Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Hemmeleg hyttekultur

Det er ein del av norsk kultur å vilja gøyma seg bort i bitte små krypinn i naturen, meiner Marius Nergård Pettersen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Alle foto: Marius Nergård Pettersen

Alle foto: Marius Nergård Pettersen

7718
20190104
7718
20190104

Friluftsliv

sjurhabring@gmail.com

Det finst fem hovudgrunnar til at hemmelege hytter blir oppdaga. Den fyrste er lyd, som under bygging er mest umogleg å unngå. Når ein tek hytta i bruk, kjem problemet med lys og røyk – lys der det eigentleg skal vera mørkt, og røyk som stadig stig opp frå same staden. Den fjerde grunnen er vedhogst; om nokon legg merke til hogst, er det lett å snusa opp staden der veden blir nytta.

Den femte og vanlegaste grunnen til at ei slik hytte blir oppdaga, er likevel stiane. Somme går ulike ruter fram til hytta for å fordela bakkeslitasjen. Andre hoppar frå stein til stein og frå stubbe til stubbe dei siste femti metrane fram til døra – sistnemnde gjeld for ein av «informantane» til Marius Nergård Pettersen, forfattaren som med Hemmelige hytter har vigd ei heil bok til det han kallar eit «norsk kulturfenomen».

Ligg ulogisk til

– Marius Nergård Pettersen, kva er eigentleg ei «hemmelig hytte»?

– Det er ei hytte som ein eller annan gong har blitt halden skjult for nokon. Definisjonen er vid. Slike hytter treng ikkje å vera hemmelege i dag, men har av ulike grunnar vore det. Felles for dei er at dei oftast ikkje er avmerkte på kartet og at dei er bygde på plassar som ligg ulogisk til, som i bratte lier, i kløfter eller på bortgøymde hyller der folk sjeldan ferdast.

– Kven var det som reiste slike hytter?

– Eg opererer med tre hovudkategoriar. Den fyrste og vanlegaste er hytter meinte for jakt, fiske eller friluftsliv. Desse er vanlegvis reiste av folk med spesiell tilknyting til naturen; dei har nytta same naturområde i årevis og til slutt valt å byggja der.

– Den andre kategorien er uteliggjarhytter som er meinte som bustader: små, løynde heimar der tiggarar og andre som ikkje fann seg til rette i samfunnet, heldt til. Dette var ikkje uvanleg i tida etter krigen, særleg i skogane kring byane.

– Den tredje kategorien er krigshytter frå okkupasjonstida. Dei blei nytta av motstandsrørsla, til spionasje, flyslepp og i samband med fluktruter til Sverige.

Strenge reglar

– Mange av hyttene i boka er framleis hemmelege, ofte av di dei er reiste utan løyve. Kvar går grensa mellom ei hemmeleg hytte og ei ulovleg hytte?

– Dei ulovlege er jo stort sett òg dei hemmelegaste, for folk er redde for å bli bøtelagde eller at hyttene skal bli rivne. I norsk natur har ein nesten ikkje lov til å setja opp noko som helst utan løyve frå grunneigar. Grensa går ved å sikra seg enkelt nattely for eit kort opphald, til dømes i ein gapahuk, og berre så lenge du ryddar opp etter deg og ikkje skadar noko av verdi for grunneigaren. Om eit bygg er lovleg, blir òg vurdert etter plan- og bygningslova, og der gjeld strenge krav.

– Kor vanleg er det med slike hemmelege hytter?

– Eg blei introdusert for dei gjennom onkelen min; han tilhøyrde ein kameratgjeng som bygde og brukte slike frå dei var i tenåra av og til midten av tjueåra. Eg blei fascinert av den mystiske hyttekulturen, som eg oppfatta som temmeleg sær og uvanleg. Men gjennom åra som friluftsmann kom eg uforvarande over små hytter og krypinn der eg minst venta det. Smått om senn gjekk det opp for meg at dette var noko ein kan kalla eit kulturfenomen – at det faktisk er ein del av norsk kultur å villa gøyma seg bort i bitte små krypinn i naturen på denne måten.

Fleire tusen

– Kor mange har du klart å snusa deg fram til?

– I boka er 60 byggverk representerte, enten med tekst eller berre i bilete, men eg kjenner til kring 200. Og no, etter at boka er komen, har eg fått så mange tips at eg har mist oversikta. Eg er sikker på at det finst tusen, kan henda fleire tusen hemmelege hytter der ute.

– Korleis gjekk du fram for å finna hyttene? Mange av dei er trass alt framleis hemmelege.

– Det har i grunnen vore tre år med masing. Overalt eg har vore i Noreg, har eg spurt folk eg har treft om dei «kjenner til nokon som kjenner til nokon som veit om», og så bortetter. Eg har sendt e-post, ringt og banka på dører, ja, verkeleg mast for å få sleppa til. Viktig har det vore at eg heile vegen var tydeleg på at hyttene skulle haldast hemmelege; eg skulle ikkje vera kjelda til kvar hyttene ligg.

– Når eg ser på bileta i boka di, blir eg var eit definisjonsspørsmål: Kvar trekkjer du grensa mellom ei hytte og eit hol i steinura?

– Nokon ville vel definert ein utbygd steinheller der det er sett opp to vegger og ei dør, som noko anna enn ei hytte. Og det finst sjølvsagt differensierande omgrep som varierer lokalt, til dømes gammar og koier. Men så lenge det er ein kultivert overnattingsstad, eit lukka rom med fire vegger, kallar eg det ei hytte.

Fiskarbu og krigshytte

– Av dei seksti hemmelege hyttene du nemner, kan du trekkja fram tre favorittar?

– Ei av dei er ei fiskarbu som ligg langt inne i ein legendarisk midtnorsk nasjonalpark. Ho er ikkje berre ei av favoritthyttene mine, men ein av dei vakraste stadane eg har vore i det heile. Kring eit bål her, inntil ein stor, grå stein og under ei veldig fure sat det sommaren 1969 to godt vaksne herrar med namn Leif og Iver som i tiår hadde fiska aure og røye i vatna kringom. Dei treivst, men éin ting var dei grundig leie av: regnet. Dei bestemte seg for å byggja seg eit krypinn nett her, kring bålet ved steinen under fura. Etter å ha drege inn material på kjelke om vinteren og fløytt med båt om sommaren stod hytta ferdig i 1971, nett slik ho står i dag.

– Ein annan favoritt er ei krigshytte som blei nytta til spionasjearbeid siste del av krigen. Denne vitja eg ved grensegata som skjer gjennom skogen mellom Noreg og Sverige. Då eg kom til den vesle døra som leidde rett inn i bakken, hugsar eg at eg av gamal vane banka på døra – sjølvsagt var det ingen som svara. Hytta er klin umogleg å sjå bakfrå eller frå sida, du må stå rett framfor henne; det er rett og slett ein lafta tømmerkasse som er graven ned i bakken, med jord på alle kantar. Det er jo lett å romantisera kring slike stader, men det var dramatiske grunnar til at dei blei bygde.

Kultivert steinhole

– Ein tredje favoritt er ei hytte eg faktisk aldri fann; det er gjerne desse eg hektar meg mest ved. Men eg har fått med eit privatbilete av henne i boka, som avslører at dette i grunnen var meir ei kultivert steinhole enn ei hytte. Ho tilhøyrde elgjegeren Edvin og ligg i eit vilt skogsområde i Sør-Noreg, der han i fyrste helvta av 1900-talet skaut elg ulovleg gjennom fleire tiår. Hytta er del av eit nettverk av slike krypinn på stader der ein ofte må klatra for å koma seg fram. Eg hadde fått skildra svært nøyaktig kvar ho låg, likevel leita eg meg forderva – til fånyttes.

– Edvin, som har vore død i over femti år no, er ein av personane eg har kome over i arbeidet med boka. Han var tjuvjegeren samfunnet aldri klarte å temja og blei fleire gonger ettersøkt og klaga for brotsverka. Nokre gonger blei han jamvel dømd for ulovleg felling. Likevel heldt han fram. Etter ei avslutta rettssak skal han ha reist seg og spurt ut i salen: «Er det nokon her som er interessert i elgkjøt?»

Enkle gleder

– Kva har vore det mest fascinerande ved bokprosjektet?

– Det som har gripe meg mest, er den store enkelheita eg har møtt. Mange stader er der berre eit jordgolv, trekkfulle vegger, eit tak som lek og ein gamal, utrangert vedomn nokon på eit tidspunkt har drege med heimanfrå inn i villmarka. Så møter eg folk som fortel at nett denne staden representerer dei finaste opplevingane deira – dette sett opp mot det enorme pengeforbruket med den moderne hyttebygginga vår.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Etter ei avslutta rettssak skal tjuvjegeren ha reist seg og spurt ut i salen: «Er det nokon her som er interessert i elgkjøt?»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis