Sivilisasjonens skipbrot
«Flyktningenes død ved våre grenser er villet politikk», skriv Kristina Quintano i den nye boka si, som er ei forstemmande skildring av «migrasjonskrisa» og EUs – og Noregs – svik mot menneske i naud.
Kristina Quintano.
Foto: Bendik Østbye Johannessen
Litteratur
jan.h.landro@gmail.com
I over tjue år har den norsk-maltesiske forfattaren, hjelparen og dokumentaristen følgt menneskesmuglarar i og kring Middelhavet. Facebooksida og boka Budbringeren fra helvete (2021) gjorde henne til vår fremste formidlar av flyktningtragediane i området.
For dette er ho her i landet blitt drapstruga og kalla både «quisling-hore» og anna. Ho bur no med familien sin på hemmeleg adresse. Årets bok, Smugler eller grenselos? På innsiden av vår tids største folkevandring, gir oss eit faktabasert alternativ til det iskalde vestlege blikket på menneskesmuglinga i desse områda.
Nådelaus
Det er med stor kunnskap og breitt overblikk Quintano kommenterer situasjonen, og ho er nådelaus:
– Før var politikken å berge menneskeliv, no er han endra til ikkje lenger å handle om det. Når vi i tillegg hindrar dei få sivile redningsskipa som finst i å gjere jobben sin, ved å la dei liggje i hamnearrest, er det ein politikk som er like vilja som urimeleg. Og dette er Noreg delaktig i.
Ho meiner at dei som berre held seg til norske medium, er heilt uvitande om det aller meste som skjer som følgje av EUs såkalla migrantpolitikk, som også Noreg er ein del av. Kvifor norsk presse ikkje har synt større interesse – i det minste for dei mange tusen migrantane som kvart år døyr i Atlanterhavet rett utanfor det «norske» ferieparadiset Kanariøyane – skjønar ho rett og slett ikkje. I gjennomsnitt har 33 menneske drukna kvar dag så langt i år. Og mørketala er store.
– Med denne boka ville eg finne ut kva som låg bak det påfallande spriket mellom den homogene måten media omtalte «menneskesmuglarane» på, korleis migrantane snakka om hjelparane, og korleis «smuglarane» omtalte seg sjølve. Migrantane snakka ofte om hjelparane på ein varm og positiv måte, og dei skilde mellom tilretteleggjarane i mange ledd og dei som stod for sjølve «smuglinga».
Dette står i tydeleg konflikt med den kriminaliserande diskursen politikarar og media nyttar, meiner ho.
– Boka mi er absolutt ikkje eit forsvar for menneskesmuglarar, det finst jo òg nok av gruvsame smuglarhistorier fulle av kynisme og blotta for menneskeverd. Men når eg ser menneske som minner meir om «Carl Fredriksens transport» enn om biletet politikarane har skapt, tenkjer eg at det må også fram. Mange er langt meir altruistiske enn eg hadde trudd. Debatten om flukt er blitt så polarisert, meir informasjon gjer det lettare å forstå kor mykje folk har vore gjennom før dei når målet.
Bergingsmannskap når fram til ein båt med flyktningar i drift i internasjonalt farvatn utanfor Malta.
Foto: Vincenzo Circosta / AP / NTB
Søv media?
– I boka syner du at mange «vanlege folk» av begge kjønn er involverte i smugling. Er det blitt ein nødvendig leveveg for dei?
– Heilt klart. Somme stader er det tale om ein vilja politikk, så å seie styrt frå EU. Andre stader har folk alltid blitt flytta over grensa.
– Har du sjølv det språket du meiner manglar for å snakke meir nyansert om «menneskesmugling»?
– Nei, og i boka nyttar eg sjølv «smuglar»-omgrepet. Inni dette samleomgrepet finst så mykje som ikkje har direkte med smugling å gjere. Dessutan manglar vi ord for å forklare dei forferdelege opplevingane flyktningane og migrantane har vore utsette for på vegen mot Europa. Eller språk til å gjere greie for kva som skjer når dei i EU-regi blir sende tilbake til Libya. Boka er ein freistnad på å forklare og avdekkje, men også på å starte ein prosess der vi kanskje må finne opp eit nytt språk og ein ny måte å fortelje historiene på.
I dag står språket heile tida i spagat. Det høyrest mykje betre ut å snakke om kampen mot menneskesmugling enn kampen mot menneska sin rett til å flytte på seg, seier ho.
– Å bruke ordet «smuglar» einsidig om det som skjer, kan ein berre gjere med eit vestleg blikk. Sjølv på EU-landet Malta, som tek imot mange migrantar, snakkar ein helst om «agentar». «Smuglar» blir reservert for dei kyniske. I Noreg snakkar vi som om Middelhavet er den største og farlegaste delen av fluktruta, utan å skjøne at folk ofte treng mange år på å komme seg dit. Men før det skal desse menneska losast ut av krigsområde og kanskje gjennom fleire farlege land. Å vise alle ledda i slike fluktruter fram til havet har vore viktig for meg.
Quintano fortel at for kvart menneske som druknar i Middelhavet, døyr to i Sahara på veg mot havet. Men kor ofte høyrer eller les vi om dei? Eller at langt fleire migrantar druknar i Atlanterhavet, mellom Senegal og Kanariøyane, enn i Middelhavet? Eller at dei som flyktar frå Tyrkia til Hellas, ofte er langt mindre fysisk skadde enn dei mange valdtekne og maltrakterte som kjem via Libya?
Søv media? Mykje av dette er informasjon alle kan finne med litt arbeidsinnsats, seier ho.
Naivt
– Du skriv at styresmaktene nyttar langt fleire krefter og ressursar på å stanse såkalla irregulær migrasjon enn på å finne gode, varige løysingar på årsakene til migrasjonen?
– Eg kan ikkje sjå at europeiske styresmakter nyttar særleg mykje krefter på dette. Vi er enormt gode på høge bistandsbudsjett. Men ofte lurer eg på kor flinke vi er til å følgje opp kven som får pengane, og korleis dei blir brukte. Når ein gir eit land som gjennomkorrupte Libya enorme EU-midlar, slik ein har gjort i snart ti år, og tallause rapportar fortel at fleire som jobbar i den såkalla kystvakta, også driv med smugling, verkar det innmari naivt, seier ho.
– Vi gjer vårt ytste for å stengje menneske inne i konfliktområda der dei er, i staden for å prøve å finne gode løysingar.
– Korleis ser du for deg at den såkalla migrasjonskrisa kan løysast?
– Somme ting verkar heilt innlysande for meg: Det finst ei lov som gjer det til ein menneskerett å søkje asyl. Då må vi leggje til rette for at folk kan gjere det. Eg meiner ikkje at alle menneske skal få opphald eller vern i Noreg, men vi må ha ein prosess der folk kan komme seg til Europa utan å døy på vegen.
I EU er solidaritet mellom medlemslanda eit nøkkelprinsipp.
– Når Italia og Hellas, Spania og Malta etter 20 år i frontlinja ikkje får rask og effektiv solidaritetsfordeling av migrantane, fører det heilt direkte til at menneske druknar. I 15 år har desse landa sagt at dei kan vere første mottaksland og raskt sile ut migrantane, men så må EU fly dei vidare til andre land der søknadene deira kan bli behandla. Når dette ikkje blir gjort, seier vesle Malta, som har det største søke- og bergingsområdet i Middelhavet, at dei heller ikkje kan berge fleire menneske.
Det første halvåret i år er om lag 12.000 menneske blitt skyvde tilbake til Libya.
– For dei som ikkje druknar, ventar tortur, slavehandel og vald, og det er også Noreg delaktig i. Ei effektiv solidaritetsfordeling i EU må komme, også for Atlanterhavet.
Kven er mest umoralsk?
Quintano peikar på at vi i Noreg handplukkar flyktningane, vi kan ta dei vi vil ha. Kan ikkje Nansen- og fredsnasjonen Noreg gå føre med den humanistiske arven vi har? Kva er det vi driv med, spør ho.
– Vi har plass, vi har pengar. Vi kan ikkje rope på fleire norske born om vi ikkje vil ha fleire born frå andre land. Ingenting er enkelt, men det er for enkelt å la folk drukne fordi vi ikkje finn ei god løysing. Vi tenkjer så utruleg kortsiktig. Menneska har flytta på seg i 50.000 år, og vi kan berre tenkje fem–ti år fram. Det finst ingen quick fix, men det vi gjer no, funkar ikkje. Eg trur at mykje handlar om at vi ikkje ser på migrantane som menneske i utgangspunktet, for oss er dei berre ein einaste masse.
Kristina Quintano spør: Kven er mest umoralsk, «menneskesmuglarane» eller statane som sel våpen, tener på andre sin fattigdom og stengjer grensene for menneske i naud? Ho er ikkje i tvil om svaret.
– Er det slik, som du skriv, at korrupsjon på lokalt og statleg nivå held oppe ein stor del av smuglinga som EU vil til livs?
– Eg kjem frå det gjennomkorrupte Malta og ser der korleis det forplantar seg nedover i alle ledd. Når dei som sit i regjering, likviderer vår mest profilerte gravejournalist, er det ikkje rart om rotenskapen er å finne heilt ned på kvardagsnivå. Og det finst verre statar enn EU-landet Malta. Folk er fattige, og når dei manglar pengar til mat, er det lett å forstå at dei lèt seg freiste.
– Mange migrantar lever heilt utan rettar av noko slag i Europa. Finst det tal på dei?
– Ikkje som eg kjenner. Mange lever papirlaust og halvvegs under jorda. Svært, svært mange av dei eg har snakka med, er heilt utan rettar. Om du inkluderer arbeidsmigrantane, som det finst fleire hundre tusen av berre i Spania, er det tale om millionar i Europa.
– I dagens Europa er livberging blitt eit brotsverk. Kvar er humanismen blitt av når det er straffbart å berge migrantar i havsnaud?
– Dette er sivilisasjonens skipbrot. Når vi sluttar å berge menneske og til og med kriminaliserer fiskarar, som alltid har hatt som livsfilosofi å plukke opp menneske i havsnaud, har vi nådd eit botnpunkt. Også når vi med vilje motarbeider redningsaksjonar, til dømes slik dei nye lovene i Italia legg opp til.
– Absurd
– I Tromsø sit norske Tommy Olsen og fortel verda dagleg, gjennom Facebooksida «Aegean Boat Report», korleis migrantar blir nekta rettane sine – og ofte skyvde til drukningsdøden av den greske kystvakta. For dette har greske styresmakter skulda han for menneskesmugling og vil ha han pågripen. Kva fortel det?
– Den saka er heilt absurd. Kven kan smugle når han sit i Tromsø! Men saka er ikkje eineståande. Å dokumentere menneskerettsbrot kan vere nok til å bli fengsla. Eg er ikkje sikker på om eg vil at denne boka mi skal bli omsett til engelsk. For første gong kjenner eg at eg er meir redd styresmaktene enn dei som sender meg drapstrugsmål og hatmeldingar.
Festung Europa blir sterkare år for år. Kristina Quintano skildrar ein migrantsituasjon som gir lite håp. Ho trur ikkje det har vore verre nokon gong – især fordi ein no med velsigning frå styresmaktene hindrar migrantane i å søkje asyl og sender dei tilbake til noko ein veit kan vere døden.
– Vi veit så inderleg vel kva som skjer der ute, likevel får det halde fram og halde fram. Vi pøser inn pengar og militært personale for å skyve ungar tilbake til tortur. Stort verre kan det ikkje bli.
– I det store perspektivet, kva synest du om posisjonen skiftande norske regjeringar har i den europeiske migrantpolitikken?
– Språkbruken no er litt annleis enn då Frp sat i regjering. Elles er ikkje skilnaden stor. Så er eg forundra over at vi senkar talet på kvoteflyktningar, og veldig skuffa over at Ap-regjeringa er så stram. Noreg går absolutt ikkje i front her.
– Kva med rolla Frontex, EUs grensepolitistyrke, speler i Middelhavet?
– Dei har gått frå å utøve regulær grensekontroll til å hindre irregulær migrasjon, i tett samarbeid med Libyas korrupte kystvakt. I EUs namn driv dei med store mengder pushback, altså tilbaketvinging av migrantar på veg over Middelhavet. Dei har også dronar som observerer migrantbåtar og sender data om dei til libysk kystvakt, slik at dei kan hente flyktningane tilbake. Utviklinga er kjempeskremmande.
– Kva med EUs naudfond?
– Det trur eg blei oppretta i rein desperasjon for å stoppe migrasjonen, både over Middelhavet og gjennom transittlanda i Sahara. Å bruke så mykje pengar på korrupte leiarar, på noko som er relativt kortsiktig, er tvilsamt. Det handlar om overvaking, både av eigne folk og av menneske som berre vil gjennom. «Hald kontroll på eigne grenser, så kjem pengane», er det EU lokkar med – men heilt utan noka forståing av korleis dette skal gjerast reint praktisk. Dette har gjort det langt farlegare å reise gjennom Sahara, for no er det kyniske smuglarar som i stor grad har teke over rutene.
Menneskeverdet
– Er EU villig til å samarbeide med kven det skal vere for å stoppe migrasjonen?
– Absolutt. At dei inngår ein slik avtale med Libya i 2015, og lagar ein nesten identisk avtale med Tunisia i 2023, trass i at dei må vite korleis libysk kystvakt har operert, tyder på at EU er villig til å gå langt. Det handlar berre om å stengje menneske ute.
– Også Noreg gir pengar til Libya. Trur du norske styresmakter er uvitande om det som skjer i landet?
– Nei. Støre har arva Solbergs avtale. At han ikkje har teke eit oppgjer med avtalen, er djupt nedslåande.
– Du skriv at politikarane alt veit det som står i boka. Kvifor gjer dei då ikkje noko?
– Dei gjer noko, dei skapar jo denne situasjonen! Det er ikkje i politikarane si interesse i eit Europa som går stadig lenger til høgre. Å sanke røyster lèt seg ikkje sameine med å vere flyktning- og innvandringsvennleg. Dei har heilt mista blikket for menneskeverdet og blir dregne med av kvarandre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.