JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Inn i naturen

Etter eit opphald på nesten 35 år kom Stig Holmås med ei ny diktsamling for to år sidan og enno ei no. 75-åringen trur det kan ha noko med hastverk å gjere.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stig Holmås har framleis mykje på hjartet.

Foto: Eivind Senneset / Gyldeldal

8252
20211126
8252
20211126

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Han kan ikkje heilt forklare kva det er som skjer, men forsikrar at han framleis har mykje på hjartet. Og sidan Holmås byrjar få hastverk, tenkjer poeten som dei ti første åra av forfattarskapen berre gav ut diktsamlingar, at det ikkje er så dumt å ta i bruk ein sjanger der ein kan få sagt mykje med få ord.

– Og så har det lyriske alltid tiltrekt meg, musikken i språket. Eg har jo nokre romanar med eit språk eg vil kalle lyrisk prosa.   

– Har du gitt romanskrivinga på båten?

– Eg skriv på siste kapittel i ein ny roman i desse dagar.

Tittelen på haustens utgiving, Dagene er blitt fortere nå, fortel at også livsens haust har komme, og at diktar-eget er medvite om det. I eit av dikta er det til dømes tale om å «møte døden rolig».

– Eg har nok byrja på oppløpssida. Og der skjerpar ein seg, så får vi sjå om eg har disponert kreftene så pass at mjølkesyra ikkje tek meg før eg er kommen til målstreken. Førebels diktar eg kvar dag.

– Har «denne hersens alderdommen» du skriv om, teke til å styre diktinga di?

– Eg reflekterer i nokre av dikta over alder, ja, men eg mimrar ikkje. Eg er oppteken av framtida vår, og av kva vi kan gjere for å berge henne for etterkommarane. Elles gir åra auka sjølvinnsikt, djupare vilje til å vedgå eigne manglar og feil, men òg evne til å skilje viktig frå uviktig. Eg er blitt flinkare til å prioritere, også i mi eiga dikting. Kva prosjekt kan eg fullføre, kva må eg leggje til side?

Stig Holmås fortel at alt i dei to samlingane er ferskvare. Nokre av dikta låg rett nok i ei skuff, eller på ein harddisk, men då yngste dottera hans for få år sidan las eit av dei, bad ho han sende det til Klassekampen.

– Det var eit dikt om privatiseringsfundamentalismen, i samband med oppstykkinga av jernbanene våre. Å få det på trykk, gav meirsmak. Diktskrivinga mi skaut fart og blei til samlinga Innom, som kom i 2019. Og i år blei det jammen ei diktsamling til, alt nyskrive.

Naturen

– Korleis har lange opphald i Portugal sett spor i lyrikken din?

– Dei har gitt meg meir tid til ro og refleksjon, fordi eg er langt vekke frå alt eg blir stressa av. Og så er eg blitt glad i landet og folket og har dermed vida ut inspirasjonskjeldene mine.

– Diktet «Dønningene» kan tyde på at du ser føre deg ei sameining med naturen den dagen du døyr?

– Det er den eine tolkinga. Samstundes handlar det om roa og den harmoniske heilskapen som angstdempar. Men ja: Eg er natur no, og eg kjem til å halde fram med å vere natur etter at hjartet mitt har stansa. Apasjeindianarane, som var jegerar og sankarar, har eg lært mykje av. Dei meinte vi aldri må gløyme at plantene og dyra er syskena våre. Dei sa at misser vi respekten for naturen, misser vi også snart sjølvrespekten. Med dette som grunnsyn blir «meininga med livet» at eg har fått vere menneske. Eg treng ikkje ein himmel etterpå. Her er mykje å gle seg over, når ein ikkje er sjuk eller svolten.

– Det er mykje sjø i denne samlinga?

– Sjøen har vore ein viktig del av livet mitt. Eg er fødd og oppvaksen i sjøfartsbyen Bergen. Frå blokka der eg voks opp, hadde vi utsikt mot Damsgårdsundet og eit skipsverft. Sjøsetjingane på verftet var festdagar i strøket vårt. Då høyrde vi gudmora seie fram sitt: «Måtte hell og lykke følge deg over alle hav.» Slike ord gav næring til draumar og lengslar. Og så var alle fire besteforeldra mine strilar. Om somrane oppheldt eg meg difor stort sett i oselvarar, med eit fiskesnøre mellom hendene. Og foreldra mine hadde motorbåt. Søkjer eg fred og ro, finn eg det framleis gjerne i ein båt, stor eller liten. Dessutan arbeidde eg i ti år som bibliotekar på bokbåten «Epos». Og i Portugal bur eg ved havet. At dønningar kan bli metaforar i diktinga mi, er difor ikkje så rart. 

Medan desse orda blir skrivne, bur Stig Holmås seg på ei siste opplesing om bord i bokbåten «Epos», som i nesten 60 år har vitja biblioteklause utkantar på kysten og inne i fjordane på Vestlandet. Men no vil ikkje fylkespolitikarane prioritere det flytande biblioteket, som har vitja så mange småstader med bøker, teater, føredrag, visesong og anna for store og små. Holmås finn det uforståeleg at denne kulturspreiaren ikkje skal få halde fram.

– I Arizona-ørkenen trefte eg ein gong ei kvinne som køyrde bokbuss i indianarreservatet. Då ho fekk høyre at eg var frå Noreg, utbraut ho spontant: «The land of the famous book-boat.» Så «Epos» er kjend langt utanfor Noregs grenser. Kulturelt sett er han eit distriktspolitisk ikon. Diverre er han styrt av politikarar utan naudsynt vett. Eit årsbudsjett for bokbåten er ikkje større enn prisen på tre ordførarkjeder i Vestland.  

Solidaritet

– Lyrikken din er ikkje lenger så politisk uttalt som før, meir eksistensiell?

– Prosentdelen av politiske dikt har nok minka, men til gjengjeld er dei eg skriv, blitt betre.  

– Kvar står du politisk i dag?

– Alle store verksemder bør eigast av fellesskapet. Dei mellomstore og små kan eigast av kven som helst. Og ingen skal arbeide under tariff. Vi skal ha minstelønn og topplønn. Og så er eg imot ein utanrikspolitikk som er dirigert av USA og amerikansk våpenindustri. Så då er eg vel venstre-sosialdemokrat. 

– Solidaritet har framleis ein plass i diktinga di?

– Eg voks opp nær ein arbeidsplass der alle var fagorganiserte. Far min abonnerte på Orientering. Første gong eg tykte eg kunne lese som ein vaksen, var då eg las «Norges Sosialdemokratiske Ungdomsforbunds Forlag» høgt utan å snuble. Med ein slik oppvekst var omgrepet solidaritet noko sjølvsagt. Livsmottoet mitt blei: «Folk flest er bra folk.» Det skreiv eg alt i den fyrste diktsamlinga mi for 51 år sidan. 

– To dikt skil seg ut ved lengda si, «Havets tiger» og «Perspektiv». På sitt vis handlar begge om arbeid og arbeidarar, men elles er dei svært ulike?

– Det eine er ei hyllest til blekksprutfangarane i den portugisiske landsbyen min. Det andre blei til i sinne over eit framlegg om å skifte namn på bydelen Møhlenpris i heimbyen min. Grunngivinga var at han var oppkalla etter Jørgen Thormøhlen, som dreiv med slavetransport på 1600-talet. To hundre år seinare fekk strøket skipsindustri, arbeidarbustader og trikkehallar. Møhlenpris blei sentrum i den store sporvegsstreiken på 1920-talet og i jødeutryddingane under krigen. Bydelen fekk idrettslag og teatergruppe, her var det rockekonsertar, fotballturneringar og så bortetter.

– Det er desse assosiasjonane vi får av namnet på denne bydelen. Tek du bort namnet, er du også med på å viske ut historia. Framlegget var difor etter mi meining historielaust og sekterisk. Så enda eg med eit dikt som eigentleg er ein moderne versjon av Rudolf Nilsens «En vise om Kinabarna». Altså om korleis fattigfolk i den tredje verda lir fordi du og eg skal ha det triveleg. Diktet handlar mellom anna om at alle dei digitale dippeduttane våre er laga av slavar, barnearbeidarar og underbetalte gruvearbeidarar.

Mor

– Eit antikrigsdikt, eller kva vi skal kalle det, har du også funne plass til?

– «Spørsmål» blei til før 1. mai i fjor. Pandemien herja, flya stod på bakken, og eg syntest det var tid for å spørje: Kva gjer vi når dette er over? Skal vi slepe flyselskapa, hangarskipa og den fossile industrien med oss inn i framtida? Eller skal vi forstå at pandemien har gitt oss ein sjanse til å berge kloden?

– Du har eit morosamt dikt om hypokondrar. Er du sjølv ein av dei?

– Ja, det er nok dessverre eit sjølvbiografisk dikt. Det underlege er at jo nærare døden eg kjem, jo mindre redd blir eg for han. Eg trur hypokondri nesten alltid grunnar seg i angst for døden.

– Gleda over dei små ting synest vere intakt hos deg?

– Det har eg lært av mor mi. Ho kom frå fattige kår i ei vestlandsbygd, hadde sju år folkeskule og er det klokaste mennesket eg har møtt. Ho kunne skape eit heilt univers av eit lite bål i fjæresteinane. 

– Vegen «mot det aller siste/ hjerteslag» ser ikkje god ut for menneskeætta?

Nei, det ser mørkt ut. Håpet ligg i at det framleis er råd å berge både sivilisasjonane og naturen. Så det er opp til oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eit årsbudsjett for bokbåten er ikkje større enn prisen på tre ordførarkjeder i Vestland. 

Stig Holmås

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis