JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

– Det er mange år sidan eg slutta å klage over livet

Herbjørg Wassmo er ein intuitiv forfattar som samlar på draum og fantasi og lever med sine «svarte greier». Det har det blitt gode romanar av, og i dag ligg ein ny føre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Herbjørg Wassmo har ein stor forfattarskap bak seg, og bøkene hennar er selde til 29 land.

Foto: Rolf M. Aagaard

10323
20210924
10323
20210924

Litteratur

janh@landro.bergen.no

For tjue år sidan dediserte Herbjørg Wassmo romanen Det sjuende møte «Til mitt menneske», ektemannen hennar. Der fekk ikkje Rut og Gorm kvarandre. I årets roman, Mitt menneske, dukkar dei same to hovudpersonane opp – og no finn dei saman. I denne boka held Rut fram med sin internasjonale karriere som biletkunstnar, medan Gorm etter kvart forlèt kjøpmannsskapet sitt og får suksess som forfattar.

Det låg slett ikkje i korta at det skulle komme ein oppfølgjar, for slik korkje tenkjer eller planlegg Wassmo. Men då mannen hennar for nokre år sidan spurde om ho torde skrive ein kjærleiksroman, tok ho utfordringa.

– Det er ingen tradisjonell, romantisk kjærleiksroman du har skrive, men like mykje ei forteljing om kjærleikens vesen og omskiftelege natur?

– Det er jo det som er interessant for meg. Der kjenner eg meg sjølv, og der kjenner eg menneska. Eg veit at levande kjærleik ikkje er gratis. Du må investere i både arbeid, finkjensle, forståing og heile spekteret av det å vere menneske. Det skal ikkje vere friksjonsfritt, då er det ikkje ekte.

Ho seier at nøkkelen til kjærleik som varar over år, er at ein ser den andre, har fysiske og sosiale vilkår for å leve saman og evne til å gi den andre tid og rom til å vere seg sjølv.

– Vi treng å utvikle oss sjølve og vekse om vi lever i parforhold. Rut var så dedikert til kunsten sin alt før ho møtte Gorm, at det hadde ikkje gått om ikkje han òg hadde sitt liv og sine draumar som han kunne byggje ut.

– Men er det ikkje også slik at dei, kvar på sin kant, er så oppslukte av det dei held på med, at dei lever heilt på kanten av kva eit kjærleiksforhold kan tole?

– Det er nettopp i slike forhold ein verkeleg får synt toleranse og kjærleik, ut over orda vi så lett tyr til. I kvardagen treng vi andre ting. Å elske kvarandre per telefon, slik dei gjer dei første åra, er uforpliktande. Når dei skal leve saman i kvardagen, er det hardt arbeid og konflikt, til dels. Dei har stor økonomisk fridom, og dei lit på at dei har kvarandre – heilt til sviket også innhentar dei.

Forboden kjærleik

Ein stad spør Rut Gorm: «kem evne kjærlighet igjønna et heilt liv?» Den replikken er så lada, meiner Wassmo, at lesaren må vere inni den scena for heilt å skjøne kva det dreier seg om. Men, legg ho til, replikken gjer at Gorm gjenkjenner uro og angst for å bli forlaten, og kanskje trur han at det er det Rut også ber på.

– Romanen er også ei historie om den forbodne kjærleiken, ho som elskar bror sin?

– Det ligg under heile tida og blir tydeleg etter at Marianne, Gorms syster, tek livet sitt. Denne kjærleiken er ein katastrofe for henne, men Gorm har ufarleggjort han, lagt han bort. Gorm burde ha forstått dette på eit tidleg tidspunkt, og det er vel det han til sist innser.

– Og derfor kan han seie: «Kjærlighet e en livsfarlig gave»?

– Dersom du satsar alt på eit anna menneske, risikerer du å miste ein del av seg sjølv. Er det ein som utnyttar tilliten og kjenslene dine, og du strekkjer deg og underkastar deg, er det fare for å miste seg sjølv. I og med at Gorm har vore så nær Marianne, har han erfart kor livsfarleg ei gåve kjærleiken kan vere.

Også tidlegare har Herbjørg Wassmo skrive om kunstnarar, mellom anna i Dina-serien, der Anna gir opp kunsten for kjærleiken. Men ein meir utprega kunstnarroman enn Mitt menneske, med både ein biletkunstnar og ein forfattar, har ho neppe før sett namnet sitt under.

– Rut er eit av dei mest absolutte menneska eg har møtt. Eg er ikkje alltid samd i hennar konklusjonar og alt ho tenkjer og gjer. Men ho har vore svært spennande å skrive om. Ho er kunstnar heilt inn i døden, bruker døden for alt kva han er verdt. Og ho inviterer Gorm til å gjere det same, knytt til Mariannes sjølvmord, men han er ikkje sikker på om han kunne klart det.

– Det er tydeleg at du har eit nært forhold til målarkunsten.

– Og til musikk og dans. Eg kjenner meg svært fattig utan å oppleve kunst eg ikkje sjølv har skapt. Som lita drøymde eg om å bli kunstmålar eller ballettdansar. Eg treng ikkje forstå kunst, det er nok at det rører ved meg på eit eller anna vis.

Tilsvarande med musikk, seier ho.

– Ein god konsert er bortkasta om han ikkje får fram gråten hos meg. Eg må ha kjenslene med meg. Ikkje på sentimentalt vis, men slik at opplevinga rører ved meg. Utan at eg veit kva som gjer det.

Samvit

– Den nesten Mefisto-liknande agenten hennar i Berlin, AG, kviler som ei vond ånd over Rut og synest vere uråd å bryte heilt med. Kven er denne skikkelsen?

– Det er han som har skapt henne. Og utnytta henne. Eg har, til liks med Rut, eit svært ambivalent forhold til han. Eg kjenner han ikkje, han vil bestandig vere eit mysterium for meg, og det er det vondt for ein forfattar å vedgå. Han har aldri forteljarrøysta, så vi blir ikkje kjende med han. AG er ein notorisk forførar og kunne sikkert fått ein psykiatrisk diagnose. Han får kunstnarane «sine» til å yte maksimalt og pressar dei til å utvikle kunsten sin. Men han går ut av mesenrolla ved også å etablere eit erotisk forhold til dei han er agent for.

Slike som han er det farleg å bli avhengig av, seier ho.

– Men Rut har eit sterkt raseri, som får henne til å flykte frå han. I alle tings ibuande faenskap er det alltid noko ein saknar, og Rut blir ikkje heilt fri han. Men han verkar også å vere bunden til henne, syner det seg.

– Det er mykje dårleg samvit i denne romanen?

– Berre folk utan innleving og empati er utan samvit. Det er nødvendig å ha eit utvikla samvit, men det skal ikkje vere invalidiserande. Rut har dårleg samvit for å ha forlate eit barn for å utvikle seg som kunstnar, men det har ikkje lamma henne. Det er noko med morsrolla, ikkje morskjensla, som fort kan bli invalidiserande. Samvit av det slaget har ikkje Rut.

Med grunnlag i eiga røynsle seier Gorm at «forfatter og tekst ofte er på kollisjonskurs». Slik seier Wassmo at ho sjølv har det, også. Heile tida. Og det er viktig for henne at det er slik. For ho må drøfte gjennom kva ho held på med.

– Eg innbiller meg jo at eg skaper noko levande. Då kan det ikkje vere friksjonsfritt. Eg har svært gode førstelesarar, direkte og ærlege, som hjelper meg med å stryke, pirkar på teksten og stiller gode spørsmål.

Ei frekkheit

– Gorm skriv eit essay med tittelen «Er selvet den eneste sanne Gud?». Er det dine tankar han målber der?

– Her møter eg meg sjølv i døra. Tidleg om morgonen, når eg set meg ved skrivebordet, er eg Gud. Det handlar om lengten etter å skape og dominere og til sjuande og sist vere den som veit. Det er jo ei livsløgn, ein slags suveren egoisme og ein måte å sjå seg sjølv først på. Det er det ein kunstnar må gjere: ikkje sjå seg sjølv først, men det ein skal skape, og så skyve verda til sides.

I boka gjer forfattaren ein såkalla cameo, der ho sjølv figurerer på TV som prisvinnande, nordnorsk forfattar, og der det mellom anna heiter om henne at «ho gir ikkje akkurat ved dørene tel folk med svaran sine». Ho ler sjølv over dette påfunnet og kallar det frekt, noko lesarane kan irritere seg over og kritikarane gi henne tyn for.

– Eg hadde vel ein frekk augneblink, og så blei det ståande.

– Det kan synast som om nærleik til eigne røynsler og kjensler er viktig for at Rut skal kunne skape på sitt beste. Er det slik du har det som forfattar òg?

– Det er utan tvil min bakgrunn som menneske som har trigga forfattarskapen min. Eg ville nok ikkje blitt forfattar utan denne bakgrunnen. Smerta, skamma, uroa, sorga ville vore på ein annan måte om eg hadde ein annan bakgrunn. Angsten, skamma og sorga har vore min beste skrivereiskap. Så har eg draumane, reelle nattedraumar, og eg har ein fantasi som går heile døgnet. Dette har eg utnytta for alt det er verdt; det er mange år sidan eg slutta å klage over bakgrunnen og livet mitt.

Det ho skriv, har treft mange av dei aller viktigaste lesarane hennar, menneske som kjenner slektskap til dei kjenslene ho skriv om.

– Mange av desse lesarane har tungt å bere. Stundom dukkar det opp i livet mitt som eit slags samvit, eg får aldri gjort nok. Men eg blir sliten av å vere talerøyr for dei elendige. Vi skal ikkje vere elendige. Vi skal vere frie, gå ut i verda og gjere det vi vil og det vi kan.

– Smerta har følgt forfattarskapen din heile vegen og finst også i rikt mon i denne kjærleiksromanen. Må det vere slik?

– Eg trur det. Utan smerte, ingen lærdom, ingen vekst, inga erkjenning. Ikkje minst: inga erkjenning av at ein kjem til kort. Og inga evne til empati. Utan empati rotnar menneskeslekta på rot, det ser vi døme på akkurat no. Verda går i oppløysing for auga på oss medan vi kranglar om partipolitikk.

Sorg og raseri

– Det kostar Gorm svært mykje å skrive romanen Nattemennesket, om systera hans som tok livet sitt. Var det slik for deg då du skreiv Hundre år og fortalde om korleis far din hadde misbrukt deg i oppveksten?

Lang pause.

– Det kosta svært mykje å skrive Hundre år, og det skulle det gjere. Den store skilnaden på dei to historiene er at Gorm elska Marianne og kjende det som ei sorg at ho måtte døy. Eg forakta og frykta han som skulle vere far min. Men redninga mi var at eg ikkje såg på han som eit menneske, men som ein slags naturkatastrofe.

Ho var svært letta da han døydde.

– Å ha ein slik bakgrunn har fått meg til å forstå også Gorms situasjon. Far min har eg ikkje teke på meg å forstå.

– Gorm seier til Rut at det var uuthaldeleg sorg og raseri som la grunnen for det viktigaste verket hennar. Det same kunne vel du sagt?

– Jo, men med Rut var det også kjærleik og samvit. Ho hadde ein annan sorgprosess. Når ein skal skape kunst, same kva, må ein berre vere takksam for det livet ein har hatt. Om det kan brukast til noko, om ein kan lære noko av det. Vel å merke når ein er gjennom, det går ikkje å stå midt i katastrofen og vere takksam.

– Lærer du sjølv noko av dei personane du diktar opp?

– Ingen levande har lært meg så mykje om å vere menneske som romanpersonane mine. Det er vel fordi eg slit så fælt med få dei til å bli levande, eg går igjennom alt mogleg med dei, ulike som dei er.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dersom du satsar alt på eit anna menneske, risikerer du å miste ein del av seg sjølv.

Herbjørg Wassmo, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis