det er tale om grunnleggjande røynsler i livet hans som han prøver å «løyse» frå ulike vinklar. Han skriv utan å vite kvar arbeidet vil ta han, tek eitt steg om gongen og ser om det ber.
– Eg skriv langsamt, grublar mykje undervegs. Før skreiv eg fort og strauk mykje, av det har eg lært å gå langsamare fram og heller ta strykinga i hovudet. No bruker eg svært lang tid på kvart avsnitt, kvart kapittel. Eg sliper ikkje til setningane, for eg vil at dei skal vere upolerte og taggete, men dei skal ikkje innehalde unødvendige ord. Dette har eg med meg frå lyrikken, vil eg tru.
Der det eventyrlege hadde ein sentral plass i den førre romanen til 58-åringen, Fanny og mysteriet i den sørgende skogen (2017), har årets roman eit meir gåtefullt preg.
– Desse romantitlane er både litt nostalgiske og syner til oppheng frå tidlegare lesing. På eit vis ser eg tilbake: Kvifor byrja eg å lese? Dei seinaste romanane mine har med ord, omgrep, miljø og stemningar frå bøker eg las for mange år sidan. Stundom tenkjer eg med glede på alt eg rakk å lese, og med litt sorg på alt eg ikkje lenger får med meg. Ambisjonen min er å skrive bøker som folk finn så interessante at dei vil lese bøkene om igjen og om igjen.
I ei scene på teateret klarar ikkje Norma å skilje mellom fiksjon og røyndom. Men forfattaren avviser at problemet skulle vere at ho aldri er berre seg sjølv, at ho har skapt ei livsrolle som ho heile tida spelar, og såleis er blitt inautentisk.
– Eg tenkjer at både Fanny i den førre romanen min og Norma, for den del også Agnes og Lydia i tidlegare romanar, er autentiske eller oppriktige, kall dei gjerne sjølvstyrte i si tilnærming til omgivnadene og i dei relasjonane dei står i. Dei nærmar seg verda med ei slags stoisk varsemd. Nett denne aktsemda, dette atterhaldet, interesserer meg som forfattar. Både Fanny og Norma strevar med å finne svar, for begge er identiteten knytt til tap, familieband som er brotne, meir eller mindre løynde hendingar og omstende. I romanen om Fanny nytta eg mellom anna folkeeventyret og myten om Orfeus og Evrydike som referansar, men heile tida med realismen som siktepunkt.
Atmosfære
– I romanen om Norma tek eg i bruk element frå klassisk kriminallitteratur, og då har især Josephine Tey og Dorothy L. Sayers vore viktige. Det er ikkje dramaturgien eller plottet som har oppteke meg, men atmosfæren i bøkene deira. Nobelprisvinnaren Patrick Modiano sa eingong at atmosfæren var alt. Slik eg ser det, er atmosfæren heilt grunnleggjande for mitt arbeid med ein roman, ja, med poesien òg.
– Boka er ei historie om tap og sakn, einsemd og lengt, og under ligg eit element av elegi?
– Elegien er noko eg aldri har klart å komme unna i forfattarskapen min. Eg har ikkje vilja dyrke eller framheve han. Heller ikkje tematisere han, det skal berre liggje under. Og det må aldri få bli sentimentalt, snarare må det gjevast rom for humoristiske innslag. I dei fire siste romanane er det elegiske mykje meir presisert. Det har nok med alder å gjere. Eg trur det er rett å kalle desse fire for elegiar.
– Norma er heile tida i rørsle. Er det slik at ho bevegar seg mot ikkje berre større (sjølv)innsikt, men også større aksept av seg sjølv og sin situasjon?
– Ja, dette er viktig for å forstå Norma. Her er vi inne på det stoiske igjen. Norma kavar og grublar, og ho gir seg ikkje i jakta på svar, på å finne fram til sin eigen identitet, altså sin identitet knytt til faren, mora og dottera ho har. Men ho søkjer sanning, koste kva det koste vil, og det er ho klar over. Ho er ikkje ute etter å finne kvile eller ro, og ho handterer også dei problematiske løysingane nøkternt og med aksept. Heller enn å søkje forsoning er ho ute etter å avdekkje. Demaskere, kunne ein kanskje seie med teaterspråk.
Eit påfallande trekk ved Saken med den tapte tidens innfall er setningar som brått kan ramle ned i hovudet på Norma. Forfattaren kallar dei for ein del av fantasifullheita hennar, han meiner at ho orienterer seg i verda med dette som utan førevarsel kryp inn i tankane hennar. I det kjenner Rune Christiansen igjen sitt eige liv.
– Plutseleg kan eg lese ei setning som slår meg heilt ut. Slike setningar og innfall er nok drivkrafta, det som gjer det til ein fryd å skrive sjølv om livet røyner på. Dette har eg lagt inn i Norma som drypp gjennom romanen.
Opne seg
– Også i denne boka nyttar du kapitteloverskrifter som ikkje refererer til noko i handlinga, som «Hyasintværelset» i eit kapittel heilt utan hyasintar og noko rom, men truleg som eit peik til Spöksonaten av Strindberg. Leikar du med lesarane?
– Eg leikar med alle. Eg nyttar det òg som open referanse for dei som ser det. Desse overskriftene er ein del av romanens struktur, forteljinga, språket. Eg prøver å leggje dei inn slik at dei gir føringar som er relevante for historia.
– Referansar til litteratur og film er med i dei fleste bøkene mine. Med dei spesielle kapitteloverskriftene helsar eg til ein litteratur som eg sjølv har vore glad i, til dømes Dickens’ romanar, som først blei publiserte som føljetongar.
Rune Christiansen får ofte høyre at bøkene hans er «filmatiske». Det vil han nok sanne med denne boka òg. For han skriv alltid visuelt, men koplar miljø- og personskildringane til det han sjølv kallar tankestoffet.
– Desse to går parallelt.
– Slutten verkar svært optimistisk?
– Heller nøkternt optimistisk, vil eg seie. Eg ønskjer at romanane mine, også denne, skal opne seg mot slutten, peike ut av det lukka og ugjenkallelege, ja, ut av den litterære forma, slik livet trass alt opnar seg etter kriser og tragediar og tap, ikkje nødvendigvis med optimisme, men gjenstridig og med moglegheiter og vilje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Har du levd ei stund, har du gjerne skaffa deg god kjennskap til det andre kjønn.
Rune Christiansen, forfattar
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.