Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieKultur

Jøderanaren i Villa Grande

Bodil Stenseth ville skrive historia om Villa Grande, som Quisling døypte om til Gimle. Undervegs fann ho prov på at «Føraren» sjølv hadde rana til seg jødisk eigedom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunst og møblar inne i Villa Grande, som Quisling kalla Gimle.

Foto: Sturlason AS Polyfoto / Press

6605
20171124
6605
20171124

Historie

janh@landro.bergen.no

Det høyrer til historias ironi at den grandiose bygningen på Bygdøy som skulle bli eit maktsentrum i Quislings «Nye Noreg», i dag hyser «Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter». I dei hundre åra som er gått sidan byggearbeida tok til på det som fekk namnet Villa Grande, har huset og eigedommen vore gjennom mange og store omskifte.

Når kulturhistorikar Bodil Stenseth har kalla boka si Quislings ran, er det tale om meir enn eitt brotsverk. Tittelen refererer til korleis NS-leiaren tileigna seg den statlege bygningen på Bygdøy, men ikkje minst korleis han rana til seg sølv, kunst og andre gjenstandar frå jødefamilien Watchman, som møtte døden i ein tysk konsentrasjonsleir. I overført meining er det tale om at heile Quisling-regimet var eit ran, med omstøyting av konstitusjonen og innføring av eittpartistat og diktatur.

– Det var godt kjent at Vidkun Quisling hadde samlarens instinkt og lidenskap, og vi veit at han hadde lagt seg opp ei kunst- og antikvitetssamling etter åra i Russland, der han samarbeidde med Fridtjof Nansen, forklarar Stenseth.

– Så slo det meg at ikkje alt på den omfattande inventarlista frå Gimle nødvendigvis kom frå Slottet eller frå Norske Selskab, der Quisling hadde forsynt seg grovt. Ein VG-artikkel frå 1970 sette meg på sporet, og etter noko leiting fann eg fram til jøden Philip S. Watchman, som hadde drive antikvitetsforretning i Oslo.

Alt før han og familien var ute av Oslo om bord på transportskipet «Donau», starta plyndringa av husværet og butikken – og det meste vart frakta til «førarresidensen».

Det har lenge vore kjent at heimane til mange norske jødar vart tømde i krigsåra. Men Stenseth meiner at Quislings direkte rolle i eitt av desse rana ikkje har vore dokumentert før. Ho ser ikkje bort frå at han kan ha vore med på fleire plyndringar. Forfattaren strekar under at Quisling var den som gav ordren, han tok ikkje sjølv del i plyndringa, men alt rovet skulle gå til han.

«Kynisk og havesjuk»

Ein samlar som har gått amok, lyder Bodil Stenseths karakteristikk av Quisling. Blant anna vart det funne meir enn 600 kilo sølv etter han, i form av bestikk, ulike gjenstandar og gammalt sølv som var støypt om. Han hadde eit halvt dusin antikke golvur i Gimle, pluss eit på kontoret sitt på Slottet og eit på hytta i Asker – dit han skulle evakuerast om nødvendig. Gimle vart ein samlesentral for tjuvegods.

I tillegg til alt anna var Quisling også ein simpel tjuv?

– Eg vil ta hardare i. Han var omsynslaus, kynisk og havesjuk. Særleg tydeleg vert dette sett opp mot korleis han under straffesaka sa frå seg ansvaret for og all kjennskap til det som hadde skjedd med jødane i Noreg. Han ville ikkje vedgå at hans eigen antisemittiske politikk medverka til det. Det tyske statspolitiet gav ordren, men det norske statspolitiet under Quisling-regjeringa gjennomførte aksjonane og deportasjonane. Antisemittismen har jo lange og djupe røter i Noreg. I ettertid har det vore ein tendens til å bagatellisere og ufarleggjere Quislings rolle i jødeutryddinga. Det ser eg ingen grunn til.

Ingen veit i dag kor mykje av tjuvegodset frå jødar og flyktningar som kom tilbake til dei rette eigarane eller etterkommarane deira, fortel Stenseth. Ho har heller ikkje tal på kor mykje kunst, møblar og anna som hamna i Gimle i krigsåra.

Boka di gir inntrykk av at Maria Quisling, meir enn «Føraren» sjølv, dikterte korleis Gimle skulle innreiast og utstyrast?

– Det er heilt klart mitt inntrykk at ho tok styringa frå første stund. Eit ikonisk bilete viser Maria idet ho forlèt Gimle for siste gong, iført sid pels, med ein annan pels på armen og ei stor handveske. Eg lurer verkeleg på kva ho tok med seg derfrå.

Stenseth skildrar interiøret i Gimle som «overlesset, påtatt og sammenrasket». Her meiner ho å sjå oppkomlingens signatur. Ikkje berre var romma overmøblerte, eit «museumsstykke» av eit golvur stod gøymt bak ei dør.

Maktkamp

«Røvarborg», kallar Stenseth Quislings Gimle. Namnet hadde han henta frå norrøn mytologi, der Gimle var bustaden til gudane i den lykkelege, nye verda etter Ragnarok. Ikkje berre hadde «husherren» røva til seg det aller meste av innbuet; arbeidet med å innreie og omskape det som hadde vore Villa Grande, gjekk føre seg med ein serie lovbrot. Boka fortel om «lovløse tilstander».

– Quisling og NS spydde ut lover og forordningar som gjaldt for alle, berre ikkje dei sjølve. Han dreiv maktmisbruk sett i system, seier forfattaren.

Du skriv at historia til Gimle kom til å spegle maktkampen mellom Terboven og Quisling. Det må du forklare!

– Alt ved juletider 1940 vart det sett i gang omfattande arbeid i bygget. Men då var Quisling berre «skuggestatsminister». Korleis kunne han likevel bruke så mykje pengar over statsbudsjettet? Eg spekulerer på om Quisling alt hadde fått lovnad frå Hitler om å bli ministerpresident og at Terboven, som jo ikkje hadde sans for Quisling, berre måtte godta det.

Den første som rykte inn i forrædarbustaden etter at Quisling & co. rauk ut, var general Andrew Thorne, øvstkommanderande for frigjeringa av Noreg. Fram til kong Haakon igjen sette fot på norsk jord 7. juni 1945, var generalen de facto landets statsoverhovud. Han starta arbeidet med å avnazifisere Gimle og ville gjere quislingreiret til staden der det frie Noreg feira seg sjølv, fortel Bodil Stenseth. Særleg symboltung var ein middag han gav for den nyss heimkomne kongen og ei rad prominensar.

Boka til Stenseth har undertittelen «Historien om Villa Grande». Der fortel ho korleis Hydro-sjef Sam Eyde våren 1917 set i gang arbeidet med å byggje ein stor villa på Grandehøyden på Bygdøy. Men han får sparken som generaldirektør, og skipsreiar Henrik Østervold blir ny byggherre. Fire år seinare sel reiaren det ferdigbygde, men ikkje innreidde palasset til Aker herad. Så tek staten over eigedommen utan at noko skjer. Det er såleis ei stadig uferdig, nybarokk «borg» Quisling okkuperer i 1940.

Etter krigen, no igjen under namnet Villa Grande, vert bygningen arena for ulike offentlege verksemder. Men staten ser aldri ut til heilt å ha visst kva han skulle bruke det «uhensiktsmessige» og no delvis freda bygget til. Men så, i 1999, gjer general Bjørn Egge framlegg om å lokalisere det enno ikkje realiserte Holocaustsenteret til Quislings gamle residens.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg vil ta hardare i. Quisling var omsynslaus, kynisk og havesjuk.

Bodil Stenseth, kulturhistorikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis