To liv, to typar skrift
Sjølv om Tor Jonssons dikting er svært konvensjonell, har ho ei kraft som især kan tale til unge, meiner Pedro Carmona-Alvarez, som har hatt sitt første møte med diktaren.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Litteratur
janh@landro.bergen.no
I serien der Nasjonalbiblioteket lèt lesarar av i dag møte forfattarskap som eingong var viktige, men no knapt blir lesne, blei møtet mellom den eksilchilenske forfattaren og den bygdenorske poeten ein samanstøyt på tvers av både tid, estetikk og geografi.
«To liv, to estetiske linjer, to typer skrift», lyder oppsummeringa hans. I publikasjonen Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson gjer han greie for kva som skjedde då han lét seg konfrontere med ein forfattarskap han aldri hadde lese før, og ein forfattar som tok livet sitt 34 år gammal.
– Det var fint å møte han, gå inn i det fullstendig ukjende. Først kjende eg på motstanden, opplevde mykje av diktinga hans som framand og konvensjonell med omsyn til form, biletspråk og tematikk. Men så blei eg nysgjerrig på kva som fanst på baksida av dei første reaksjonane mine.
– Heile tida drøftar du ditt eige forhold til det du skriv og korleis du går fram?
– Det blei viktig for meg. Eg er ingen akademikar, eg tenkjer gjennom skrivinga og lesinga mi, ikkje gjennom eit akademisk blikk. Eg assosierer og koplar heile tida, lenkjar ting saman slik at det oppstår eit samband i meg.
– Det verkar som om du har vore meir oppteken av personlegdommen til Tor Jonsson enn av diktinga hans.
– Eg har nok møtt livet hans først og fremst, ja. Det var dit eg gjekk for å finne stoff; dessutan finst det så mange openberre parallellar mellom liv og dikting. Og så har jo sjølvmordet hans vore så viktig i den reverserte lesinga, der ein tolkar dikta hans med utgangspunkt i at han tok livet sitt.
Carmona-Alvarez seier at ideen om å halde det biografiske utanfor, aldri har appellert til han.
– Det må vere ei pendling mellom dei to. Tor Jonsson er jo så mytisk, han har ein slik aura av å vere hard og kompromisslaus. Han kom til meg som ei byste. Ikkje berre diktinga har skapt den bysta, det har òg ettertida og lesinga og redigeringa av verka hans, og korleis han blir presentert i biografiar og artiklar.
Tvilens domene
Carmona-Alvarez skildrar Jonsson som nådelaust konfronterande i mange av dei samfunnskritiske artiklane han skreiv. Men han ser han som meir open og mindre skråsikker i lyrikken. Der poeten frå Lom nærmar seg det kjærleikslause, tomleiken, einsemda og det grenselause fråværet av alt han ønskjer seg, opplever tolkaren at poesien opnar seg og blir mindre dogmatisk.
– Best likar eg denne diktinga når poeten vågar seg inn på tvilens domene – undersøkjer, pirkar borti noko som ikkje er så klart. Elles lener han seg i svært stor grad på ganske konvensjonelle kontrastar med lys og mørke, men som vi òg må skjøne ut frå det livet han levde. Slik ser han verda, og det verdssynet har han skapt seg frå han var ganske liten. Også fordi det var nødvendig.
«Nokså blekt» er uttrykket tolkaren nyttar om Tor Jonssons livssyn. Han har prøvd å nærme seg dette og skriv at han ikkje vil at boka skal bli ein dom over diktaren. Men han finn spor i tekstane til Jonsson som han meiner er problematiske – både etisk og estetisk.
– Det har vore viktig for meg å finne ut kvar skamma hans kjem frå, kvar agget og kjensla av å vere utstøytt kjem frå. Og korleis han har nytta desse elementa til å skape seg ein identitet. Eg veit jo at ein diktar skriv med alt han har.
– Du opplever Jonsson som «banal og flosklete» når han skal vere positiv. Ligg det så langt unna hans naturlege lynne at det kling falskt?
– Ja, det trur eg. Då nyttar han berre ferdigoppstylta modellar, blir skjematisk. Han freistar seie noko som ein ikkje heilt trur på. Dei mørke sidene av livet, som han har røynt så mykje sterkare, syner att i eit langt meir elastisk språk.
– Kva meiner du med at Tor Jonssons dikt er «hakket for streite»?
– Eg er oppvaksen i ein modernistisk tradisjon, med brot som ein normal, med ein type poetisk snøggleik og poetisk bildeskaping som er langt meir sundriven enn det eg finn hos Jonsson. For meg har det streite å gjere med korleis han nyttar språket til å skape svært konvensjonelle bilete. Han var ikkje i særleg grad oppteken av modernismen som ein måte å sprengje medvit og formspråk på.
Og så kan han vere så bastant, seier Carmona-Alvarez.
– I Tor Jonssons skrift får det ofte karakter av dom: Slik er verda! På sitt beste gjer han det fint. Men når han blir streit, blir det svært skjematisk.
Resignasjon
– Korleis skal vi forstå det du skriv om at «ødeleggelsen er essensiell i skrivingen hans, i den forstand at den stadig brukes som et skjold»?
– Her tenkjer eg på det destruktive i han, korleis han nyttar pennen som angrepsvåpen og definisjonsreiskap. Han freistar fange verda ved å spikre fast nokre «sanningar». Dette held han heile tida framfor seg som eit skjold, for å verje det såre, tilbaketrekte vesenet han også er. Ein skapar seg ein identitet av det ein får utdelt i livet. Alt det som råkar han så tidleg i tilværet – kjensla av å vere utestengd, fattigdomsskamma – pregar han heile livet.
– Du skriv òg at diktaren i skrivinga si verkar meir innstilt på å stadfeste enn å undersøkje, at han synest «å gå i dekning i det vonde, det vrange, det vanskelige». Det kan vel summerast opp i eitt ord: resignasjon?
– Absolutt. Han resignerer tidleg, og det han resignerer inn i, er den kontrære figuren. Han pansrar seg sjølv inn i dette skalet for å kunne halde ut verda. Men også for å kunne gjere resignasjonen til eit våpen. Heile livet og skrivinga hans er ei pendling mellom å vere konfronterande, aggressiv og hatsk. Som ein enorm kontrast til denne utsida lever det passive i han, til ein viss grad det livsudugelege, at han aldri klarar å leve livet sitt skikkeleg – han får ingen kvinner og synest sjølv han aldri får nok merksemd.
Carmona-Alvarez syner at eit hyppig sitert utdrag frå Jonssons sjølvbiografiske tekst «Skuggen» har utelate ei viktig setning: «Eg pinte småkrek i skogbotnen til eg gret, for det eg tykte synd i dei.» Han vil ikkje spekulere på kvifor dette så ofte er blitt utelate, men peikar på at utan denne setninga får utanforskapen større vekt, det er biletet av det einsame barnet i skogen som står att.
Appell
– Dette gjer teksten meir eintydig enn han er. For det guten her gjer, er å pine småkryp for å kunne synast synd på dei – og dimed også seg sjølv. Men det er ikkje nok; å vere i si eiga sjølvsorg held ikkje. Her er vi inne på den kjærleikslause personen han ser seg sjølv som, og med dette blir teksten uendeleg mykje meir ubehageleg og meir kompleks.
– Vil du seie at Tor Jonsson herleggjer sjølvmordet alt i den første teksten sin, «Eit illmenne», som han som 16-åring fekk på trykk i Arbeidermagasinet?
– Han er i alle høve genuint oppteken av sjølvmord frå han er svært ung. Til ein viss grad trur eg han romantiserer og glorifiserer det, men han glorifiserer alt som er mørkt, også døden. Tidleg må han ha ant at døden også er lindring. Ønsket om den store tomleiken, som kan omfamne den jordiske, trur eg nok han har hatt eit auge på frå han var ung. Når han er der i dikta sine, er han på sitt beste som poet.
Kjærleikslengten og dødslengten går igjen i forfattarskapen. Slik Carmona-Alvarez ser det, finst det ei rørsle mot døden i desse dikta. Begge kreftene er med heilt frå byrjinga, men det kompromisslause dødsblikket blir jamt sterkare. Jonsson blir meir monoman, meir avgrensa i blikket sitt – men også betre, meiner diktarkollegaen.
– Har Tor Jonsson noko å seie oss i dag?
– Eg trur han framleis kan ha ein sterk appell til ein viss type menneske, framfor alt dei unge. Den enorme krafta han av og til har, krev at ein er i eit livsstadium der ein har behov for å dele inn ting litt skjematisk, fordi ein lærer seg kven ein sjølv er, ved å utdefinere og dømme. Hadde eg vore 15–16 år, ville eg nok opplevd han som ganske forførarisk. Han ville tilbydd meg ei verd av mørker og sterke emosjonar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det har vore viktig for meg å finne ut kvar skamma og agget og kjensla av å vere utstøytt kjem frå.
Pedro Carmona-Alvarez om Tor Jonsson
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.