JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ei dramatisk kvinnehistorie

Finst det ein litterær sjanger Tommi Kinnunen misliker, må han skrive ein roman i den sjangeren. Denne gongen blei det ein vandringsroman om eit tema som har vore dyssa ned sidan krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Romanen til Tommi Kinnunen som kjem ut her i landet til hausten, vart røysta fram som Finlandia-favoritt 2020 av finske lesarar.

Foto: Joonas Brandt / WSOY International Press

8120
20210709
8120
20210709

Litteratur

janh@landro.bergen.no

I Finland snakkar dei gjerne om krigen, den heroiske vinterkrigen, men om den såkalla framhaldskrigen, der Finland slo seg i hop med Hitler-Tyskland, skal det helst ikkje talast. Heller ikkje om dei finske kvinnene som følgde med tyskarane då Wehrmacht i 1944 trekte seg ut av Finland og over grensa til Noreg.

Då dei etter den tyske kapitulasjonen blei internerte og skamklipte på norsk side før dei slapp fri, valde somme av dei å ta heimvegen til fots. Dei har no fått sitt minnesmerke i form av romanen Ingen anger, omsett til norsk av Turid Farbregd. Arbeidet med å førebu ei filmatisering er alt i gang.

Forfattaren har rekna ut at Irene, den fiktive hovudpersonen i boka, gjekk 638 km. Kor lang tid den slitsame og farefulle ferda kan ha teke, anar han ikkje, difor nyttar han ingen datoar i teksten. Men mange veker må det vere snakk om.

Kvinnelagnader

Heime i Kuusamo fekk Kinnunen (f. 1973) som liten høyre små brotstykke av historier om det som blei kalla «unge, dumme kvinner». Ei av dei skal ha vore tenestejente hos oldemor hans. For nokre år sidan las han ein forskingsrapport som skildra nokre av desse kvinnelagnadene – sjølv om ikkje ei einaste kvinne eller etterkommar hadde vilja stå fram og fortelje kva ho hadde opplevd. Det er bakgrunnen for at romanen er utstyrt med ein dedikasjon til dei som vel togna som lettaste veg.

– Men det stod noko i rapporten som fortalde meg at den historia eg hadde fått høyre, var usann. Slett ikkje alle desse kvinnene var «tyskartøser», 60 prosent av dei som følgde dei tyske styrkane til Nord-Noreg, gjorde det fordi dei elles ville miste godt betalt arbeid.

Så blei det til at han skreiv om dei.

­– Men romanen er rein fiksjon. Eg valde meg ut fem ulike kvinner, to av dei hadde hatt kjærleiksaffærar med tyskarar, dei tre andre drog over norskegrensa for å halde på jobben sin – nett som i statistikken.

– Kvinneperspektivet går igjen i fleire av romanane dine, også her. Kvifor er det slik?

– I Finland blir så mykje skrive om krigen ut frå mannens perspektiv. Dei få kvinnene som blir skildra, er lotter, gråtande mammaer, evakuerte kvinner – meir eller mindre passive alle. Det likte eg ikkje. Eg ville fortelje om kvinners krigshistorie, og då gav perspektivet seg sjølv. Men eigentleg er det kvinner som har perspektivet i alle romanane mine.

Historieforteljing

– Etter den tredje boka mi fekk eg spørsmål om kvifor eg berre skreiv om kvinner og homofile menn. Kunne eg ikkje skrive om skikkelege mannfolk? Då bestemde eg meg for å skrive ein roman med berre kvinner. Dessutan tykkjer eg det er interessant å skrive om menneske som elles sjeldan finn vegen inn i romanar. Vi fortel helst om dei sterke, frie, rike og vellukka. Eg er langt meir oppteken av slike historier som det helst skal teiast om.

Ingen anger er Kinnunens fjerde roman, og alle er omsette til norsk. Han er utgitt på over tjue språk, men berre Noreg har teke alle fire bøkene hans. No lurer han på kva det er med oss nordmenn.

– Du har kalla boka di for vandringsroman, ein sjanger vi assosierer med unge menneske som frivillig dreg ut i verda for å oppleve og lære. Er tittelen også ironisk meint?

– Eg hatar vandringsromanar! Der vandrar hovudpersonen ut, og kanskje finn han eller ho seg sjølv. Eller fleire dreg ut i lag og blir glade i kvarandre. Det ville eg ikkje la skje med kvinnene mine. Hovudpersonen, Irene, hata eg òg. Eg fatta ikkje kva slags person ho er, for ho er heile tida tyst og berre observerer, heilt motsett meg.

Han seier at han vurderte å skifte henne ut, men kom til at han ville behalde henne fordi ho er som ho er – og nettopp fordi han mislikte henne.

 – Tilsvarande skreiv eg tre eindagshistorier saman til romanen Skår fordi eg hatar romanar der handlinga speler seg ut i løpet av ein dag.

Sidan 1992 har Kinnunen budd i Åbo, der han har jobb som lærar i finsk språk og litteratur. Forfattar er ei nemning han aldri nyttar om seg sjølv. Der han kjem frå, i det nordaustre Finland, ikkje langt frå grensa til Russland, er historieforteljing det viktigaste. Slik også i denne romanen, presiserer han.

– Men om somme finn noko større der, til dømes i form av psykologi, er det bra, legg han audmjukt til.

Vel vitande, får vi tru, om at mange finn svært godt teikna portrett i romanane hans.

– Som lærar vil eg vite kvifor ein elev ter seg som han gjer. Slik er det vel når eg skriv òg.

– Tittelen, Ingen anger, gjeld den for alle dei fem kvinnene?

– Eg håper det. Ingen av dei finske mennene som gjekk i tysk teneste, trong angre, så kvifor skulle kvinnene gjere det? Den haldninga kvinnene har, er svært viktig for handlinga. Dei ber nokre stygge minne inni seg, om ting dei har sett, men dei kan ikkje fortelje om det, dei kan heller ikkje kontakte andre kvinner som har vore i same situasjon. Det finst historier om kva som skjedde med nokre av dei då dei vende heim – dei blei smurde inn med tjære og dregne nakne gjennom gatene – men ingen dokumentasjon. Etter at boka kom ut, har eg fått e-post frå tre­–fire kvinner som stadfestar at dei har vore vitne til slike overgrep.

Inga fordømming

– Kvinnene syner ingen anger, og forfattaren syner inga fordømming eller moralsk peikefinger?

– Burde eg det? Mi oppgåve er å prøve å forstå, ikkje å dømme, seier han.

– Eg spør meg: Kor mykje visste desse kvinnene om det dei hadde vore med på? Ein heil del, trur eg. Alt før krigen kunne ein lese i finske aviser om forholda i tyske leirar. Den frykta dei fem kvinnene kjende for å bli drepne i Noreg etter frigjeringa, var nok reell. Det var ingen av dei som ikkje visste nok til å kjenne sterk frykt for kva som venta.

– Kva synest du om måten kvinnene unnskyldar sitt eige ansvar på?

– Eg meiner at alle fem er skuldige, kvar på sitt vis. Dei gav jo hjelp til ein som okkuperte Noreg. Men etter fleire desennium er det vanskeleg å seie kva som er rett og gale.

– Det er lett å sjå ein parallell i desse historiene til måten nordiske IS-kvinner bortforklarar det dei har gjort?

– I Finland byrja debatten om IS-kvinnene då eg var ferdig med manuset. Men situasjonen er mykje den same, med kvinner som har bestemt seg for å velje fienden, og så ser at det går gale.

Ingenting lært

Tommi Kinnunen elskar detaljar. Planen hans var å gå den ruta kvinnene i boka gjekk, og deretter skulle han oppsøkje ulike arkiv i Noreg. Men så kom pandemien og forpurra desse planane. Heilt mot slutten av romanen gir to av kvinnene seg til å fundere på om den normaliteten dei var vande med før krigen, vil komme attende, eller om ein ny normalitet vil oppstå. Forfattaren ser parallellen til dagens situasjon, men vil ikkje trekkje han for langt.

– Eg trur ikkje desse tilstandane er så gode å samanlikne. No er det slik at middelklassen ikkje lenger veit kva som skjer om tre månader. Men den situasjonen har arbeidarklassen levd med i ti år, med stadig kortare arbeidskontraktar. Å ikkje vite om ein kan få reise til Hellas på to–tre år, er noko anna enn å slite seg fram langs vegen gjennom eit øydelagt Lappland og ikkje vite kva som ventar ein. Å samanlikne dei to situasjonane blir i overkant dramatisk.

– Romanen er også ei historie om krigens råskap og galskap, men skildra indirekte?

– Ein krigsroman som ikkje er ein krigsroman, meiner du? Kanskje. Ein krigsroman er det jo. Men skriven slik at ingen kan ta meg på nokon feil. På skulen les vi Väinö Linnas roman Ukjent soldat kvart år. Til no har eg lese boka 21 gonger. Då tenkjer eg: Korleis er det råd å halde fram med eit normalt liv? Kva for liv er det vi held fram med? Er krigen eit vendepunkt?

– Ser du teikn til menneskeleg vekst i dei fem kvinnene du skildrar?

– Typisk for vandringsromanen er at ein skjønar noko, lærer seg noko, taklar valsituasjonar og blir eit betre menneske. For meg ser det ut til at ingen av dei har lært seg noko som helst på denne reisa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mi oppgåve er å prøve å forstå, ikkje å dømme.

Tommi Kinnunen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis