JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Musikk, svik og eit lite håp

Sunniva Relling Berg har eit uvanleg hektisk år bak seg. I slutten av november fødde ho trillingar, og i desse dagar lanserer ho den første vaksenromanen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sunniva Relling Berg debuterte i 2011 med ein ungdomsroman som blei nominert til Brageprisen. No har ho skrive for vaksne.

Foto: Tove K. Breistein

7971
20210122
7971
20210122

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Det byrja med ein kort tekst på Skrivekunstakademiet i Bergen i 2011 der ho fabulerte om korleis det ville påverke språket hennar om ho var blind. Fire år seinare tok ho opp att tematikken og arbeidde vidare med han. Resultatet blei Lyden av to hender, ein mangslungen roman om musikk og svik, mistenkjeleggjering og mørke rykte. Og blindheit.

To personar kjempar om plassen i denne historia – 23 år gamle Lotte, med ambisjonar om å bli internasjonal konsertpianist, og 49 år gamle Jákob, pianolæraren hennar gjennom tolv år. I si tid rømde han frå det kommunistiske Ungarn. Forfattaren var sjølv lenge usikker på kven av dei to som skulle vere hovudperson, men valde å gi Lotte den førande røysta.

Langt på veg er boka skriven som ei detektivhistorie, der detektivarbeidet er mindre viktig enn erkjenningsprosessen dei to hovudpersonane går gjennom. Som student ved eit fiktivt musikkuniversitet i Wien vil Lotte skrive ei oppgåve om Jákob. Han var ein lovande pianist, men braut brått over karrieren, rømde frå heimland og kone, flytta til Noreg og har sidan gjort alt han kunne for å skjule fortida si. I arbeidet med å finne ut meir kjem Lotte over informasjon som heilt endrar biletet hennar av han.

Skulebibliotekar

33-åringen frå Ålesund er busett i Bergen og sjef for Årstad skulebibliotek, men oppheld seg for tida i heimbyen med mann og no fire born. Ho debuterte i 2011 med ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. To år seinare kom Beina i gitaren og 2019 Polarnatt. Ho har ein mastergrad i digital kultur med vekt på litteratur i digitale kanalar, noko ho har hatt stor nytte av som skulebibliotekar – især i koronatida.

På skulen i språkdelte Ålesund hadde ho bokmål som hovudmål, men det vekte trassen i henne at medelevane var så sterkt imot nynorsk. Ho følte at talen hennar låg nærmare nynorsk enn bokmål, og at lesing av mykje eldre litteratur på bokmål hadde gitt henne eit litt gammalmodig språk.

– Eg opplevde overgangen til nynorsk som ein prosess, der eg måtte finne språket mitt litt på nytt. Eg kunne ikkje gå i dei faste gangane, så dette blei svært utviklande for meg. Sidan eg kunne nynorsk dårlegare enn bokmål, måtte eg tenkje gjennom ordval og korleis eg skreiv.

Blei så nysgjerrig

– Kva er det som har fått deg til å skifte målgruppe?

– Hovudpersonen min blei eldre for kvar bok, så eg ville skrive om ein i tjueåra. Men det stoppa heilt opp, i staden opplevde eg det som frigjerande då eg tok til å skrive om Jákob. Det var litt fint å kunne skrive om ein person som var ein heilt annan enn eg sjølv.

– Du hamna jo i ei heilt anna verd, med røter frå Ungarn under kommunismen, i ei tid då du enno ikkje var fødd?

– Det kravde mykje gransking, men var svært givande. Det er ikkje slik eg har pleidd å skrive, og det var slett ikkje planen. Men eg kjende heile tida at stoffet gav meg meir, og at det var spennande å vere der. Det er fint å sjå at historia lever litt sitt eige liv.

Utgangspunktet for forfattaren var tap av synssansen. Korleis er det å skulle skildre det som er rundt ein når ein knapt kan sjå? I boka er Jákob i ferd med å bli heilt blind.

– Kvifor gav du deg sjølv denne utfordringa?

– Når eg skriv, har eg lett for å skildre på same måte heile tida. Om eg tek bort høvet til å skildre til dømes fargane på ein blome, må eg finne andre måtar å skrive om det på. Det ville vore uråd å basere ein heil roman berre på dette. At eg valde å skrive vidare på teksten frå 2011, kom av at eg blei så nysgjerrig på desse personane eg hadde sett ned på papiret den gongen.

Resultatet blei noko ho aldri kunne sett for seg.

– Det har vore spennande å sjå korleis historia har forma seg og endra seg, at ho har blitt det ho har blitt, og samstundes har behalde kjernen – svikproblematikken og løyndommen han ikkje vil røpe.

– Kvifor akkurat denne historia?

– Eg har alltid følt at eg kjenner meg att i alle dei eg skriv om, sjølv om ytre omstende kan vere annleis. Men eg kan ikkje seie kvifor historia utvikla seg slik ho gjorde. Musikk er viktig for meg. Eg har spelt piano og fiolin, rett nok berre til husbruk.

Historia om Jákob måtte forankrast ein stad.

– Eg måtte finne ut kvar han kom frå. Ungarn kjende eg lite til, men det la seg på eit vis til rette med den musikalske historia landet har. Etter kvart som eg gjorde meg meir kjend med landet, var det som om brikkene fall på plass i historia.

Utryggleiken

– Mobbing og utanforskap var viktige tema i ungdomsbøkene dine. Det har du framleis med deg?

– Det er noko eg svært ofte krinsar rundt. Eg synest det er interessant å skrive om å vere på utsida. Det som fører tekstane mine vidare, er nettopp relasjonane mellom folk – korleis vi er med kvarandre, kva som kan skje i ulike maktforhold, korleis vi kan såre kvarandre og byggje kvarandre opp. Det er det som har drive meg i denne boka òg.

– Korleis vil du karakterisere hovudpersonen?

– Lotte veit vel ikkje heilt korleis ho er overfor andre. Ho trur ho er trygg i seg sjølv, men ber på ein latent utryggleik som ho ikkje skjønar ligg der. Når ting ikkje går heilt etter planen hennar, blir ho skaka.

– Vil du seie at ho er ein dårleg menneskekjennar – og med lite sjølvinnsikt?

– Heller at ho blir for fokusert på seg sjølv til at ho alltid klarar å sjå andre. Den utryggleiken som ho ikkje heilt har fått tak i, bind ho litt i forholdet til andre.

– Om pianolæraren heiter det ein stad: «Han trudde at det einaste han verkeleg lengta etter, var å vere fri. Og no er han her. Fanga i duren frå kjøleskapet, i eit fritt og demokratisk Norge.» Kva er fridom for Jákob?

– Det synest eg har vore eit svært spennande tema å utforske. Det er lett å sjå fridommen som noko enkelt, men slik treng det ikkje vere. Eg trur Jákob er blitt fanga i sine eigne mørke tankar om sakn og skuld. Han treng å tilgi seg sjølv for å bli fri. Lenge tenkte han at det var det ytre det handla om, det politiske, men ein kan jo bli fanga i seg sjølv òg.

Tristesse

Svik er eit sentralt tema i boka til Sunniva Relling Berg. Fedrar som svik borna sine, medvite eller umedvite, Jákob som forlèt kona si og slik gir grunnlag for mistankane som blir retta mot han. Han som svik landet sitt, eller landet som svik han. Dette er også ein del av den utforskinga av det menneskelege, som forfattaren nyttar skrivinga si til.

– Boka er òg eit psykologisk dobbeltportrett. Var det intensjonen frå byrjinga?

– Eg ønskte å utforske psykologien til begge dei sentrale personane. Det har vore ein lang prosess om kven av dei som skulle føre ordet mesteparten av tida, korleis stilen skulle vere, om forteljinga skulle vere i 1. eller 3. person, og kor mange forteljarrøyster eg skulle ha. Lenge var eg også usikker på om eg skulle fortelje historia kronologisk utan tilbakeblikk, men då blei det så komplekst og stort.

– For Lotte blir denne historia ikkje berre ei erkjenningsreise, men like mykje eit uvanleg krunglete frigjeringsprosjekt?

– Ja. Det ho ikkje har sett, men Jákob ser i henne, er at ho treng å lausrive seg. Ho er blitt så oppteken av kva andre tenkjer, og kva han tenkjer, at det set grenser for henne når ho speler.

– Det er mykje tristesse i denne historia?

– Jo, men eg føler at det er ein del humor òg. Boka er nok trist, men eg trur det er eit håp der.

– Ungdomsbøkene dine hadde ikkje happy ending, men dei enda heller ikkje utan håp. Er det ikkje eit paradoks at den første vaksenromanen din, trass i alt, har ein meir optimistisk slutt?

– Eg òg føler at denne boka er meir optimistisk, og det var eit lite mål. Eit paradoks er det, men eg ville ha det vesle håpet på slutten. Især sidan eg tek opp så mange mørke ting, ville eg at det skulle vere med eit tydeleg håp og lys.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er lett å sjå fridommen som noko enkelt, men slik treng det ikkje vere.

Sunniva Relling Berg, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis