Monument over ei anna tid og ei anna livsform
Radarparet Røyrane og Apneseth har teke for seg norske klyngjetun,
som det fanst mange tusen av, men no står berre noko over hundre att.
Dale på Grytøy. Knut er blant dei eldste i tunet, Hubert er den yngste.
Foto: Oddleiv Apneseth
Historie
janh@landro.bergen.no
At klyngjetuna vart borte, ser journalist og forfattar Eva Røyrane som eit stort kulturtap. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har ho vitja femti slike tun og laga boka Klyngetunet. Den norske landsbyen. Ho meiner at dersom kvinnene hadde fått rå, ville me hatt langt fleire klyngjetun i dag.
Eit slik syn grunngjev ho med at fellesskapen dei hadde, var svært bra for kvinnene. Mennene var ofte borte på fiske, kvinnene sat heime og styrte garden og hadde sikkert stor nytte av kvarandre. Røyrane spør om det var nødvendig å løysa opp desse tuna, sjølv om dei sjølvsagt måtte gjera noko med jorda for å få til meir praktiske og moderne driftsformer. Det ser jo ut til å ha gått fint der tuna er blitt ståande, konstaterer ho.
Rot i mellomalderen
Omgrepet klyngjetun definerer Eva Røyrane som éin stor, gammal gard som etter mellomalderen vart delt i mange bruk. Dette tok til på 1600-talet og skaut fart med folkeveksten dei neste to hundreåra. Desse tuna med teigdelte åkrar og stadig fleire hus kring tunet oppstod då garden skulle gje levebrød til fleire menneske. Folk kunne sjølvsagt ikkje byggja på den beste matjorda, i staden sette dei husa sine så tett som råd kring det alt eksisterande gardstunet. Jorda vart fordelt slik at alle fekk like mykje god og like mykje dårleg jord.
– Dette er tun som har røter i mellomalderen. Og spor etter mellomalderen fanst der heile tida fram til tuna vart oppløyste med den store jordreforma mellom 1850 og 1920, som gjorde slutt på teigdelinga, fortel Røyrane.
Korkje ho eller andre kan seia eksakt kor mange slike tun me har hatt her i landet. Truleg låg talet mellom 7000 og 10.000, og forfattaren meiner at me i dag har att ein stad mellom hundre og to hundre, kanskje berre litt over hundre.
– Me veit at det har vore teigdeling i alle fylka, og der det var teigdeling, var det ofte klyngjetun. I hovudsak har dette vore ein måte å organisera gardane på frå Agder langs kysten og inn i fjordane heile vegen oppover til og med Troms.
Fleire hundre menneske
– Kvifor var dette først og fremst eit kystfenomen?
– Fordi bøndene langs kysten hadde høve til å driva med mykje anna. Dei kunne kombinera jordbruk med fiske og annan fangst, båtbygging og anna handverk, losing, jektefart og ymse arbeid på sjøen. Dei utnytta ressursane, og då kunne dei klara seg med litt mindre jord enn innlandsbøndene.
Så er dette òg eit spørsmål om haldningar. På storgardane på Austlandet, oppover i dalane og i Trøndelag var det nok eit sterkare ønske om å halda odelsgarden samla. Det er jo denne odelsbonden som har fått den dominerande plassen når historia om den norske bonden skal forteljast. Bonden som levde i ein tett fellesskap, høyrer vi lite om. Det handlar om ein kystkultur som er blitt tilsidesett i høve til innlandskulturen.
– Kor store kan dei største «landsbyane» ha vore?
– Vere på Lista hadde 50 brukarar, Bleik på Andøya 86. Då må det ha vore fleire hundre menneske. På Vere hadde dei fleire butikkar, meieri, postkontor og handverkarar. Frå gammalt av var det kyrkje på fleire av mellomaldertuna. Og skule har dei hatt, mange av desse fellesfunksjonane som er typiske for den europeiske landsbyen.
I Ullensvang var Opedal det største tunet, med om lag hundre hus og 200 menneske. Ved utskiftinga der vart 67 hus flytta. Det må ha vore smerteleg for mange å verta rivne vekk frå åkrar og epletre. Prosessen tok fleire år, og han kosta mykje på mange måtar. Det hende at familiar måtte gå frå gard og grunn. Mange bondemøblar og anna innbu gjekk likeins tapt.
Tradisjonssamlaren Halldor O. Opedal skriv at «tunfolki kjende seg som ein huslyd». Det er inntrykket også Eva Røyrane har. Tunlivet var trygt, ein hadde alltid nokon kring seg som ein kunne stø seg på. Dessutan var mange av dei som budde på same tun i slekt.
– Eg trur dei hadde mykje glede og nytte av kvarandre, men det var nok ikkje berre fryd og gaman. Dei vart gode på å unngå konflikt ved å jenka og tilpassa seg. Det måtte mange uskrivne lover og reglar til for å få ein slik fellesskap til å fungera nokolunde konfliktfritt. Folk visste kva for oppgåver dei hadde, og mange tun hadde også sin «ordensmann». Du skulle ikkje stikka deg fram, men innordna deg.
Trongt for nye tankar
– Kva former for arbeidsfellesskap voks ut av dette tunlivet?
– Det var praktisk å gjera ting i takt, anten dei skulle slå graset eller spa opp åkeren om våren. Då arbeidde dei side om side. Skulle dei slå i utmarka, gjorde dei arbeidet saman og delte høyet når dei kom ned til utmarksgjerdet. Saman bygde dei kraftverk, vassverk, vegar og andre fellesprosjekt. Somme stader hadde dei felles fiskebåt, og dei delte smie og kvern.
– I boka er du inne på at det var lite rom for personleg initiativ i desse fellesskapane. Då var det vel også tronge kår for nye tankar og idear?
– Sjølvsagt. Først når bonden fekk eit stort jordstykke for seg sjølv, kunne han utfalda seg og gjera ting etter eige hovud. Lova var slik at dersom éin brukar i tunet kravde utskifting, vart det utskifting. Du skulle vera ganske modig for å tora vera den som først bad om utskifting. Helst var det innflyttarar eller unge som kom heim frå jordbruksskulen med nye tankar. Rett nok vart bonden fri, men han kunne ikkje lenger rekna med å få hjelp når han trong det.
Røyrane fortel at i om lag 40 av dei 50 tuna ho og kollega Apneseth har vitja, bur det folk. Og fem–seks tun er museum. Berre nokre få er utan fastbuande, og ei lita gruppe tener som feriebustad. Dei fleste karakteriserer ho som livskraftige tun, der det òg mange stader blir drive aktivt landbruk.
– Kva gjorde at somme tun overlevde?
– Det handlar mykje om ras- og flaumfare. Tuna var gjerne plasserte på den tryggaste staden, og flytting av hus kunne gjera dei meir utsette for ras eller flaum. På vestsida av Sørfjorden i Hardanger finn me fleire tun som vart ståande fordi det ikkje var tilrådeleg å setja opp hus andre stader på eigedommen. Henjatunet i Leikanger vart berga fordi flytting ville øydeleggja mykje av frukthagen. Eller det kunne vera at ein brukar hadde bygt ein stor, kostbar låve som dei andre ikkje hadde råd til å løysa ut.
Ei svær omvelting
– At det bur folk der, treng ikkje bety at tuna er intakte?
– Me meiner at tuna er intakte når folk har blitt buande. Sjølvsagt har dei endra seg. Nokre hus er vekke, nye har komme til, også nye vegar, men dronebileta til Oddleiv syner at mykje av den opphavlege strukturen kan vera intakt. Dei aller fleste stadene der ein ikkje har flytta ut frå tunet, har ein hatt utskifting av jorda og driv moderne landbruk. Men det finst tun som har halde på teigblandinga, til dømes på Alnes i Giske kommune. Der deler elleve bruk tunet og har mange teigar kvar. Og på Bleik eig 86 av grunneigarane kvar sin del av den gamle garden – slåtteteigar, teigar i utmarka og teigar ved sjøen.
– Byggjebølgja som jordreforma utløyste, gjorde òg noko med utforminga av våningshus og driftsbygningar?
– Det kom mykje nytt, ikkje minst fekk sveitsarstilen innpass her i landet. Så kom det lovkrav om at fjøs og låve skulle vera i eitt hus. Resultatet var ein heilt ny byggjeskikk på bygda. Samstundes vart kulturlandskapet endra ved at fellestuna forsvann og det kom eit nytt tun på kvar haug. Ei svær omvelting, både visuelt, kulturelt og sosialt.
På spørsmål om kven som bur på klyngjetuna i dag, vil ikkje Eva Røyrane høyra tale om «bonderomantikarar». Dei som bur der og tek vare på tuna, er anten etterkommarar eller folk som vil bort frå byen. Somme har det som fast bustad, andre driv gardsturisme der. Men at fleire enn dei tuna som alt er museum, etter kvart vil verta museale, trur ho ikkje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Saman bygde dei kraftverk, vassverk, vegar og andre fellesprosjekt. Somme stader hadde dei felles fiskebåt, og dei delte smie og kvern.
Eva Røyrane, forfattar og journalist
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.