JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Eit forsvar for dei på utsida

I sin nye roman ville Eivind Riise Hauge syne fram eit heilt menneske i ein vanskeleg situasjon. Då fall valet på det politi og rettsvesen kallar ein gjengangar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eit menneske framfor eit hinder som synest uråd å forsere, er eit godt utgangspunkt for ein tekst, seier bergensforfattaren Eivind Riise Hauge.

Foto: Helge Skodvin

7918
20210205
7918
20210205

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Bergensforfattaren med åtte bøker bak seg har jobba fleire år i rusomsorga og er no litteraturformidlar og bibliotekar ved Bergen Offentlige Bibliotek, med Bergen fengsel som hovudarbeidsstad. Der dei som skal handheve lov og rett berre ser ein gjengangar, og dermed trur dei veit kven «Rorgen» er, ser Eivind Riise Hauge (40) eit menneske med gode og mindre gode sider, ein lesande og reflektert person.

I Korrektur av et sorgens kapittel møter vi Rorgen som varetektsfange, sikta for eit drap han hevdar var sjølvforsvar. Til rettssaka ber forsvararen han førebu ei fri forklaring, der han kan snakke fritt om livet sitt og det som har forma han. Som lesarar blir vi deltakarar i denne prosessen, som er rik på litterære og populærkulturelle referansar, med Mark Knopfler og Dire Straits som leiestjerner.

– Om seg sjølv seier Rorgen: «Selv kommer jeg fra ingenting; fra ingensteds – det finnes ingen plass jeg kaller hjemme.» Kva trur du det gjer med eit menneske å kjenne seg så rotlaus?

– Eg trur ikkje den refleksjonen er uvanleg for eit menneske som ikkje har funne fotfeste og kanskje ikkje heller kjenner seg heime i seg sjølv. Det er truleg svært tungt å hjelpe slike menneske å finne ei retning, for ikkje noko er forankra frå byrjinga av. Ofte har dei heller ikkje kontakt med eigne kjensler, då blir livet utrygt og vanskeleg. Vi må tru at nokre skilsetjande opplevingar har øydelagt mykje for Rorgens sjølvkjensle.

Hauge seier det er viktig å skrive om desse menneska for å syne at det finst ein eller annan heilskap.

– Vi skal ikkje berre avfeie folk. Når du kjem djupare inn i Rorgen, ser du at det er eit ekte liv der. Han har forsert mange ulike hindringar på ymse vis. For meg er det svært interessant å skrive eit forsvar for slike som han.

– Trur du at Rorgens historie er typisk for mange kriminelle?

– Det finst mange ulike historier, og folk kan ha opplevd langt verre ting enn Rorgen og likevel fungere godt. Men somme fellestrekk finst nok.

– Det er ikkje så lett å peike på konkrete forhold som fekk Rorgen ut på forbrytarbana, og slik er det kanskje for fleire i hans situasjon?

– Det trur eg. Ofte er det tale om glidande overgangar, fleire faktorar som fell saman og gjer at ein hamnar i uføret. Eg trur at Rorgen kan ha vore utsett for noko i barndommen, kanskje overgrep. Slike ting er det vondt å komme seg over.

Uro

– Han har ikkje så lett for å finne meining med A4-livet?

– Nei, det kan eg òg ha problem med. Bror min meiner at det finst ein del av meg sjølv i Rorgen. For Rorgen kan denne flukta frå A4-livet vere som ei erstatning for alt det han har tapt. Når du har valt så annleis og forsvunne ut i utkanten, har du behov for å forsvare dette for deg sjølv. Du vil ikkje erkjenne at A4-livet trass alt hadde vore betre enn det du enda opp med. Rorgen har ingen respekt for lover og reglar, han vil berre leve fritt og etter sitt eige hovud.

– Kan vi snakke om ei eksistensiell uro?

– Absolutt. Det er noko mange av oss kan kjenne på. Men han handlar der andre ville snudd seg og gått vekk, nyttar vald og går over grensene med rusmiddel. Til ein viss grad er han øydelagd.

– Rorgen ser ut til å vere ei underleg blanding av kynisme og følsemd, litt vond vilje og meir god vilje, tilsett ein haug med fordommar?

– Ei god oppsummering. Mange av fordommane kjem av at han er konspirasjonsteoretisk orientert, utan å vere blant dei som sluker alt. Eg har ønskt å teikne eit nyansert bilete av denne karen. Kven veit kva som bur i oss, korleis vi handlar ein dag det står om livet? Mennesket rommar så uendeleg mykje, og det er det som gjer det så fascinerande å skrive om. Eg ville ha fram denne kompleksiteten. Eit menneske framfor eit hinder som synest uråd å forsere, er eit godt utgangspunkt for ein tekst.

Hauge har alltid skrive om dei som står på utsida. Ikkje fordi han vil, men fordi det kvar gong blir slik. Han kallar seg halvstudert røvar og autodidakt, med eit vidt interessefelt og psykologi som ei særleg interesse. Rorgen-skikkelsen karakteriserer han som ein freistnad på eit djupdykk i og forsvar for eit menneske som av ulike årsaker har hamna utanfor.

– Som gutunge blir Rorgen send på spesialskule. I ettertid tenkjer han: «Et samfunn som bærer med seg forestillinger som stiller seg i veien for innsikt.» Er det sånn du ser slike institusjonar?

Spesialskulen

– Eg skulle ønskje at ein ikkje dømde ei heil gruppe menneske utan å ha hatt noko med dei å gjere. Til meir du gir desse menneska ei kald skulder, til meir utstøytte blir dei. Vi må gjere vårt beste for dei alle, men det betyr ikkje at vi kan berge alle. Eg har stor respekt for dei som vel, eller blir tvinga til, å leve heilt på kanten av stupet. På mange vis har eg stor forståing for Rorgen, eg ser mennesket inni der. Fell ein først utanfor, er det vanskeleg å finne attende.

– På spesialskulen kjenner Rorgen seg utstøytt, det er ikkje plass til han i samfunnet. Ei slik oppleving kan vel vere byrjinga til ei kriminell løpebane for mange?

– Ja, det trur eg. Kjensla av å bli kasta ut frå skulen kan få katastrofale følgjer. På slike skular kjem ein inn i eit miljø som kan minne om ein kriminell skule. Men eg veit ikkje korleis dette burde vore løyst. Mi rolle, om eg har ei, er å peike på problemet.

Rorgen har ikkje overdriven respekt for rettspsykiatrien, det har heller ikkje Eivind Riise Hauge. Slik tenkjer hovudpersonen: «det tar altså noen få timer å kapsle deg inn i denne uforstanden som du faen ikke blir fri.»

– I ei rettssak skal rettspsykiateren stille ein diagnose etter få timar. Ein psykolog som behandlar eit menneske, ville teke seg mykje meir tid før diagnosen blei stilt. Men i retten har ein ikkje tid til det. Så får du heller ikkje sanninga. Kva er viktigast – synsing som stadfestar påtalemaktas påstand, eller sanninga? Har du ikkje tid til sanninga, skapar du eit rettstryggleiksproblem. Rorgen har fått ein lettvinn – og etter hans meining heilt feil – diagnose, og denne blir han ikkje kvitt: «Du er dyssosial, ergo har du ikkje noko truverde. Vi dømmer deg på indisium.»

Historia bak

– Har du fem valdsdommar på deg, og ei sjette sak dukkar opp, som i Rorgens tilfelle, er det vanskeleg å bli trudd. Han er berre ein personlegdomsforstyrra valdsmann, per definisjon. I mange høve blir du dømd på historia di og modusen din. I slike saker kjem tvilen aktor til gode, ikkje den tiltalte.

– Fengselsvesenet og dei fengselstilsette er den gruppa som kjem best ut av Rorgens refleksjonar?

– Kriminalomsorga i dag er noko heilt anna enn då Jens Bjørneboe skildra systemet for 60–70 år sidan. Politiet er ikkje Rorgen glad i, men han skjønar at fengselsvesenet ikkje er skuld i misera hans, dette er folk som vil han vel.

– Det ligg ein god del samfunns- og sivilisasjonskritikk i boka di?

– Definitivt. Det er lett å fremje sivilisasjonskritikken gjennom eit menneske som er i ein tilnærma umogleg situasjon. Han går ganske langt i å seie at både skule, juss, psykologi og alt er ting vi svelgjer utan å tenkje særleg over det. Det er det ikkje gitt at vi skal gjere. Det er jo ikkje Gud som har skapt skulen, og det er ikkje sikkert at vi treng leve slik vi gjer. Kanskje kunne vi organisere samfunnet på eit anna vis. Rorgen sparkar både oppover, nedover og sidelengs, han er i opposisjon til det beståande.

– Boka di er òg ei oppmoding om å skjøne at det ligg ei historie, ein lagnad, bak dei mange innsette?

– Det er det aller viktigaste. Det koker ned til forsvaret for den einskilde, som Bjørneboe sa. Dette er sjølve motivasjonen for skrivinga mi, og om eg er heldig, kan boka auke forståinga for at bak lagnaden finst eit menneske som du og eg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Du er dyssosial, ergo har du ikkje noko truverde. Vi dømmer deg på indisium.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis