Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Kunst
jan.h.landro@gmail.com
Dei fleste har sett det, «Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet». Måleriet på 125,5 x 95 cm finst i historiebøker, skulebøker og kunstbøker. To versjonar av dette nasjonalikonet, frå 1869 og frå 1873, er i privat eige i Noreg. Men med god hjelp har Voss Sparebank komme over endå ein original frå 1869, truleg måla heilt på slutten av Knud Bergsliens tid i Düsseldorf. Det var også i Tyskland måleriet blei skaffa til vegar og kjøpt på auksjon for om lag 4,2 millionar kroner. Så er det blitt restaurert på Oslo Konserveringsatelier.
Både «Birkebeinerne» og dei andre verka banken eig av Knud og Brynjulf Bergslien, vil bli stilte til rådvelde for det kommande kunstmuseet, forsikrar banksjef Jørund Rong. Men kva tid det skjer, kan ingen spå i dag, seier prosjektleiar Peder Ringdal. Dei vil at senteret eller museet skal liggje i Voss sentrum, men har førebels inga tomt, ikkje noko bygg og inga finansiering, fortel han. Drifta ser ein føre seg må bli eit samarbeid mellom herad, fylke og stat.
Ryttarstatuen
Hovudverka til skulptøren Brynjulf Bergslien (1830–1898) står støtt i hovudstaden. Ryttarstatuen av Karl Johan framfor Slottet i Oslo, avduka i 1875, og Henrik Wergeland i Studenterlunden. Om det første seier Linda Hinners, intendant skulptur ved Stockholms Nationalmuseum:
– Det var knytt stor prestisje til å få utføre ein ryttarstatue, det mest ærefulle oppdraget ein skulptør kunne få på den tida. Og dette var den første statuen i sitt slag i Noreg. Ein lang politisk debatt gjekk føre avgjerda om kven oppdraget skulle gå til. Det alle var samde om, var at det skulle vere ein norsk skulptør. Brynjulf Bergslien hadde klassisk utdanning frå Danmark, der skulpturen òg blei støypt, og oppdraget rodde han i land med ære.
Ryttarstatuen av Karl Johan framfor Slottet i Oslo.
Foto via Wikimedia Commons
– Karl Johan-monumentet på Slottsplassen skriv seg inn i ein fleire tusen år lang tradisjon, heilt tilbake til antikken, noko som gir det ei utruleg tyngd. Det er stort at Bergslien får dette oppdraget, gjennomfører det og slik sementerer verket i norsk historie og kulturhistorie. Dette skjer i ei brytningstid mellom det tradisjonelle og det meir moderne. Med somme moderniserte drag, som at kongen ber uniform og ikkje rustning, er statuen trygt plassert i ein europeisk tradisjon, slik også Bergsliens andre arbeid er, til dømes Wergeland-monumentet. Uttrykksmåten er tidstypisk, slik vi kjenner han frå europeiske kollegaer, på det viset blir arbeidet også interessant i ein større europeisk samanheng.
Linda Hinners gjer også eit nummer av at Brynjulf Bergslien var den første læraren til Gustav Vigeland, som seinare blei eit stort namn også internasjonalt. Slik blei han ei viktig lenkje mellom det gamle og det nye.
Ein attraksjon
Dr. philos. Knut Ljøgodt, direktør for Nordic Institute of Art og forfattar av Historien fremstilt i bilder, ei bok om norsk historiemåleri, fortel at Knud Bergslien (1827–1908) hadde ein avgrensa, men viktig produksjon av historiemåleri. Biletet med dei to birkebeinarane som flyktar over fjellet med den seinare kong Håkon Håkonsson (1204–1263), ser han som eit ikon i norsk kultur og ein attraksjon for det framtidige Bergslien kunstmuseum.
– Knud Bergslien var særs viktig i norsk kunst- og kulturliv i andre halvdel av 1800-talet, ei tid då nasjonsbygginga stod i sentrum og ein norsk identitet skulle skapast. Det er i denne samanhengen historiemåleria hans høyrer heime, og det er heilt opplagt at bileta hans må få eit senter på Voss, saman med nokre av skulpturane til broren, Brynjulf.
– Bergslien kunstsenter har også dei fem store bileta av norske kongar som Knud Bergslien fekk i oppdrag å måle i samband med at Oskar II vart krona til norsk konge i Trondheim i 1873. Korleis vurderer du dei?
– Dei kan ikkje reknast som sjølvstendige kunstverk på linje med birkebeinarbiletet, men snarare augeblikksbilete og dekorasjonselement laga i høve kroningshøgtida. Vi kan sjå at stroka er raskare enn den mødesame måten han byggjer opp historiemåleria og folkelivsbileta sine på. Men dei er viktige i ein kulturhistorisk samanheng og vil utgjere eit sentralt element i Bergslien kunstmuseum.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.