Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Leonardo da Vinci: Kva ville han med livet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjølvportrett av Da Vinci frå 1514.

Sjølvportrett av Da Vinci frå 1514.

Sjølvportrett av Da Vinci frå 1514.

Sjølvportrett av Da Vinci frå 1514.

4122
20171222

Renessansemennesket

I denne spalta stiller vi store spørsmål om dei største.

Leonardo (1453–1519) er sjølve lekamleggjeringa av eit renessansemenneske: målar, skulptør, ingeniør, musikar, hoffmann, naturvitskapsmann på ulike område. Det som best samlar dei ulike aspekta ved livsverket hans, er kanskje den intense viljen til å observere for å forstå, kombinert med den nærast unike evna til å skape eit visuelt uttrykk for det han hadde observert. Til fulle nytta han òg denne evna i måleria sine.

Kva er det viktigaste verket hans?

Utan tvil – hos meg i alle høve – «Nattverden» i Santa Maria delle Grazie-klosteret i Milano. Den realistiske tolkinga av det velkjende motivet og det psykologiske skarpsinnet i skildringa av korleis apostlane tek bodskapen om at «ein av Dykk kjem til å svika meg», gjorde han berømt over heile Vest-Europa. (Så får det vere at dei franske romantikarane greidde å gjere portrettet hans av borgarfrua Lisa til eit kultobjekt.)

Kva meinte han om samtida?

Renessansen var ikkje berre ein periode med eksplosjonsarta bløming innanfor kunst og kultur. Det var i tillegg ei tid med mykje krig og vald. Leonardo arbeidde til dømes eit års tid for den brutale krigsherren Cesare Borgia. Desse røynslene gjorde han skeptisk og heller misantropisk med omsyn til framtida for menneskeslekta, noko som syner seg i dei apokalyptiske teikningane og skildringane han produserte mot slutten av livet.

Kva innverknad hadde han på ettertida?

Leonardo rakk aldri å publisere dei tusentals sidene han skreiv og teikna med nye idear innanfor teknikk, geologi, anatomi, astronomi og andre fagområde. Etter at han døydde, forsvann skriftene inn i private samlingar. Derfor vart innverknaden hans mykje mindre enn han kunne ha vore. I målarkunsten vart han sjølvsagt eit førebilde, særleg gjennom den spesielle sfumatoteknikken (ein mest umerkeleg overgang mellom lys og skugge). Men Leonardo har nok betydd meir for ettertida som inspirerande og eggjande ideal enn som læremeister.

Var han lukkeleg?

Leonardo da Vinci stilte svært høge krav til seg sjølv og den kunstnarlege verksemda si og vart sjeldan heilt nøgd. Han var tidvis harm over mangel på anerkjenning – korkje hos Medici-familien i heimstaden Firenze eller ved pavehoffet, der konkurrentane Michelangelo og Rafael hadde store oppdrag, fekk han innpass. I tillegg kom problema den homofile legninga hans førte med seg. Men ein får tru at han hadde lukkelege stunder når arbeidet gjekk godt, når han vann nye innsikter på dei ulike fagfelta sine og når han hygga seg med vin og omgjenge med vener og kollegaer.

Var han eit godt menneske?

Han var medviten om sine eigne store evner – og om vanskane andre kunne ha med å verdsetje han. Om slike dumme menneske skriv han: «Det finst nokre som ikkje er anna enn eit røyr for mat og produsentar av gjødsel.» Men samstundes var han fylt av respekt for alt levande; han vart til og med vegetarianar på sine eldre dagar.

Kven var han i strid med?

Mange, men mest prinsipiell var striden med dei latinlærde ved fyrstehoffa som meinte at all sann kunnskap måtte lesast ut av skriftene til dei antikke forfattarane. Leonardo synte til erfaring som grunnlaget, og praktiserte det gjennom eigne undersøkingar av vidt skilde fenomen. Dette var ein strid som handla om både vilkåra for erkjenning og det mest målbare uttrykket for prestisje i samtida: rangen ved eit hoff.

Trudde han på Gud?

Det gjorde han nok, som alle andre i samtida. Men det kan verke som om Leonardos gudsbilete nærast er deistisk: ein tilbaketrekt skapargud som nøyer seg med å halde det store verdsmaskineriet i gang.

Kva ville han med livet?

Han ville undersøkje alt, skjøne alt og syne fram innsiktene sine. Han ville òg skape meisterlege måleri og skulpturar, driven av ein sterk trong for anerkjenning som kanskje hang saman med den noko uklåre statusen han hadde frå barndommen av, sidan han var fødd utanfor ekteskap.

Typisk sitat:

Skap figurane dine på ein slik måte at dei viser kva som fyller sinnet deira, elles er kunsten din ikkje verd å rosast.

Atle Næss

Atle Næss er forfattar

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis