Københavns audmjuke stader
Johannes V. Jensen kan ha dikta «Ved Frokosten» til målarstykket med same namn av Fritz Sydberg. Jensen åtte dette målarstykket.
Matmonsen
Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det
i Dag og Tid.
Ved Frokosten
Kafeen skal være velsignet
Gud ske Lov for Sofahjørnets Fløj!
Jeg omfatter min Kellner med Sympati,
Jeg sidder sval og barberet ved Bordet,
Finder stangen under det med fødderne
og spiler Næsen mod Dugens kyske Klorlugt
Giv mig en Bajer!
Jeg vil berømme det ravgule Øl fra Fad.
Der er isafkølet, og det fraader af kulsyre,
Død og djævel, hvor mine Tænder længes efter det!
Mit Svælg drikker, allerede naar jeg ser paa Afstand!
Jeg vil begrave mig i en slurk…
Jeg var tørstig… i aften, hvordan var det?
Nu har jeg det godt.
Der staar fire blomstrende Stykker Smørrebrød for mig.
Først spiser jeg et med Æg og Sild –
O Anelsen om Svovlbrinte og om jodlugt fra Havets Tangskove!
Derpaa sætter jeg Tand i et ungt skært Stykke med Steg,
og her fordyber det Smagen, at jeg tier.
Rullepølsens Bouquet af Faar og af oliedryppende Maskiner,
Væverier udvider mit Velbefindende.
Osten knytter Stemningen af forraadnelse
og rygende Elskov sammen i mit Hjerte.
Men nu skælver mit Bryst imod Snapsen,
som jeg har skænket mig af den iskolde Flaske.
Se den spiller, den ler klart,
jeg holder den op som en stor levende Diamant,
Kornbrændevin, kort sagt, Danmark!
Her sidder jeg og bereder mig på det bedste Øjeblik.
Her er godt. Hatte passerer Vinduet, meget Folk færdes på Gaden.
Jeg har sagt til mig selv at Livet og Solsystemet gaar glimrende.
Skaal!
Johannes V. Jensen

Nordmenn elskar København. Og veldig mange nordmenn har vore på ein frukostrestaurant og nytt godt av den rause danske menyen av «højtbelagte smørrebrød». Mange vil ha smakt dei klassiske dyrlegens natmad, hønsesalat, ræger med æg, sol over Gudhjem, frikadeller og flæskesteg. Men dei færraste kjenner historia til serveringsstadene som byd på dei.
I den danske byhistorikaren Allan Mylius Thomsens bok De ydmyge steder får vi vite at det i København i eldre tider eksisterte ein rett for tilreisande: Dei skulle få husly og eit måltid mat. Fullstendig gratis. Det var berre å banke på døra. Gjestfridom var ei dygd. Men etter kvart blei det for mykje, i dei mest populære og sentralt plasserte husa gjekk det over stokk og stein. Ein av borgarane i byen søkte difor Kongen om å få løyve til å ta betalt for mat og drikke. Det fekk han – og slik oppstod byens «ydmyge steder». Dei vert kalla audmjuke fordi ein må ta eitt eller fleire trappetrinn ned for å kome inn.
Mitt første møte med de ydmyge var Café Sorgenfri i Brolæggerstræde. Vi fall naturlegvis pladask for staden med rustikt interiør, smårutete dukar og øltønner stabla i hjørnet. Ved sida av øltønnene sat jamvel ein lett påsegla slaktar – yrket kunne vi sjå på forkleet – og song drikkeviser lågt for seg sjølv. Dei eventyrlege smørbrøda kom til bordet på muntert høgreiste fat, komplett med friskt fatøl og iskald snaps. Vi pietistisk oppdregne nordmenn er sjølvsagt svake for det danske frilynnet, særleg når kelneren midt på blanke føremiddagen lurt seier: «Vi set berre akevittflaska her på bordet, så ser vi korleis det går.» Alle veit korleis det går.
Kjøper du snaps enkeltvis, kjem dei i tre storleikar: «pinleg», «rimeleg» og «fornuftig». «Fornuftig» er sjølvsagt den største. Danske kremmarar er svært dyktige i faget sitt.
Eg vil altså tilrå alle å prøve Café Sorgenfri, som òg har eit relativt rimeleg prisnivå. (Lat deg derimot ikkje lure til å tru at ei dansk krone svarer til ei norsk, då går kontoen din tom før turen er over.) Eit anna absolutt must er den nyrenoverte restauranten Schønnemann, som er ein smule dyrare, men heilt storslått hyggeleg. Schønnemann lagar òg sin eigen porsesnaps, som du naturlegvis må undersøke. Ver fornuftig.
Danske smørbrød kan du utmerkt godt lage sjølv. Bruk dansk eller anna grovt mørkt rugbrød, som du skjer i tynne skiver. Smør dei på dansk vis med andefeitt eller smør. Legg på skiver av røykt aure eller laks, nokre spinatblad, asparges og tynne skiver av reddik, og pynt med fersk dill.
Og kva med denne guddommelege akevittsilda? Bruk den akevitten du liker best. Kok opp ein lake av 4 desiliter eddik, 175 gram sukker, ei teskei kvar av salt, spisskum og dillfrø. Koriander eller sennepsfrø kan òg nyttast. Kjøl ned laken. Skjer ei lita gulrot, 100 gram fennikel og ein raudlauk i svært tynne skiver, gjerne på mandolin. Skjer ein desiliter dill i bitar. Del seks store spekesildfiletar i passande stykke og legg dei lagvis med grønsakene og dillen i eit glas med lokk. Hell over laken og 1 desiliter akevitt, og lat det stå i kjøleskapet og hygge seg i minst eitt døgn.
Lat meg avslutte før sommaren med å takke for alle hyggelege meldingar, bilete og e-post. Til deg som lurte på kvifor eg påstod at paprika ikkje må etast rå: Sjølvsagt kan du gjere det! Men eg synest sjølv han blir betre med varmebehandling.
Eg ønsker alle ein riktig god sommar med Johannes V. Jensens fantastiske dikt «Ved Frokosten», frå hans Digte, som utkom i 1906.
Dagfinn Nordbø
Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi set berre akevittflaska her på bordet, så ser vi korleis det går.» Alle veit korleis det går.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.