JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Tiåret då det ekstreme blei normalt

Carline Tromp mangla eit større overblikk over utviklinga på den ekstreme høgresida, politisk og kulturelt. Difor skreiv ho like godt bok om det. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carline Tromp er redaksjonssekretær for debattredaksjonen i Klassekampen.

Foto: Siv Dolmen

8288
20220114
8288
20220114

Bøker

janh@landro.bergen.no

I Kulturkrig syner Tromp korleis ekstremt tankegods på oppsiktsvekkjande kort tid er blitt normalisert og langt på veg gjort stovereint. Landskapet ho tek oss inn i, er rikt på framandfrykt og kvinnehat, alternative fakta og nettroll, rasisme, fascisme, nynazisme og terrorisme.

– Det meste av dette hadde ikkje vore mogleg utan internettet. Har redaktørstyrte medium òg noko av ansvaret for dagens tilstand?

– Ja, dei er framleis svært viktige. Også for politisk ytterleggåande rørsler ligg det prestisje og status i å komme inn i «salongane». Forsking syner at små, ytterleggåande rørsler veks merkbart etter at dei har fått store medieoppslag, seier Tromp.

Underhaldning

Ho meiner at etablerte medium ofte har laga underhaldning av dei ekstreme rørslene og provokasjonar dei har komme med.

– Å gi stor merksemd til eit lite fenomen ved å latterleggjere det gjer fenomenet meir uskuldig enn det er, men syner samstundes for sympatisørar at det finst ein politisk og kulturell elite som står fjernt frå folk flest. For dette er deira forteljingar, og då er det uheldig at dei blir framstilte som dumme klovnar og såleis får stadfest outsiderhistoria.

– Du meiner òg at vi slit med å kjenne att og handtere ytre høgre her i landet?

– Verknaden av 22. juli-terroren har gjort det vanskelegare å snakke om faren ved høgreekstreme rørsler. Ein kan fort hamne i ein diskusjon om ein samanliknar folk med Anders Behring Breivik, det endar ofte i mistenkeleggjering.

I Kulturkrig er Tromp, til dagleg redaksjonssekretær på debattsidene i Klassekampen, også inne på dei norske ytre høgre-nettstadene Rights.no, Document.no og Resett.no. Dei nyttar store ord og sterke kjensler, og dei har skribentar som blir sterke merkevarer. Resett ser seg gjerne ut motstandarar som dei hengjer ut tydeleg med namn og bilete, medan dei to andre helst skildrar skremmebilete av ting som skjer i Noreg og i verda. Dei er gode på det dei gjer, og når derfor langt ut ved at engasjerte lesarar deler artiklane vidare, forklarar ho.

Urovekkjande

– Både Rights og Document er blitt radikaliserte ved å gi plass til meir ekstreme ytringar. Document plasserer seg i ein ganske trugande og antidemokratisk trend, slik dei har gått til åtak på media og kalla dei forrædarar. Resett har mobilisert på ei forteljing om at media og politikarane saman fører folk bak lyset ved å eksperimentere med innvandringa, oljepengebruken og «kulturmarxisme».

Desse tre media har ikkje trykt direkte oppmodingar til vald, men dei har vore svært tydelege på at etablerte medium, politikarar, universitet og venstresida driv med noko løgnaktig og utset det norske folk for fare, seier ho.

– Både Resett og Rights har trykt tekstar som kan lesast som forsvar for tankesettet bak terrorhandlingar. Resett skil mellom «ekte» terroristar, altså islamistar, og kvite, vestlege menn som berre handlar i kulturelt sjølvforsvar. Dette er ein urovekkjande tendens. Vi ser ei endring i måten omgrep som sjølvforsvar og borgarkrig, krig og patriotisk motstand blir nytta på, både i desse media og i rørslene. Mange vil meine at det berre handlar om retorikk, men i ein del av desse miljøa har skiljet mellom retorisk og fysisk krigføring byrja bli viska ut.

– I kva grad har den ytterleggåande retorikken på høgresida flytt grensene for kva som er politisk tenkjeleg, og gjort det meir stovereint blant dei store politiske partia i vestlege demokrati å nøre opp under haldningar ein før ikkje snakka høgt om?

– Eg meiner å sjå det i tonen på somme område, innvandring især. Ideen om reimmigrasjon, at innvandrarar skal sendast tilbake til «opphavslandet» sjølv om dei aldri har sett sine bein der, dukka først opp i mainstream-politikken for få år sidan. No er det etablert politikk i ein del av dei store høgrepopulistiske partia i Europa. Fridomspartiet i Nederland vil ha ein eigen minister for avislamisering og reimmigrasjon, også Marine le Pen har slike idear. Tanken om lukka asylmottak og asylmottak i Afrika kjenner vi både frå Noreg og andre land.

I den heftige motstanden mot vaksinar og smitteverntiltak ser Tromp tydelege teikn til at ytre høgre-tankar har fått gjennomslag. Ho peikar på at desse kreftene mobiliserer på mistillit. Dei har delteke på dei store demonstrasjonane mot ulike koronatiltak i mange land og har etter kvart teke over scena og freista vinne folk for seg ved å setje pandemien inn i ei stor forteljing om globale samansverjingar mot folket.

Drivarar

– Finst det ein essens i tankane til alle desse rørslene og grupperingane på ytre høgre-sida?

– Svært sentral er forteljinga om «Den store utskiftinga», korleis europearane som folk vil bli utviska på grunn av innvandring. Mykje handlar om motstand mot innvandring og blanding av ulike folkeslag, kulturar og religionar. Desse rørslene mobiliserer på frykta for å miste identitet og alt det kjende. Opplevinga av at alt går så fort, at ein ikkje kjenner seg att i alle endringane, er òg ei side ved «trugsmålet frå moderniteten», seier ho.

– Det geniale ved denne forteljinga er at ein kan setje inn fiendar etter behov og etter som dei dukkar opp. Det tok null tid å integrere pandemien i bodskapen.

– Finst det tydelege ideologiske drivarar bak alt dette?

– Mykje handlar om ein reaksjon mot nyliberalisme, marknadsstyring og globalisering. Det har politikarar på både høgre- og venstresida presentert som uunngåeleg og til det beste for alle. Slik har det jo ikkje gått, og miljø på begge sider har vore på leiting etter alternative løysingar. Bakteppet er 9/11 og finanskrisa, som sette ein støkk i svært mange. At store, internasjonale krefter står bak mykje av dette, gjer det lettare å selje inn historier om store samansverjingar. Det skaper ei kjensle av avmakt og frykt for framtida som det er lett å spele på.

– Er dei høgreekstreme rørslene meir opptekne av å kvitte seg med det eksisterande enn å utvikle konsistente visjonar for framtida?

– Til dels, ja. Dei som snakkar om innvandring og internasjonale avtaler dei misliker, har ofte ei enkel løysing på alt. Det er berre å reversere alt som har skjedd, og så blir harmonien oppretta igjen. Dei meir radikale rørslene krev at vi tek eit oppgjer med heile måten samfunnet er styrt på. Dei meiner at ein ikkje minst må jobbe i kulturen for å endre folks tankesett etter den hjernevaskinga dei har vore utsette for. Felles har dei ønsket om å knuse systemet, semja er mindre om korleis idealsamfunnet ser ut.

Frykta

Carline Tromp seier at ein ikkje veit så mykje om «kulturkrigarane» – kven dei er, kva bakgrunn dei har, kor mange dei er. Sjølv om det finst miljø og nettforum det er heilt uråd å kartleggje, er det likevel klart at talet på potensielt farlege personar på ytre høgre har auka monaleg.

Det ho fryktar mest, er at det skal komme leiarar som klarer å samle opp og kanalisere alt det oppdemma sinnet og aggresjonen ut i ei ekte rørsle på gata.

– Det treng ikkje eingong bli ei fascistisk masserørsle, det kan vere nok at einskildpersonar får eit dytt i ryggen til å handle. Eller vi kan få ein massesuggesjon lik den som enda i åtaket på Capitol. Å sjå kor mykje som har skjedd under pandemien, er ganske urovekkjande.

– Avsluttande skriv du at det ikkje nyttar å latterleggjere og stemple folk på ytre høgre; vi er nøydde til å sjå innover og konfrontere frykta og mørket som er ein del av vår eigen kultur. Korleis gjer vi det?

– Vi må ta på alvor både ideane som ligg bak, og kvifor og på kva arenaer folk engasjerer seg. Då kan eitt svar vere at den etablerte politikken ikkje har gjort det vi kunne vente av han, noko som gir rimeleg grunn til misnøye og sinne. Vi kan òg lett syne at mykje av det ytre høgre i dag lanserer som nytt og spennande, er gamle idear som har vore prøvde med katastrofalt resultat. Vi skal ikkje på refleks stemple folk frå ytre høgre og dermed skyve dei frå oss. Men vi skal heller ikkje la oss fascinere av tankane deira og gi dei stor plass, slik mange medium har vore sterkt forelska i Trump.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Verknaden av 22. juli-terroren har gjort det vanskelegare å snakke om faren ved høgre­ekstreme rørsler.

Carline Tromp, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis