JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Ei samisk historie om tvang og skam

Det byrja med leiting etter eiga familiehistorie og enda i ei opprørande historie om norsk-svensk skam: tvangsflyttinga av samiske familiar på 1920-talet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Journalisten Elin Anna Labba har skrive bok om dei nomadiske samane som budde i Sverige om vinteren og i Noreg om sommaren.Journalisten Elin Anna Labba har skrive bok om dei nomadiske samane som budde i Sverige om vinteren og i Noreg om sommaren.Journalisten Elin Anna Labba har skrive bok om dei nomadiske samane som budde i Sverige om vinteren og i Noreg om sommaren.Journalisten Elin Anna Labba har skrive bok om dei nomadiske samane som budde i Sverige om vinteren og i Noreg om sommaren.

Foto: Hugo Thambert

7740
20210326
7740
20210326

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Besteforeldra til Elin Anna Labba var blant dei som blei flytta frå Noreg med tvang. I Herrene sendte oss hit. Om tvangsflytting av samene, som vann den prestisjetunge Augustprisen for beste sakprosabok i Sverige i fjor, skildrar den førti år gamle journalisten og bokdebutanten det hennar familie og mange andre samiske familiar blei utsette for.

I boka skriv Labba: «Vår fortelling er skiltet som ingen satte opp, kapitlet som aldri fikk plass i historieboka.»

– Dette er ei trist og lite kjend historie. Ikkje berre fordi makthavarane, «herrane», aldri har hatt interesse av å skrive om dette, men også fordi denne delen av samisk historie er knytt til skam. I ei tid då det samiske helst skulle viskast ut til fordel for det norske eller det svenske, blei det knytt skam til det samiske, også blant samane sjølve. Samisk språk og kultur var under sterkt press i begge landa i mellomkrigstida, ikkje minst gjennom skulepolitikken.

– Du skildrar ei hardhendt tvangsflytting, samstundes skjer ein nådelaus fornorskingsprosess og rasebiologiske undersøkingar av den samiske befolkninga. Vil du kalle summen av dette for etnisk reinsing?

– Nei, det blir for sterkt. Omgrepet etnisk reinsing får meg til å tenkje på massegraver og dei mest grufulle handlingar. Slike ord blei heller ikkje nytta av dei eg har intervjua. Gjennom heile boka har eg freista fortelje denne historia på ein samisk måte, slik kjeldene mine snakkar.

Nasjonalisme

Elin Anna Labba kallar boka si «en tekst bygget på et kor av fortellere». Ho er sett saman av korte historier, joik og minnefragment. Men også av tørre, offentlege dokument, som tydeleg får fram objektiviseringa av samane. Dei er eit problem som skal løysast, ikkje ein part ein treng kommunisere så mykje med. Typisk nok blei reinbeitekonvensjonen, som styrte tvangsflyttinga, aldri omsett til samisk, han låg berre føre på norsk og svensk.

– Alt skjedde over hovudet på dei det gjaldt. Maktforholda blir så tydelege. Samekvinnene blir heilt borte i dette. Det er som om dei ikkje fanst, dei er der berre som skuggar. I beste fall er dei eit vedheng til mannen, som heller ikkje er så viktig.

Historia Labba fortel, har røter langt tilbake. I 1751 blei grensene mellom Danmark–Noreg og Sverige–Finland fastlagde. Dei nordiske landa og Russland delte så slettene mellom seg og skreiv ein grensetraktat. Eit tillegg til grensetraktaten, den såkalla Lappekodisillen, anerkjende samane som eit eige folk med rett til marka. Derfor kunne dei drive jakt, fiske og reinsdyrhald som før og fritt bevege seg over grensa, sjølv om dei utetter 1800-talet fekk områda sine reduserte og grensene gradvis blei stengde.

Då Noreg i 1905 frigjorde seg frå Sverige, var det frå norsk side eit ønske om å bli kvitt samane som oppheldt seg på svensk side av grensa om vinteren og på beite i Noreg om sommaren. I 1919 signerte dei to landa reinbeitekonvensjonen, 202 paragrafar som mellom anna skulle tømme det norske reinbeitelandet ved kysten. Øyar og halvøyar skulle stengjast, og på andre stader nær grensa skulle talet på reinsdyr avgrensast.

Mellom 1919 og 1932 blei i overkant av 300 menneske tvinga bort frå områda i Noreg der familiane gjennom hundreår hadde hatt sommarbeite for reinsdyra sine. Sverige slutta ikkje å tvangsflytte menneske mellom samebyane før på 1950-talet.

– Svært rasistisk tid

Slik tolkar forfattaren den offisielle norske haldninga anno 1919: «Landet skal være norsk, og i Norge skal det bare bo norsktalende nordmenn.» Somme vil sjå haldningar i dagens Noreg som eit ekko av dette, men det ønskjer ikkje Labba å kommentere. Men at det var tale om ein sterk nasjonalisme den gongen, er ho ikkje i tvil om. Det igjen trur ho hadde samanheng med behovet for å etablere ein tydeleg norsk identitet etter unionsoppløysinga.

Den norske haldninga til samane og det samiske for hundre år sidan summerer Labba i boka opp slik: «Det finnes ingen plass for noe som betraktes som så utdøende som reinsdyrhold, som dessuten bedrives av det som anses som en utdøende rase.»

Ho legg til at dette var ei svært rasistisk tid. I Sverige blei samane utsette for sterk segregering, men ho meiner at norske styresmakter nok gjekk fram på endå hardare vis i assimileringspolitikken.

– Blei det nytta fysiske middel i tvangsflyttinga?

– I mindre grad, men dei som sterkast motsette seg flytting, kunne i somme tilfelle oppleve fysisk tvang. Som oftast heldt det med økonomisk eller emosjonell tvang. Når det stod mellom å bli og få slakta ned reinflokken sin eller å flytte, var «valet» lett.

Å gi opp dyra sine er forferdeleg for dei aller fleste reindriftssamar, så då blei det til at dei flytta, fortel ho.

– Mange familiar blei sende ut på lange, strabasiøse ferder under svært krevjande tilhøve. På det meste var det tale om å drive flokken og flytte seg sjølv 600 kilometer. Desse prosessane kunne ta fleire månader og var ei enorm påkjenning for både menneske og dyr.

Tap av identitet

– Sjølv om reindriftssamane var nomadar, hadde dei jo sine faste buplassar på begge sider av grensa. Å bli jaga frå den eine og ofte tvinga til å busetje seg på heilt nye stader på svensk side, må ha gjort dei rotlause og ført til tap av identitet?

– Ingen tvil om det. Dei tapte ein del av seg sjølv, og dei tapte den samanhengen dei tidlegare hadde vore ein del av. Dei fekk kjensla av å stå åleine i verda. I tillegg kom at samane ikkje skulle få nytte språket sitt. For mange stilna joiken heilt, denne sentrale måten å uttrykkje seg på. Dei kunne ikkje, eller ville ikkje, joike om nye stader, nye hendingar eller nye personar. Alt det kjende var rive opp med rota, til det nye hadde dei ingen relasjon, og det tek tid å knyte seg til noko nytt. Dessutan såg «herrefolket» joik som uttrykk for ein uønskt kultur.

Ein del av problemet, fortel forfattaren, var at mange av samane på svensk side ofte blei tvangsdirigerte til andre stader enn der dei hadde hatt vinterbeita sine. I Sverige blei det etablert såkalla samebyar, der reindriftssamane skulle samlast. Etter kvart blei det trongt om beiteplassen i desse «byane», slik at dei som kom sist, var svært lite velkomne. Ofte resulterte det i konflikt og uro, også fordi dei som alt budde der, aldri blei tekne med på råd før nye familiar kom.

– Rettsprosessar som tvangsflyttingane la grunnlaget for, riv det samiske samfunnet sund innanfrå og gjer det uråd å gå vidare, finne heim.

Diktatur

– «Herre» er eit ord som hadde dårleg klang blant samane?

– Det har det framleis. I språket mitt står det også i dag for makt og mynde, og då helst i negativ meining. Og avstand – til dei som styrer. Desse «herrane» fanst på eit vis i eit skuggerike som kvilte over det samiske samfunnet; langt borte tok dei avgjerder på eit språk dei det gjaldt, ikkje forstod, og det var ofte uråd å nå fram til dei med klagar eller bøner.

– Fremst av desse «herrane» stod lappefutane. Vil du seie samane på 1920-talet opplevde eit lappevesenets diktatur?

– Ja. Desse futane skaffa seg stadig meir makt og styrte tvangsflyttinga heilt ned på detaljnivå. Dei skulle også representere samane og interessene deira i alle saker, men blei berre den forlengde armen til styresmaktene.

– Boka di er ikkje berre historia om ei tvangsflytting, men òg skildringar av ein kultur som knapt finst i dag?

– Mykje av dette er borte, ja. Men framleis lever mange reindriftssamar i pakt med naturen, om lag slik generasjonane før dei gjorde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Når det stod mellom å bli og få slakta ned reinflokken sin eller å flytte, var «valet» lett.

Elin Anna Labba, journalist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis