JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Skreiv ny bok då motet svikta

Selma Lønning Aarø måtte skrota manuset til ein roman som kom for tett på røyndommen. I staden skreiv ho ein roman om ein forfattar som kjem i same situasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Selma Lønning Aarø er forfattar og spaltist.

Foto: Agnete Brun

8087
20211001
8087
20211001

LITTERATUR

janh@landro.bergen.no

Kva eller kven ho skreiv om, vil ho ikkje røpa, men utgangspunktet skal ikkje ha vore så langt frå det vi finn i Privatlivets fred, som blei «erstatningsboka». Med denne har forfattaren utforska den problematiske sjangeren røyndomsroman. Også koronaen får spela med, men ikkje slik at det blir ein koronaroman, berre eit uttrykk for korleis det innestengde tilværet aukar presset på hovudpersonen.

Den førre romanen hennar, Hennes løgnaktige ytre (2016), handla om forfattaren Anna Munch (1856–1932). Derfor låg det nær å tenkja at arbeidet med ein slik dokumentarroman hadde utløyst ønsket om å grava seg djupare ned i den såkalla røyndomslitteraturen. Men nei.

– Etter boka om Anna Munch var eg svært innstilt på å gå inn i fiksjonen igjen. Å måtta relatera seg til ein røyndom som fanst, og eit livsløp som var lagt og ikkje kunne endrast, gjorde at eg kjende meg innestengd. Då eg var ferdig, såg eg berre fram til å kunna finna på.

Men det blei ikkje det prosjektet ho hadde tenkt.

– Omstenda i Privatlivets fred er nokså ulike dei frå den verkelege historia. Men som forfattaren i romanen blei også eg svært lei meg for at eg måtte skrota manuset eg hadde arbeidd så lenge med. Som forfattar er ein jo del av eit økonomisk og litterært krinsløp, der utgivingar gir royalties og stipend og deltaking på festivalar, og då er det ein aldri så liten katastrofe å hamna utanfor det krinsløpet. Eg var ganske fortvila. Men så kom denne boka som løysinga.

– Opplevde du dei same kvalane i arbeidet med din skrota roman som forfattaren i Privatlivets fred fekk i arbeidet med sin?

– Langt på veg var utgangspunktet det same. Reaksjonsmønsteret til dei rundt meg er heller ikkje så ulikt.

– Men du fekk ingen problem med denne?

– Det vil eg ikkje seia noko om.

Sanninga

– Då eg måtte skrota det første manuset, var eg først svært sint, men så blei eg oppteken av den problemstillinga som dukka opp i kjølvatnet av avgjerda eg tok. No tenkjer eg at dette kanskje er meir interessant enn det eg først heldt på med. For meg har det vore ein meir givande prosess, kanskje fordi eg er genuint sjølvoppteken og synest det er kjekkare å skriva om seg sjølv enn om andre, kjem det med rungande latter.

Arbeidet med boka har ho opplevd som ein god terapitime i selskap med seg sjølv.

Den opphavlege stordabuen, no busett på Kråkerøy ved Fredrikstad, vedgår at den namnlause forfattaren i romanen liknar på henne. Men ho seier og gjer ein masse som skaparen hennar aldri ville fått seg til. No håper ho at lesarane ikkje vil tru at alt i boka er «sant». I romanen stiller ho òg spørsmål ved om det i det heile finst noko som er sant. Der spør forfattaren: «Finnes sannheten, hvis vi tenker på det som faktisk skjer, i litteraturen?»

Sjølv svarar Aarø:

– Sanninga for kven? Alle veit at det skjer ei redigering i hovudet på folk. Ein dokumentar er ikkje lenger ein dokumentar slik ein oppfatta han for nokre tiår sidan. Og i rettssalen er det like straffbart å utelata informasjon som er viktig for saka, som å lyga. Ei anna side ved sanninga er at ein lettare er samd med ein person som står ein nær, enn med andre.

– I kva grad ser du romanen din som røyndomslitteratur og slik sett metalitteratur om metalitteratur?

– Tanken min var ikkje at dette skulle vera røyndomslitteratur, men at boka skulle setja røyndomslitteraturen under debatt frå ein annan vinkel. Ofte er det slik at forfattarar tillèt seg ting, og så sit offera igjen utan å kunna ta til motmæle. Her freistar eg sjå saka slik eit offer kan oppleva henne. Men boka vil nok bli lesen som røyndomslitteratur fordi denne forfattaren har så mange likskapar med meg.

Alt er lov

Aarø kallar boka si ein freistnad på å forstå kva ein utset folk for når ein skriv om dei. Sjølv skulle ho kanskje ikkje vore forfattar, meiner ho, for ho er altfor sart. I debutboka si, Den endelige historien (1995), skreiv ho om noko som hadde skjedd på Stord. Ho tenkte ikkje på at dette kunne gå ut over nokon, og då somme reagerte, var ho heilt ubudd.

– Slik kan ein ikkje halda på når ein er forfattar. Det vil alltid finnast folk – også slike ein ikkje har skrive om og aldri har hatt i tankane – som vil påstå at ein har skrive om dei og vera anten nøgde eller misnøgde med det. Det er ei påkjenning. Samtidig skjønar eg at det blir vanskeleg å vera ein røyndomsromankarakter i den augneblinken det råkar ein sjølv.

– Hovudpersonen din trøystar seg med at alt er lov i romanen. Og i teorien skal ein romanforfattar kunna vera nokså kompromisslaus. Men kor lett er det når det handlar om verkelege menneske?

– Somme klarar det, eg gjer det ikkje. Det kjem i stor grad an på relasjonane ein har. Dersom dei er øydelagde, kostar det mindre å utlevera dei. All litteratur handlar om å gå der det brenn, og dei fleste forfattar som skriv heilt røyndomsnært, har ofte ein konflikt med foreldre, ein tidlegare ektefelle eller andre nærskylde. Mi røynsle er å bøya av og vera feig, men det er òg ei erfaring som kan brukast og skrivast om. Som eg gjer i denne boka.

I romanen har forfattaren den elleve år gamle dottera si med til legen, og der får jenta seg til å seia at mora er alkoholikar. Sjakk matt; same kva mora seier og korleis ho seier det, blir det misforstått. Slik illustrerer Aarø korleis eit tilfeldig offer kan oppleva det å bli ein fiktiv person i ein røyndomsroman.

– Er det råd å dra ei grense for kor langt inn i privatlivet – sitt eige eller andre sitt – ein forfattar kan gå?

– Forfattarar sjølve må avgjera kva dei kan leva med. Dette kjem med kostnader, både for dei som blir råka, og for dei som skriv. Sjølv er eg ikkje villig til å ta dei kostnadene. Mi eiga grense har komme litt gradvis. Dei gongene eg har trakka over desse grensene i forfattarskapen min, har det ofte skjedd utan at eg var klar over det. Det kan gjelda bipersonar som eg har modellert på levande menneske. Slikt plagar meg så mykje at eg no har eit nokolunde reflektert forhold til dette. Men så veit ein aldri…

Konflikt

– Kor langt gjekk du i romanen om Anna Munch?

– Det var ein heilt annan situasjon. Ho var død og hadde ingen direkte etterkommarar. Eg hadde lyst å lyfta henne fram. Eg baserte meg på breva og romanane hennar, men tok eigentleg ingen etiske omsyn. Det var heilt uråd å ikkje finna på, det var jo ikkje mogleg for meg å vita kva ho tenkte inst inne. Boka er mi tolking, ein roman bygd opp kring noko eg faktisk veit, og svært mykje eg ikkje anar noko om.

– Kunne du gått like langt om du skulle skriva ein røyndomsroman om ein nolevande forfattar?

– Det kunne eg nok ikkje. Men eg trur at i den augneblinken eg har ein relasjon som eg veit er øydelagd for alltid, vil eg òg vera i stand til å gå langt. Men førebels har eg det ikkje slik.

– Gitt dei rette omstenda, kunne du som forfattar komma til å gå ganske langt?

– Dette blir heilt hypotetisk. Dersom ein relasjon blir broten på ein vond nok måte, er det all grunn til å ta tak i og arbeida med han i skrift, vil eg tru. Om eg hadde hamna i ein slik situasjon og ikkje såg noka løysing, ville eg nok ha skrive om det. Og det gir jo ein god drive, det merka eg då eg skreiv romanen min etter å ha mist eit manus. Til å byrja med gjekk det veldig fort, slik skreiv eg av meg sinnet, og så måtte eg ta eit steg tilbake og sjå kva eg ville med dette. Då merka eg at eg helst ville sjå på problemstillingar knytte til det eg skreiv.

All litteratur er konflikt, stundom kan ein ønskja seg at det skjer noko, seier ho.

– Og då dette med manuset mitt skjedde, hadde eg aldri trudd at det skulle bli som det blei. Eg følte meg pressa til å gjera det eg gjorde, gav etter, men i dag gler eg meg over løysinga, som eg trur blei betre enn det eg forkasta. Men eg er ikkje sikker på om det eg har gjort i denne boka, er så mykje snillare enn det som stod i manuset eg skrota.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Alle veit at det skjer ei redigering i hovudet på folk.

Selma Lønning Aarø,
forfattar 

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis