Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kunst landet rundt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2005
20190301
2005
20190301

Marianne Hurum:

«Maleri og skulptur»

Lillehammer Kunstmuseum

16. februar–2. juni 2019

Utstillinga er laga spesielt for hovudsalen i museet, med måleri og skulpturar i aluminium.

Dette er den hittil største mønstringa av kunstnarskapet til Marianne Hurum. Ho er kjend som ein nyskapande målar, med sterke og vitale former og ein røff og energisk penselbruk. Det største verket i utstillinga er ei frise på heile 23 meter.

Norsk modernisme og bygdenes dekormaling

Lychepaviljongen, Drammens Museum

14. februar–19. mai

Utstillinga syner modernistisk kunst som ei vidareføring av fleire tusen år gamle tradisjonar. Her er folkekunst som rosemåla kister, ølbollar og tutekanner viste saman med arbeid av kunstnarar som Henrik Sørensen, Kai Fjell, Olav Strømme, Knut Rumohr, Jakob Weidemann og Mari Slaatelid.

Espen Dietrichson

Haugar Vestfold Kunstmuseum

19. januar–31. mars

Espen Dietrichson viser trykk og teikningar med fantastiske surrealistiske skildringar av arkitektur som løyser seg opp og svever over aude landskap. Den allsidige kunstnaren syner i tillegg fleire installasjonar med leikne skulpturar i metall.

Eve Ariza: «Murmuri»

Kunsthall 3.14, Bergen

8. februar–7. april

Eve Ariza frå Andorra har bygd opp ein diger installasjon av handlaga former i keramikk. Tusenvis av små skåler eller opne munnar dekker veggane og ulmar mot oss i varme jordfargar som spenner frå det gylne, raudlege til det brunlege. Installasjonen vart vist første gong under Veneziabiennalen 2017 i den andorranske paviljongen.

Beate Einen:

«Lysglimt – en hyllest til en mor»

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

23. februar–7. april

Det ser ut til at det ein trend av året å syne digre installasjonar. Beate Einen fyller heile 150 kvadrat og 7 meter takhøgd med kunstglas. Då mor hennar vart alvorleg kreftsjuk i 2011, vart gnisten vekke, og ho la vekk kunsten. Dette er vegen attende til kunstscena. Utstillinga er rik, fargesterk og fabulerande. Installasjonar i munnblåst glas dekker veggar, golv og tak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis