Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

I kamp med språket og minnet

Lars Saabye Christensen trudde han endeleg hadde klart å skrive ein liten og tynn roman igjen. Men noko mangla, og med det på plass var boka blitt 690 sider lang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Saabye Christensen fylte 70 år torsdag 21. september.

Foto: Lina Hindrum

12487
20230922
12487
20230922

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Vrakeren er eit mangfald av ein roman. To biografiar i eitt. Og i tillegg så mykje som peikar mot forfattaren sjølv at det er råd å snakke om element til ein sjølvbiografi, noko Lars Saabye Christensen, som fylte 70 år i går, truleg aldri kjem til å skrive.

Det som lenge såg ut til å bli ei sjølvstendig historie, er forteljinga om forfattaren Jørgen Ribe, oppveksten og ungdomstida hans i velkjent Saabye-land, på Skillebekk i Oslo i 1950–60-åra. Men forfattaren fekk lyst til å overraske seg sjølv, gå manuset sitt nærmare etter i saumane og skrive ein biografi om personen han nett hadde skapt. Slik oppstod biografen Bendik Ries, og slik blei prosjektet til to romanar som er blitt grundig integrerte i kvarandre.

Skyld og soning

Jørgen Ribe er ein stille og litt forsiktig gut, tenksam og oppteken av ord. Så flyttar den underlege Carl inn i bygarden. Han opnar ei ny og farleg verd og blir den einaste vennen Jørgen har – inntil ein brutal lagnad råkar vennskapen under omstende som først heilt mot slutten blir klargjorde.

Jørgen får tidleg suksess som forfattar, men då lesarane møter han att som gammal mann i syttiåra, er det knapt nokon som hugsar han. Likevel ønskjer den heilt ukjende Bendik Ries, med uklare motiv og ei delvis kriminell fortid, å skrive biografien hans. Det utviklar seg til ein duell om sanninga og ei gradvis avdekking av begges historie.

– Eg liker tanken på at eg måtte skøyte på min eigen roman, lerretet blei ikkje stort nok. Skrivinga og forteljinga i seg sjølv har alltid interessert meg, og denne boka er ei slags beretning om korleis forteljingar blir til, og korleis ein forfattarkarakter blir skapt. Så har eg prøvd å få til eit spenningselement: Ei gåte og eit dødsfall er det som tenner stoffet og gjer at det brenn gjennom heile boka, seier han.

– Slik er Vrakeren blitt ein roman om skyld og soning, om kva rett vi har til å fortelje andres historier, men også kva for val vi har, kva for historier vi vel å fortelje om oss sjølve, og kor mykje vi kan lite på av det vi hugsar.

– Kva gav deg kjensla av at du likevel ikkje var ferdig med romanen?

– Kanskje var eg nysgjerrig på Jørgen Ribe, kvar han ville ende, kva som ville skje med han. Men især låg det eit unytta stoff i denne vennskapen mellom han og eitt år eldre Carl. Dette er jo sjølve navet og motoren i den vesle romanen. Der låg eit potent stoff som eg ville sjå nærmare på. I den vennskapen og den lagnaden blir heile Jørgen Ribes karakter forma.

På heimebane

– Carl er svært spesiell, kanskje ein slags ung Mefisto?

– Ja, han er ein freistar og ein manipulator. Felles med Jørgen Ribe har han ei grunnleggjande einsemd. Carl er ein øydelagd gut, det er ikkje Jørgen. Carl introduserer Jørgen for det ekstreme, som Jørgen i utgangspunktet ikkje har anlegg for. Carl er fryktlaus, truleg fordi han tenkjer at han ikkje har stort å tape.

Vennskapen mellom dei blir også eit trugsmål.

– Carl set Jørgen på prøve, og snart går tinga over styr. Eg har ofte skrive om kameratskap i ulike samanhengar og på ulike nivå. Men akkurat denne vennskapen mellom dei to er svært asymmetrisk, dei står ikkje på like fot. Her ligg eit eksistensielt trugsmål, ein fare for Jørgen Ribe. Dette er eit stoff som eg ikkje har oppdaga heilt i meg sjølv før no. Denne dynamikken blei eg ikkje ferdig med, derfor heldt eg fram med å skrive 600 sider til. Og enno kan det bli meir.

– Mykje ved forfattaren Jørgen Ribe, både av fakta og anna, peiker mot deg sjølv?

– Eg haustar grundig av delar av mitt eige liv, utan at eg dermed opererer på eit sjølvbiografisk plan. I og med at eg skildrar ein forfattar som debuterer og er aktiv i same tidsrommet som meg sjølv, blei det interessant å utstyre han med mine eigne bøker og tekstar og sjå kva som skjedde.

Det har også noko å gjere med eit val Christensen tok om å la hovudpersonen hans vekse opp i same leilegheit og bygard som han sjølv voks opp i, Gabels gate 19.

– Før har eg unngått det. Men eg har alltid hatt vanskar med å finne ut kvar dei litterære karakterane mine skal bu. Det er eit svært viktig val, som seier mykje om status og sosial forankring – kven dei er.

Når forfattaren i alle år har ønskt å unngå det heimlege, er det fordi han har vore redd for at det ville hefte altfor private, intime minne som kunne distrahere han i skrivinga. Men denne gongen tok han sjansen. I ettertid trur han at det kanskje var nett dette som sette fyr på heile romanen. Dette valet gjorde han alt før han tok til med å skrive.

– Eg trur det heng saman med at eg går så nær meg sjølv i denne boka. For det er ikkje noko å leggje skjul på. Den adressa var dessutan glimrande som åstad for ein roman. Det er sikkert ikkje siste gong eg nyttar Gabels gate 19.

– Du gjer mykje bruk av spegel i boka, og især to spegelscener i byrjinga og mot slutten får meg til å tru at Jørgen Ribe og Bendik Ries kan vere to ulike versjonar av same person, og at dette er eit grep du nyttar for å problematisere både litteraturen og biografisjangeren.

– Det ser eg ikkje bort frå. Men eg skal ikkje påstå at det var ein intellektuell strategi frå mi side. Eg ser at biografen og objektet hans somme gonger går opp i opp. Mellom desse to er det eit slags hat/kjærleik-forhold, som like mykje liknar ein indre kamp som ein ytre konflikt.

Eit fråvær

– Ikkje berre inneheld Vrakeren to biografiar; det er også ein roman skriven av ein forfattar om ein forfattar som skriv om ein forfattar. Noko slikt har du ikkje gjort før?

– Det blei slik. Eg har ingen overordna plan for skrivinga anna enn det som skjer i språket, og det som skjer der og då. Eg blir meir og meir medviten om at eg har skrive bøker i eit langt liv, og uroa over å gjenta seg sjølv aukar. Innimellom gjer alle det, problemet oppstår ved kjensla av at ein har gjort det betre før. Då er det ikkje nokon vits i lenger, seier han.

– For meg er ikkje fornying å snu opp ned på alt ein har gjort tidlegare, men å fordjupe eller foredle noko av det ein har streva med, gjennom ein lang forfattarskap. Det prøver eg på i denne romanen. Å komme så nær forteljinga og forteljingas karakter som råd.

– Frå barnsbein av blir Jørgen Ribe plaga av det han kallar «ulykkelighet», som tek form av eit veksande hol. Kva ligg bak denne eksistensielle førestillinga?

– Eg trur ikkje det handlar om ein brest som skal reparerast, men eit fråvær som må fyllast med noko. Medvitet om dette fråværet gjer han til eit skapande menneske; han må fylle fråværet med slikt som andre ikkje kan gi han. Og det gjer han gjennom skrivinga. For meg er dette heilt attkjennande.

Her, som så mange stader, er det nok eit samanfall mellom forfattaren og hovudpersonen hans.

– Ei litterær røynsle utanfor han sjølv skyv Jørgen Ribe i gang: møtet med Obstfelder-diktet «Jeg ser». For meg er dette eit klassisk døme på korleis eit poetisk uttrykk kan verke like sterkt i ulike tider blant ulike menneske og like samtidig, same når ein les det. Dette diktet er ikkje berre ein inspirasjon for Jørgen Ribe, men også ei uvanleg trøyst fordi han brått veit at han ikkje er åleine. Han er ikkje heilt ulik andre unge menn eg har skildra før, men han blir meir ekstrem og kategorisk etter kvart. Slik blei denne romanen også mi form for å skrive fram noko nytt. Både han og vennen Carl bidreg til å gjere romanen ekstrem.

– Det er uvanleg mykje einsemd og utanforskap i denne boka. Langt på veg definerer det stemninga.

– Boka har to tidsplan, ungdomstid/oppvekst og eldre menn som ser tilbake på den same oppveksten. Eg lèt notidsplanet skje på eit hotell under pandemien, i omgivnader og ein situasjon som er ekstrem i seg sjølv og som forsterkar den livskjensla som alt ligg der. Skrivinga gav meg ei undergangsstemning: ikkje berre ein generasjon som syng på siste verset, men eit samfunn som gjer det. Triste greier. Men det er litt morosamt innimellom.

Makta

– Eg kan ikkje hugse å ha lese ei bok av deg med så mykje humor?

– Humor er heilt nødvendig for meg. Som andre menneske strevar eg, det er ikkje lystige forteljingar eg skriv. Til mørkare dei blir, til lysare har eg lyst å skrive dei. Det tunge må kombinerast med det lette, der det lette ikkje er noko overflatisk, men det som driv ei forteljing framover.

Vrakaren i romantittelen er ein tilsett hos Banan-Matthiessen som har til oppgåve å skilje ut dårlege bananar. Han møter vi aldri, men tanken om å kunne vrake, det eine eller det andre, fascinerer Jørgen Ribe både som ungdom og seinare i livet. Men kva er det ved vrakaren som appellerer så sterkt til ungguten?

– Makta, svarar Christensen automatisk, før han innser at nett den sida ved yrket knapt kan vere noko fjortenåringen har tankar om som sommarvikar hos bananimportøren.

– Ein ganske brutal makt, om ein vidar ut perspektivet litt. Det er noko negativt ved vrakaren. Han vel bort. Ein brutal geskjeft. Tittelen hadde eg alt før skrivinga byrja, og eg er uvanleg nøgd med han. Eg trur tittelen og det eg prøver å forklare no, formulerer nokre hovudlinjer gjennom romanen.

– Så bunden som unge Jørgen kjenner seg heime, ser han vel også ein fridom i den makta vrakaren har?

– Absolutt. Han lever i eit sosialt lag der dei ikkje tenkjer så mykje på klasse, men desto meir på stil, form. Dette var ei form for kollektiv sosial kontroll, på godt og vondt. Det positive var at folk var flinke til å ta vare på kvarandre, og at ein også hadde ein viss toleranse og omsorg for dei som ramla utanfor. Samstundes var form og stil strenge bod. Jørgen Ribe er ein mann med behov for former, grenser og rutinar, så han er ikkje heilt framand for desse borgarlege rammene, men som ung mann er han sjølvsagt opprørt over dei.

Tida

– Jørgen lever så å seie i språket, men oftast er det eit par nummer for stort for han?

– Ein av grunnane til at han blir forfattar, et at språket er ein eigenskap ved han. Den eine vennen han har, får dramatiske ting til å skje. Elles skjer ting i livet hans i tankane og i språket, det er der han lever ut det meste. Vegen til papiret og skrifta er ikkje lang. Det kjenner eg meg godt igjen i.

– Kor ofte opplever du, som forfattar, at språket ditt kjem til kort?

– Heile tida. Det er ei forbanning. Kanskje ein nokre gonger i løpet av ein roman nærmar seg det ein har sett føre seg eller håpa ein skal klare, det ein ser som rett. Det må finnast slike augeblikk der det klaffar. Det er jo dette evinnelege strevet som gjer at ein aldri blir ferdig. Eg strevar heile tida, men finn òg glede ved det. Kjensla av å komme til kort er eg svært, svært fortruleg med.

– Hadde du nokre slike gode augeblikk i arbeidet med Vrakeren?

– Stunder der eg klarte å kople nært saman minna om ungdommen og dei eldre mennene som minnest den same ungdommen, eit par augeblikk der eg maktar å kople gleda og tragedien så nært som råd.

Tid er av største betydning i denne romanen, som i dei fleste Saabye-romanane. Då Jørgen lærer seg klokka, skjønar han for første gong at han skal døy. Dessutan: «å kunne klokken er å bli minnet om ulykkeligheten».

– Tida har alltid hatt ein stor plass i bøkene mine. Romansjangeren handlar jo om tid som går, og er såleis nært knytt til tida som tema. Slik er det også for forfattaren som sit og skriv. I løpet av skriveprosessen har både tida og romanen forandra deg, og forfattaren er ikkje lenger det same mennesket.

Christensen seier at han ikkje kjem til botnar i tida.

– Eg blir ikkje ferdig med tida og med desse klokkene mine og urmakarane. Somme vil kanskje sjå på dette som uønskte litterære gjentak, men desse gjentaka gjer eg med største medvit. I medvitet om tida ligg sjølvsagt også eit dødsmedvit, men like mykje eit medvit om å leve. Det er begge delar, alt ettersom, og gjerne på ein gong.

– Ribe skriv ikkje for å avdekkje, men for å skjule. Er det slik du har det?

– Det er ei problematisk utsegn og kan verke litt flott. Noko sant er det likevel i det. På ein eller annan måte kjenner eg noko igjen i den strategien, at forteljinga like gjerne kan dekkje over som avsløre, anten du vil eller ikkje. Ho kan fortelje noko anna i staden. Ein forfattar er jo også ein manipulator overfor lesaren, slik Carl manipulerer Jørgen. For å seie det slik: Aldri lit på ein forfattar! Lit heller på teksten!

– Kva ville du svart om biografen du skriv om, baud seg til å skrive biografien din?

– Eit rungande nei!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis