JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Motvekt mot språkleg forflating

Gaute Heivoll ville skrive ein serie allalderbøker om dei sju dødssyndene. Men for å få det slik han ville, måtte han finne opp ei åttande. Kva for synd det er, får lesarane vite i siste bok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Gaute Heivoll.

Forfattar Gaute Heivoll.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Forfattar Gaute Heivoll.

Forfattar Gaute Heivoll.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

8626
20240503
8626
20240503

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Med serien Estragons historier har Gaute Heivoll skapt noko nytt i norsk litteratur for born og vaksne. Bok tre, Den siste keiser, blei nyss lansert. Kva tid den neste kjem, er framleis uklart. Forfattaren, som fekk sitt gjennombrot med brageprisvinnaren Før jeg brenner ned (2010), skriv andre ting parallelt. Dessutan er han avhengig av at den travle danske illustratøren John Kenn Mortensen finn tid til å gi bøkene den utforminga Heivoll ønskjer.

Desse bøkene fortel eventyrlege historier med meir eller mindre sterk tilknyting til dei klassiske dødssyndene. Det spesielle er at både hovudpersonen, Estragon, og forteljaren, Siful, er rotter. Estragon et berre pengar, og for at Siful skal få han til å fortelje om opplevingane sine, må han kvar gong stele med seg setlar eller myntar å fôre Estragon med. Sidan Siful er kyrkjeorganist, stel han frå kollektbøssa og frå presten.

Utdøyande art

Estragon og Siful er ein utdøyande art. Det finst berre dei to i verda, forklarar forfattaren.

– Utgangspunktet var at eg ville skrive om dei sju dødssyndene for born. Det var ein ganske dårleg idé, nett difor ønskte eg å gjere det. Alt fall på plass då eg fann Estragon som forteljar. Som med all forteljing handla det også denne gongen om å finne ut korleis det skulle forteljast. Med rotta Estragon, som både er kultivert og har lese mykje, lét desse historiene seg skrive, seier han.

– Sidan dødssyndene har ein geistleg aura kring seg og er eit opphøgd tema, ville eg gjerne at det skulle forteljast frå det lågaste av det låge. Og kva er då betre enn ei rotte – under jorda! Og med Siful som kyrkjeorganist, kunne eg la det høge og det låge gå hand i hand.

– Du ser ikkje ut til å ha vanskar med å gjere rotter til litterære skikkelsar. Er dei meir menneskelike enn vi ønskjer å tru?

– Ja, det vil eg absolutt seie. Vi har våre dyriske sider, og den dyriske sida er ikkje noko vi nødvendigvis skal ta bort. Alle nyansar skal vere med, vi skal ikkje dekkje over grådigskap, sjalusi og begjær. Det er ofte dei dyriske og nedrige og uetande sidene som også gjer oss til interessante menneske, menneske med kjøt og blod.  

– Kvifor skrive om dei sju dødssyndene i dag?

– Dette er tenkt som eit einskapleg verk som djupast sett handlar om kva som gjer oss til menneske og skil oss frå dyr. Bak ligg ein humanistisk tanke, ein måte å lese på om kva det er å vere menneske gjennom eit univers som er absurd og morosamt, og som kan lesast av både born og vaksne. Til sjuande og sist handlar dette om det menneskelege. Men også om å fortelje, dikte, skilje mellom sanning og løgn. Historiene har ein del djupare linjer i seg enn det som kanskje spring ein i augo med ein gong.

«Vi har våre dyriske sider, og den dyriske sida er ikkje noko vi nødvendigvis skal ta bort.»

Gaute Heivoll, forfattar

Etikk og moral

Bøkene spenner vidt. Så vidt at Heivoll har hatt samtale med biskop Stein Reinertsen i Agder og Telemark om den første boka, Estragons historier: Rottefangeren fra Sorø, som tematiserer det å vere grådig.

– Det forbausa meg litt at biskopen hadde lese boka – og likte henne. For presten i boka kjem ikkje så heldig ut. Eg ser dette som ei stadfesting av at desse bøkene kan lesast av menneske i alle aldrar.

– Finst det ein lærdom du vil at lesarane dine – både unge og gamle – skal hente frå denne bokserien?

– Bøkene handlar jo om mykje, men også om etikk og moral. Eg vil gjerne at ein skal nærme seg etikk og moral gjennom eit amoralsk univers, eit univers som ikkje er moraliserande. Lesarane skal lære om etikk og moral utan å vite at det er det dei gjer. Estragon ligg under for dei same syndene som alle andre. Likevel er han vår «helt». For meg er det viktige ved desse bøkene at dei er forteljingar, ikkje at dei skal «oppdra» nokon.  

Ikkje berre biskopen har synt stor interesse for Estragon-bøkene. Filmatisering er aktuelt, men det står førebels på finansieringa. Dessutan har Dyreparken i Kristiansand lagt sin elsk på Estragon og gestalta han og diverse av karakterane hans under «Skumle Dager»-arrangementet deira. Der kan ein møte fleire av skikkelsane, spelte av skodespelarar, i eit prosjekt dei har hatt dei siste to åra.

– Korleis fann du illustratøren John Kenn Mortensen, som veit å skape den rette stemninga med illustrasjonane sine?

– Redaktøren min gjorde framlegg om han. Eg fekk sjå ein del av det han driv med. Mykje av det er skrekkteikningar og marerittaktige draumescenario, som han er svært god på. Då tenkte eg at dette er rette mannen.

Verdslitteraturen

Det er lett å tenkje at Heivoll har late seg inspirere av verdslitteraturen, både til namna han gir personane sine og handlingane dei er med på. Estragon er ein av dei to hovudpersonane i Becketts absurde drama Mens vi venter på Godot. Likeins ligg det nær å tru at forteljaren Siful har henta det uvanlege namnet frå Siful Sifadda, som er psevdonymet Henrik Wergeland nytta når han skreiv satiriske tekstar.

Gaute Heivoll stadfestar at det er slik han har tenkt. Han har ønskt å inkludere ekko frå verdslitteraturen på ulike plan i denne bokserien. Kvifor det er slik, vil lesarane skjøne etter kvart, seier han. Men for han er det eit poeng at verdslitteraturen er med.

– Desse bøkene er ei historie med mange lag, vil det syne seg litt etter litt.

– Kvar hentar du inspirasjon til forteljingane som Estragon hevdar han har opplevd? Bok to, Himmelmannen, luktar litt av baron von Münchhausen?

– Som barn blei eg lesen for frå Münchhausens forteljingar. Dei gjorde sterkt inntrykk, og for meg handlar det om å gå inn i kjernen av kva det er å fortelje. I botnen ligg det å få den som les eller høyrer på, til å tru på det som vert fortalt, tru på historia. Münchhausens forteljingar er for utrulege til å tru på, men ein ønskjer likevel å tru på dei. Slik er det også med Estragon. Ein vil tru på historiene hans, og Estragon vil gjerne at nokon skal høyre han fortelje.

– Forteljegleda di synest vere større enn trongen etter å råke ei dødssynd direkte?

– Viktigast er lysta til å fortelje og få folk til å tru på det eg fortel.

Kva for dødssynd Heivoll er ute etter i kvar einskild bok, er ikkje alltid like tydeleg, fleire går litt over i kvarandre. Til dømes kan det verke som om grådigskap er temaet i Den siste keiser, slik det var i den første boka, men eigentleg er det begjær, lysta til å samle utan å nytte det til noko. Som kaptein Klepto på ubåten «Nautilus» seier: «Jeg bare måtte ha…» Men seriens gjennomgangstema er pengar.

«Feit» og «stygg»

– I den tredje boka verkar det som du gir fantasien og galskapen heilt fritt spelerom?

– Absolutt. Igjen dreier det seg om å fortelje, lytte og lese – la seg fange av fiksjonen. Born les mindre og mindre, dei misser evna til konsentrasjon og fordjuping. Bøkene mine er ei motvekt, det skal finnast eit univers fullt av fantasi, absurditetar og så vidare, men samstundes har det ei underbygging som er alvorleg nok.

– Kor absurd mykje i Den siste keiser kan synast, finst det ei forankring til røyndommen, til dømes ved at det på kontoret til kaptein Klepto om bord i «Nautilus» står ein stumtenar til paraply og yttertøy. Det er berre å ta steget ut?

– Eg er svak for slike absurditetar. Men røyndommen er ikkje langt unna. Stylteturen i  Himmelmannen er basert på historia om ein franskmann som gjekk på stylter frå Paris til Moskva på 1890-talet.

I alt Heivoll skriv, er han oppteken av korleis ein fortel ei historisk hending.

– Det finst fleire ting i Estragon-universet som ikkje kan stemme, ikkje er sant, så bøkene er ein leik med sanning og løgn og kva ei forteljing kan få oss til å tru om røyndommen. Dette er heilt essensielt i ei tid med kunstig intelligens, som kan gi oss forteljingar som ikkje er sanne eller verkelege.

– Dødssyndtematikken er kanskje ikkje blitt mindre aktuell i vår tid?

– Eg trur den tematikken aldri går av moten. Sjølv vil eg gjerne skrive om forbodne ting. I fjor var det ein heftig debatt etter at forlag sensurerte i Roald Dahls bøker og så å seie nøytraliserte og forflata språket. Det er ein svært farleg veg å gå og noko eg vil arbeide mot. Vi må kunne bevare djupna i språket, elles har vi ikkje noko språk å skildre røyndommen med. Så eg vil gjerne skrive både «feit» og «stygg» og ta i bruk alle språkets nyansar.

– Fiksjonen er ein fristad til å nærme seg dette for både born og vaksne. Det er den reinsinga litteraturen og fiksjonen kan ha.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis