Når den tettaste brorskapen raknar
Då pandemien lukka ei dør for utstillingsverksemda, henta Lars Elling fram ei gammal familiehistorie. Kombinert med fri dikting blei resultatet debutromanen Fyrstene av Finntjern.
Lars Elling er biletkunstnar og bokillustratør. No har han skrive roman.
Foto: Baard Henriksen
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Saman med brørne Arnstein og Truls tek forfattaren oss med ut i Oslomarka og innvier oss i eit friluftseventyr med vandring, fiske og fangst for godt og vel hundre år sidan. Meir enn noko er dette ei forteljing om to brør som kjem så tett på kvarandre som råd er, men som opplever at nærleiken etter ei dramatisk hending blir til livslang fiendskap.
Årsaka til det fatale brotet var truleg meir banal i røynda enn i boka, men Lars Elling fekk sjølv erfare korleis bestefar hans og broren levde hage ved hage som bitre fiendar utan nokon gong å bli forsona.
– Eg er ein forteljande målar. Men ikkje alle forteljingar kan målast, såleis har eg brent inne med mykje materiale. Pandemien stengde alle arenaer for måleriet mitt, og eg ynskte ikkje å jobbe digitalt, for eg vil helst møte publikum.
Difor la han det vekk og gjekk snart på veggene.
– Men eg har alltid lese kolossalt mykje. Eg voks opp i Karibia, der far min dreiv eit raffineri for Shell. Det blei eit kultursjokk som eg las for å moderere. Eg pløgde meg gjennom bokhylla med Ernest Hemingway og Jens Bjørneboe, Axel Jensen og Vilhelm Moberg. Eg var berre ni–ti år, men det var denne litteraturen som var tilgjengeleg. Noko ønske om å skrive har eg aldri hatt – før no. Men skrivinga synte seg å bli fylt av glede.
– Og ikkje så heilt ulik måten du målar på?
– Eg nytta same metode som når eg målar: ein geriljaaktig innfallsvinkel med raske åtak og raske tilbaketrekkingar. Jobbe collageaktig, gå frå episode til episode, springe frå scene til scene, ikkje vere så oppteken av struktur, berre skildre det eg kan sjå heilt klart føre meg. I skrivearbeidet har eg hatt ei grunnleggjande kjensle av presisjon og konsentrasjon. Som å få nøklane til ei avstengd fløy i eit gammal hus ein kjenner godt frå før. Det er meg, men ei anna side. Alt eg har, ligg her.
– Korleis oppstod romanen?
– Eg har eit vell av anekdotisk, apokryft, biografisk og mysteriøst materiale liggjande langt bak i hovudet. Med ein oppvekst som min, i ein generasjonskonfliktbustad, der tomta var delt i to mellom fiendtlege brør, har ein materiale til ein litt traudig tragedie om brør som om sommaren blir kasta ut heime for å herde seg i skog og mark. Først då eg fann mi eiga forklaring på kvifor det kom til ein slik fatal konflikt mellom brørne, var eg klar til å fortelje historia. Eg ville sy dei to brørne så tett saman, med noko gjensidig ordlaust ømt og ein avhengnad, at når dei blir rivne frå kvarandre, vil det ikkje vere til å halde ut. Eg prøvde å finne dei verste smertepunkta.
Sjølvopplevd
– Romanen har ei notid, som er 1985, og den unge gymnasiasten Filip, som lokkar historiene ut av «Den Gamle», er sjølvsagt Lars Elling?
– Ja, det er eg som 19-åring. Filip og systera Turid er to sider av meg, som lengtar vekk frå denne familien dei ikkje heilt fungerer i, og som heller vil reise ut og skildre verda i bilete. Dette er basert på ting eg sjølv har opplevd, tenkt og følt. Boka er ein collage av sant og usant, som bileta mine. Det aller meste av det gutane opplever ute i skog og mark, er rein fiksjon.
– Men mykje av det du skriv, verkar så opplevd at det kan ikkje vere fiksjon.
– Bra du seier det, for ein heil del er også sjølvopplevd. Opplevingane eg skildrar, skal ha ein absolutt realisme. Men dette er ikkje ein del av røyndomslitteraturregimet, det handlar ikkje om å komme til botnar i gamle traume eller reparere livet. Eg har berre freista skrive ei bok eg sjølv hadde lyst å lese, og ho er blitt til etter eit begeistrings- og lystprinsipp. Her er eg i ein annan disiplin og eit anna språk, men det er framleis eg. Ting eg dyrkar i målinga, minner sterkt om refleksjonane boka er full av. Likeins ser eg parallellar til det eg gjer i musikk, det er som om eg set alt på ein felles nemnar.
Elling blir intervjua på WhatsApp, for han er på Zanzibar, der familien er på ferie. Elles held far og dei to yngste døtrene til i eit vindistrikt i Western Cape, aust for Cape Town i Sør-Afrika, medan mor og den eldste dottera er heime i Oslo. I november flytta dei sørover, og der har Elling og døtrene på sju og elleve år tenkt å bli til slutten av januar 2023. Der skal ikkje minst ungane få oppleve eit eventyr i staden for den nedslitne oslotristessen. Og om nokon skulle tru at Elling har gitt heile måleriet på båten, sidan han ikkje sjølv har laga omslaget til boka, må dei tru om att. I Western Cape har han innreidd eit atelier der han arbeider med bileta som skal til Peer Gynt-spelet i sommar.
– Med ei omskriving av skapingsforteljinga i Bibelen heiter det i boka di: «I begynnelsen var bildet, men ordet insisterer og gir seg ikke.» Var det slik du opplevde overgangen til skriftmediet?
– Det kan du seie. Kampen mellom ord og bilete er sentral i hovudet til Filip. Han prøver å bli ein intuitiv målar, emosjonell, ikkje intellektuell. Eg blei utdanna på 90-talet, då dei tinga var forbodne.
Vemod
– Er det bestefarens historier som utløyser det kunstnarlege i Filip?
– Jo, men for Filip er det lånte fjør. Det vil eg prøve å gå inn på dersom eg får til å skrive ein oppfølgjar. Eg har ein idé, men synest det er teknisk vanskeleg. Så langt har eg ikkje våga å byrje å skrive, førebels har eg berre nokre klønete og uforma tankar om det.
55-åringen frå Oslo er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen, og før han heilt skjønte at det var målar han skulle vere, prøvde han seg som bokillustratør og avisteiknar for Bergens Tidende, Dagsavisen og Klassekampen. Han har hatt separatutstillingar fleire stader i Noreg og i New York, Chicago og London. Skriving er han heller ikkje ukjend med frå før; han står bak fleire barnebøker og har mellom anna to gonger hausta gull i Årets vakraste bøker. Han har også vore med i progrockbandet The Cheating Popes.
– Språket ditt er så ulikt alt anna, med bilete henta frå kunstnarblikket og uventa similar som «øynene hans er som guttaperka», eller grashopper sløve og tunge som «olympiere som har sovnet under stavsprangkonkurransen».
– Det er jo form eg driv med, anten eg målar eller skriv. Men eg var usikker på om forma dugde til det lange formatet og den temperaturen eg ville ha i teksten.
Forfattaren kallar boka «underresearcha». Fleire gonger var han på nippet til å hamne i faktahelvete, fortel han. Men han stoppa i tide og heldt seg til det taktile, det ein kan sanse gjennom huda. Så prøvde han å gi det att så presist som råd. I den grad han ikkje har vore heilt nøgd med eit parti, har han stroke det og skrive nytt i staden for å mekke på det.
– Underresearcha eller ei; boka di røper store kunnskapar om insekt- og planteliv, flugefiske og skogsliv.
– Eg har lese Tierleben-boka som bestefar hadde. Og som gut kopierte eg teikningane i boka. Men eg har omhyggjeleg late vere å dosere om ting eg ikkje har kunna gi ei poetisk form. Når eg liker å skrive om døgnflugeklekkinga, er det fordi eg har lege i tallause vatn og venta på den klekkinga. Eg har sett ein alv bli fødd, veit korleis det ser ut og har skildra det nett slik det skjer. Då Arthur Rackham, den første som illustrerte Peter Pan, skulle teikne Tingeling, nytta han døgnfluga som modell.
– Du lagar ei interessant tolking av myten om Orfeus og Evrydike. Er det meint som eit forsvar for den moderne kunsten?
– Meir som eit forsvar av kunsten framfor livet. Min private teori er at svært mykje av kunsten er estetisering av eit tap. Det er der Filip kanskje gjer ein feil, når han trur at han vikarierande kan estetisere bestefarens tap. Den fotgjengaraktige tolkinga av myten som vi lærer på skulen, er vanvitig dårleg.
Lars Elling kjenner på vemod når skrivinga er over.
– Det har vore interessant å vere i den verda som no er lukka. Eg saknar prosessen og somme av karakterane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ting eg dyrkar i målinga, minner sterkt om refleksjonane boka er full av.
Lars Elling, kunstnar og forfattar
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen