Farvel til folkhemmet
– Mange ser velferdsstaten som identisk med folkhemmet, men det er reduserande, seier Lena Andersson, som skriv generasjonsroman frå 1900-talet.
Lena Andersson skriv for tida ein romanserie om det svenske sosialdemokratiet.
Foto: Henric Lindsten
Litteratur
janh@landro.bergen.no
I dei to nyaste romanane sine, Leas sønn og Datteren, tek Lena Andersson, spaltist i Dagens Nyheter, meiningssterk samfunnsdebattant og forfattar av ei rad skjønnlitterære og andre bøker, for seg det svenske folkhemmet. Ambisjonen hennar var å formulere ein fiksjon om ein familie som gjennom tre generasjonar speglar 1900-talet i Sverige. Frå Fattig-Sverige til Teknologi-Sverige på verdstoppen. Frå Lea via sonen Ragnar til dotter hans, Elsa.
– Eg ville skildre denne utviklinga i ein generasjonsroman, både materielt og på idéplanet inni hovudet på desse personane. Men eg ville spenne over denne tida med demokratiet som bryt fram, og korleis moderniteten stormar fram – især i Sverige. For det finst ikkje noko anna land som har tileigna seg moderniteten slik Sverige har.
Andersson seier ho er meir interessert i idear enn i psykologisk realisme, som er ei litterær retning som erstatta ideane i mykje av skjønnlitteraturen på 1900-talet.
– Då handlar alt berre om menneskeleg åtferd, kva dei ber med seg frå barndommen og så bortetter.
– Kva legg du i omgrepet folkhemmet?
– Mange ser velferdsstaten som identisk med folkhemmet, men det er reduserande. Velferdsstaten er berre ein komponent i folkhemmet. Folkhemmet er ein tidsepoke, dei 34 åra frå 1932 til 1966 då sosialdemokratane hadde den politiske makta i Sverige. Desse tiåra var prega av rasjonalitet, sosial ingeniørkunst, framstegstru, vitskapsoptimisme, sekularisering, nivellering og utjamning, sentralisering og urbanisering – summert opp i ekstrem modernitet. Alt dette leier til velferdsstaten.
– Elsa har ein viss ytre likskap med deg. Finst det mykje sjølvbiografisk stoff i dei to romanane?
– Dette er ingen autofiksjon à la Knausgård. Eg nyttar stoff eg kjenner til, men ikkje for å fortelje om meg sjølv – endå om eg kjenner meg som ein typisk folkhemssvenske.
Bernie Sanders' galskap
– Ragnar, folkhemssvenske i sjel og ånd, fødd i 1932, blir eit hjelpelaust vitne til at alt han har trudd på og levd for, blir borte. Og då han til slutt gir opp dei gamle verdiane sine, fører det berre til passivitet og likesæle?
– Ja, han mistar seg sjølv. Blir passiv og bitter. Han orkar ikkje å halde fast i ideane sine, som no er forelda og ubrukelege. I staden prøver han å henge med i det nye, men gradvis mistar han fotfestet. Eg vil seie noko om korleis utviklinga får ein til å kjenne seg avleggs. Som ordspråket seier: Giftar du deg med tidsånda, er du snart enkje.
I 1970, året då både Lena Andersson og romanens Elsa kom til verda, var folkhemmet i ferd med å bli demontert. Forfattaren meiner at det vender med venstrerørsla, kvinnerørsla og miljørørsla.
– Alt dette var protestrørsler mot folkhemmet. Sosialdemokratiet innlemma kvinnerørsla i det sosiale prosjektet og klarte slik å uskadeleggjere det. Miljørørsla var meir problematisk, og venstrerørsla endå meir problematisk. Olof Palme prøvde å suge dei inn, men det oppstod sprekkar på eit grunnleggjande idéplan. Så kom rørslene for alle rettane og ein individualisme som ikkje går i hop med folkhemmets fellesskapsideal.
– Sosialdemokratiet bygde på å gi folk tryggleik i byte mot at dei gav frå seg nokre av rettane dei hadde. Så kom ideen om at ein skal ha total tryggleik og totale rettar. Men det er uråd. Folk må velje, og det vil dei ikkje. Der står vi i dag, og dette skildrar eg i den delen av Datteren der Elsa oppheld seg i USA.
– Bar folkhemmet i seg kimen til sin eigen undergang?
– Absolutt. Det går ikkje å halde oppe eit så enormt ambisiøst prosjekt over tid. Det kan gå i eit lite, overskodeleg samfunn der alle er homogene. Prosjektet var materialistisk, det handla om å få betre bustad, helst med badekar, betre mat, betre skulegang, lege. Når det er ordna, og det tok nokre tiår, melder andre behov seg. Ein blir interessert i seg sjølv og sitt eige sjeleliv.
– Bernie Sanders’ idé om eit sosialdemokrati i USA er fullständigt tokig! Dette er eit ideal for eit lite samfunn, ein liten delstat eller helst noko endå mindre. Men for eit heilt kontinent er slike tankar spinnville.
– I dag veit ikkje det svenske sosialdemokratiet kvar dei skal. Dei har inga aning om kva for filosofi eller grunntankar partiet har. Dei vinglar hit og dit. Vil berre ha makt, men veit ikkje kva dei skal bruke henne til. I folkhemsæraen visste dei presist kva dei skulle gjere og kvifor.
Eit nederlag?
Ragnar, hovudpersonen i Leas sønn, karakteriserer Lena Andersson som ein typisk svenske for si tid og ein typisk representant for folkhemmet. Han er medskapar av folkhemmet og blir skapt av det.
– I boka nøyer du deg ikkje med å skildre Elsa; du analyserer henne òg?
– Det gjer eg for at ikkje lesaren skal vere heilt fri i tolkinga si. Eg vil at dei som les, skal sjå det eg vil ha fram. Lenge skreiv eg bøker der analysen låg i utforminga av personane, men det var det ingen som såg. Frå og med Rettsstridig forføyning (2013) bestemte eg meg for å fortelje kva eg meiner.
– Er ikkje det eit nederlag for fiksjonen?
– Ikkje så lenge det blir ein integrert del av fiksjonen. Romankunsten er spesiell ved at han kan vere både intellektuell, filosofisk og gestaltande. Før følgde eg oppskrifta «show, don’t tell», men ingen brydde seg om kva eg ville.
Ho seier at det krevst litt mot å våge å seie at dette er det eg meiner.
– Forfattarar våger sjeldan slå fast noko. Alt skal vere ope. Men det finst saker som ikkje er opne. Eg vil syne at dette er slik, ikkje sånn. At eg analyserer meir kva eg skriv, har merkeleg nok gitt meir tolkingsrom. Eg har aldri opplevd så mange ulike tolkingar av bøkene mine som av Rettsstridig forføyning.
Etter å ha fullført vidaregåande reiser Elsa til USA som au pair. Her får forfattaren høve til å raljere over den såkalla identitetspolitikken som dei siste åra har prega ikkje minst amerikanske utdanningsinstitusjonar.
– Eg avskyr identitetspolitikken! Dels er eg kritisk til det uttrykket han får, med konstruerte motsetningar. Dels trur eg det er uheldig at folk heile tida konsentrerer seg så einsidig om si gruppe. Det ekskluderer dialog og øydelegg idealet eg held svært høgt – universalismens idé, som seier at menneskeslekta er ei og den same, ikkje noko du kan relativisere. Skilja mellom kulturar, etnisk opphav og så bortetter er i grunnen marginale.
Lena Andersson meiner at vi må halde fast ved at det finst éi menneskeslekt som er einsarta, og der alle fungerer på same vis, sjølv om vi skil oss ut på individnivå.
– Identitetspolitikken tvingar oss til å behandle menneske ulikt, avhengig av kva gruppe dei høyrer til, for at det ikkje skal sjå ut som om vi behandlar dei ulikt. Dette er fullstendig uhaldbart. Ikkje rart at det blir mykje polarisering, når det på førehand er bestemt kven som er «fienden», og ein heile tida må vere merksam på kva for kategori ein sjølv høyrer til. Då er all kommunikasjon dømd til å mislykkast. Det er forferdeleg. Vi må finne betre måtar å bli kvitt diskriminering på enn å gå ut frå at alt som skjer med ein, er diskriminering.
Språk eller røyndom?
– I boka lar Elsa seg trykkje ned i søla av Dolores, ei kvinne som har indianarblod i årene og derfor kjenner seg konstant krenkt. Kvifor lèt ho seg dominere slik?
– Elsa er berre ein representant for ei side av identitetspolitikken. Dolores, som meiner seg utsett for rasisme, har klart rasistiske haldningar sjølv. Desse rettar ho mot Elsa, men kva skal Elsa gjere? Same kva så blir det feil. Poenget er at ho skal stå på kne, og slik ser situasjonen ofte ut i dag. Det er ingen som vil løyse dette, dei vil heller halde fram med å trykkje kvarandre ned.
Dolores herskar ikkje berre gjennom offerrolla si; ho beherskar også den postmodernistiske eller poststrukturalistiske språkfilosofien betre enn Elsa og har overtak i kraft av det. Dette er ei anna side av det postmoderne som Lena Andersson er svært kritisk til. Ideen om at røynda ligg i språket, og at tenkinga vår er skapt av språk og ikkje av ei korrekt oppfatning av verda, er motsett av det synet forfattaren sjølv har.
– Slik eg ser det, abstraherer vi verda korrekt og slik det trengst for våre føremål. Til det har vi eit tilstrekkeleg eksakt språksystem. Så hevdar poststrukturalismen at dette er ein konstruksjon. Det er ikkje råd å seie kva noko er, for det finst berre atom som samlar seg i ein klump som vi til dømes kallar for «tre». Vi trur at det finst eit tre fordi det finst eit ord som heiter «tre». Men tankane våre er berre skapte av fordommar og konvensjonar, heiter det.
Likeins er det visst fordommar og konvensjonar at ting heng i hop logisk, seier ho.
– Dette er rådande i vår tid, ein kan velje fritt frå eit à la carte-utval av sanningar, der ein sjølv og ingen annan avgjer kva som er sant og rett. Kjennest det rett for meg, er det sant. Dette øydelegg tenkinga, for fornufta blir avskaffa. Vi kan ikkje tenkje på verda om ho ikkje har struktur. Det einaste ein kan gjere då, er å endre på alle konvensjonar og posisjonar. Vi lever i ei andpusten tid, som aktivistisk skal endre på alt. Postmodernismen, slik han har utvikla seg, er rein galskap. Aldeles forferdeleg!
Framsteget
– Når det gjeld folkhemsideologien og den sosialdemokratiske framstegstrua, kvar står Sverige i dag?
– Framleis er framstegstrua svært sterk. Ein trur at vi går frå mørke til lys heile tida, og at til dømes metoo er eit prov på det. Kritiserer ein noko på logisk grunnlag, er ein berre ein bakstrevar. Her gjeld einast oppfatninga om at det som finst i dag, er betre enn det som fanst i går – i alle høve om det er ei «rett» gruppe som driv det, til dømes kvinner.
Det finst ingen adekvate eller relevante kunnskapar, meiner ho.
– Den vitskaplege ideen om at det vi visste for ti år sidan, no er segla ifrå, trur ein kan nyttast på samfunnsspørsmål, menneske, tenking, psykologi, mellommenneskelege relasjonar. Naturvitskapens framstegstanke gjennomsyrer heile samfunnet. Det er dårskap, sidan mennesket som art ikkje utviklar seg slik; når alt kjem til alt, er vi dei same.
– Eg synest å merke ein nostalgisk tone hos deg etter noko som kanskje aldri har funnest?
– Det er vel heller ein lengt etter noko vi burde gjere betre, for det er råd å sjå kvar feilen ligg. Men då må ein ha ein idé om at noko er betre enn noko anna, og kva det er.
– Ein utopi?
– På sett og vis. Eg er ingen utopist, men eg drøymer om at mennesket skal nå eit høgre potensial og slik skape eit betre samfunn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Forfattarar våger sjeldan slå fast noko. Alt skal vere ope.
Lena Andersson, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.