JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

13144
20240503

Bakgrunn

Sofi Oksanen

Fødd 7. januar 1977 i Jyväskylä i Finland med estisk mor og finsk far

Har studert litteraturvitskap og dramaturgi

Debuterte med romanen Stalinin lehmät i 2003, som kom på norsk i 2009 med tittelen Stalins kyr

Kvinneidentitet er gjennomgangstema i forfattarskapen

Kjelde: Store norske leksikon

LITTERATUR

jan.h.landro@gmail.com

Den finsk-estiske forfattaren, dramatikaren, essayisten og spaltisten er i dag eit stort internasjonalt namn. Bøkene hennar er omsette til over 40 språk. Ho har mellom anna gitt ut ein trilogi om Estland under og etter andre verdskrigen og to romanar med handling frå Ukraina.

Putin fører krig mot kvinner mange stader, ikkje minst i heimlandet, men dette essayet handlar især om korleis den russiske despoten gir soldatane sine i det okkuperte Ukraina høve til å «ta seg til rette» med ukrainske kvinner.

– I fjor vedtok den russiske Dumaen ei lov som gav juridisk immunitet til soldatar som gjorde seg skuldige i «mindre og middels store» brotsverk medan dei deltok i den såkalla «spesialoperasjonen» i Ukraina. Det er ikkje noko anna enn ein open invitasjon til kriminell aktivitet. Vil du bli ein russisk helt, er valdtekt og tortur av ukrainarar vegen å gå. Lova gir også ein viktig bodskap til soldatane om at staten vernar dei same kva dei gjer.

– Lov eller ikkje lov, dette er vel krigsbrotsverk?

– Absolutt, etter folkeretten. Men det er ikkje noko som plagar Kreml. Slikt har dei ikkje brydd seg om på lenge. I dag tyder Russland brotsverk utan straff og straff utan brotsverk, og slik har det vore i nokre tiår no. Staten gjer brotsverk fordi dei kan og fordi dei ikkje blir trekte til ansvar for det.

– Slik Kreml ser det, er det nødvendig å gjere Ukraina friskt frå vestleg degenerasjon. Difor kan den seksuelle valden russiske soldatar driv med, også kallast «helbredende».

Sofi Oksanen, forfattar

Verifiserte saker

– Mange soldatar tok seg ikkje tid til å vente på Dumaen. Boka di er rik på forferdelege historier om vald og tortur som alle er dokumenterte?

– Vil ein skrive ei bok om desinformasjon, som denne også er, må ein ha kjeldene sine klare. Difor presenterer eg berre saker som er blitt verifiserte av pålitande institusjonar, publikasjonar, personar og medium. Så var det viktig for meg å setje desse sakene inn i ein kontekst, slik at lesarane skal skjøne samanhengen og sjå at russarane nyttar desse brotsverka som krigsvåpen.

I boka presenterer forfattaren også døme på telefonsamtalar som er blitt snappa opp frå russiske soldatar i Ukraina. I ein av dei ber ein soldat kona si om løyve – og får det – til å valdta ukrainske kvinner. I ein annan oppmodar ei mor sonen sin til å drepe alt han kjem over.  

– Du nyttar uttrykket «helbredende voldtekt». Er det eit offisielt omgrep i Russland?

– Ikkje offisielt. Termen blir brukt i tilfelle der tvunge samleie kan nyttast for å «korrigere» menneske med avvikande seksuell legning, til dømes for å gjere ein homo til hetero. Og slik Kreml ser det, er det nødvendig å gjere Ukraina friskt av vestleg degenerasjon, difor kan den seksuelle valden russiske soldatar driv med, også kallast «helbredende».

– Ikkje reint kvinnehat

For Sofi Oksanen er det viktig å få fram at undertrykkinga av kvinner og valden mot dei ikkje primært eller åleine er uttrykk for kvinnehat eller misogyni, men noko større og viktigare. Med slike grep styrkjer Putin presidentmakta. Som eit middel til å sentralisere makt har det fått stadig større plass også i innanrikspolitikken. Å passivisere halve befolkninga og halde dei unna styre og stell gjer oppgåva enklare.

– Kvinnehatet fanst sjølvsagt også før Putins tid, og i det første tiåret etter at sovjetstaten fall, då det oppstod rom for ytringsfridom i Russland, kom det gjerne til uttrykk gjennom nasjonalkonservative rørsler med klare oppfatningar om kva som var kvinnas rolle og plass. Men det er med Putin og hans folk dette blir utvikla til eit potent maktvåpen.

– Dette maktgrepet er ikkje avgrensa til politikken i snever meining?

– Slett ikkje. Etter kvart er det styrande på dei fleste politikkområda, i skule og utdanning, helsepolitikk, militæret og meir til. Steg for steg, ofte gjennom lovarbeid og lovendringar, har makthavarane utvikla denne politikken og gjort han gjeldande for stadig nye samfunnsområde. Heile tenkinga blir gjord kjønna, noko som appellerer til dei såkalla patriotane, og dei finst det millionar av. Når no veteranar vender heim frå Ukraina med sine «kvinnerøynsler», styrkjer det den kvinnefiendtlege politikken og tener som ei sterk åtvaring til kvinner med feministiske intensjonar.

– Feminisme grensar vel til kriminalitet i dagens Russland?

– Dumaen ønskjer å kriminalisere feminisme. Å bli stempla som feminist, er farleg. Om du ønskjer å fremje kvinnerettar, blir du sett på som suspekt.

Forfattaren fortel at kjønnsvald som krigsvåpen er noko russarane har nytta før – i Georgia, i Syria og i tidlegare væpna krigar og konfliktar dei har vore involverte i. Det nye er at kjønnsvald også har blitt ein reiskap i internasjonal maktkamp og imperialisme.

– I Ukraina er det eit krigsvåpen, i internasjonal politikk ein måte å auke makta si på i land der menneskerettar, kvinnerettar især, er mindre viktige, som i mange afrikanske statar. Den teknologiske utviklinga gjer at dette våpenet kan nyttast også i dei mest velutvikla demokratia. Vi såg til dømes korleis russiske trollfabrikkar spelte på og freista forsterke motsetnadene mellom amerikanske kvinnerørsler under presidentvalkampen i USA i 2016.

Folkemord

47 år gamle Sofi Oksanen har finsk far og estisk mor. Finsk er skrivespråket hennar, for ho har hatt skulegangen sin i Finland. Ho nyttar gjerne stoff frå eigen familie i bøkene sine. I Putin-essayet er ramma historia om ei grandtante. I byrjinga av sovjetokkupasjonen av Estland i 1940 blei ho teken inn til forhøyr. Det varte heile natta, og då ho kom heim, var ho stum. Alt ho sa sidan i livet, var setninga: «Ja, la vær.»

Denne og dei fleste andre bøkene hennar er «ulovlege» i Russland, der er dei i strid med både straffelova og grunnlova, fortel ho. Å omtale røynslene til grandtanta er eit brotsverk på russisk jord. Likeins sjølvsagt også å minne om krigsbrotsverka Den raude armé har utført. For det er straffbart å spreie «feil informasjon» om kva Sovjet gjorde under andre verdskrigen.

Eller i dag. Å nytte ord som «ultranasjonalisme», som Oksanen gjer, er sjølvsagt uakseptabelt. Men ho meiner at ikkje berre er landet rikt på høgreekstreme, det finst også svært mange ultranasjonalistar der. Dei meiner at Russland bør vere tøffare i Ukraina og knuse all motstand.

Det er vanleg å hevde at utnytting av kvinnekroppen er sjølve hovudtemaet i Sofi Oksanens forfattarskap, noko også denne boka stadfestar. Men for henne er makt og avsløring av alle maktstrukturar det viktigaste, og utnytting av kvinnekroppen ein del av dette. Som denne boka til overmål stadfestar.

Oksanen er ikkje i tvil om at det russarane gjer i Ukraina, er folkemord, og dette er ikkje første gong.

  – Du høyrer det alt i språket, i den offisielle retorikken og i korleis russiske soldatar snakkar om det dei gjer eller skal gjere. Om valdtektene og korleis dei omtalar dei. Her er det ikkje berre tale om å vinne ein krig. Ambisjonen om å knuse historie og kultur peiker i same retning. Og born som blir sende i utdanningsleirar – eller heller: omskoleringsleirar – vitnar likeins om intensjonen. Vi har også prov på at ukrainske krigsfangar har blitt kastrerte for å hindre dei i å bli fedrar.

 – Det er som om det stadig blir trykt på replay-knappen, vi har sett og opplevd dei same framgangsmåtane før: terror mot sivilbefolkninga, deportasjonar, tortur, russifisering, propaganda, skodeprosessar, falske val, offera blir gjorde til skuldige, flyktningstraumar, øydeleggingar retta mot kulturen.

Mariupol

 – Deportasjonen av ukrainske borgarar er heller ikkje noko nytt i russisk krigsstrategi?

 – Slett ikkje. Det er noko du må rekne med dersom Russland okkuperer landet ditt. Det handlar om kolonisering. Ukraina er eit svært land som det ikkje er lett å okkupere. Dei skal ikkje berre erobre, men òg bite seg fast og halde på makta der. Då er oppskrifta å flytte inn deira eigne og blande befolkninga. Samstundes å ta ut så mange innfødde som råd og busetje dei i landet til okkupanten. Er dei unge, kan dei effektivt indoktrinerast og med tida kanskje nyttast som soldatar i krigen mot det som var heimlandet deira.

 Ho meiner at Mariupol i Donetsk er eit godt døme.

– Etter den brutale krigføringa finst det knapt ukrainske borgarar att i byen. Men over 800.000 russiske settlarar har etablert seg der. At Vesten er så treg med å sende hjelp til Ukraina, inneber ikkje berre at altfor mange menneske døyr kvar dag, men òg at russarane får tid til å etablere okkupasjonsmakta i erobra område.

 Nye folk flyttar inn kvar einaste dag, seier ho.

– Det gjer situasjonen vanskelegare når krigen er over. Kva skal ein gjere med alle «innvandrarane» dersom Ukraina vinn attende desse territoria? Sende dei tilbake? I Russland har dei neppe noko å vende attende til, særleg velkomne vil dei vel heller ikkje vere. Vi veit at russarane nyttar menneskelege skjold i krigen; settlarane er ei form for menneskeleg okkupasjonsskjold.

– Viktig inntektskjelde

Forfattaren fortel at krigen har blitt ei svært viktig inntektskjelde for tusenvis av russiske familiar, og det har gjort «spesialoperasjonen» lettare å akseptere for mange. Dei som har flytta til okkuperte område, får statleg støtte, især om dei er utdanna i eit nyttig yrke. Men minst like viktig er det at staten sørgjer uvanleg bra for familien til dei som krigar i nabolandet.

Byrjarløna for ein soldat som dreg dit, er 195.000 rublar i månaden, tilsvarande om lag 23.000 norske kroner. Dette er 14 gonger meir enn medianløna i dei fattigaste områda av Russland, der arbeidsløysa også kan vere svært høg. I tillegg kjem ulike former for bonus. Veteranar og borna deira er dessutan garanterte å komme inn på universitetet, utan opptaksprøve.

– Om krigen i seg sjølv kanskje ikkje gir meining, gjer løna det. Især om du ikkje har andre utvegar. Pengane er motivasjon god nok.

– Men kor lenge kan den russiske staten ha råd til å halde fram med dette?

– I nokon grad kjem det an på dei internasjonale sanksjonane, sjølv om Kreml har funne nye kjøparar for eksportvarene sine. Men det er også eit spørsmål om kor stabilt dei får henta inn verdiar i form av gull, diamantar, mineral og andre naturressursar frå Afrika. Dei opererer jo ikkje i desse landa berre for å vere «hjelpsame». Men det er vanskeleg å spå. Russarane ligg heile tida eit hestehovud framfor oss, dei tenkjer og oppfører seg som dei kriminelle dei er, vi er ikkje slik.

– Russarane ligg heile tida eit hestehovud framfor oss, dei tenkjer og oppfører seg som dei kriminelle dei er, vi er ikkje slik.

Sofi Oksanen, forfattar

Homo putinicus

I boka nyttar Oksanen uttrykket homo putinicus (det putinske mennesket). Vi skjønar beinveges at det ikkje er positivt meint. Innunder dette omgrepet kjem russiske patriotar som meir eller mindre ukritisk støttar Putin og Russlands imperialistiske politikk. Fordi presidenten ikkje stengde grensene for unge menn som flykta for å unngå mobilisering, meiner Oksanen at han har styrkt posisjonen sin heime. Ved å gi dei hjelp til å forlate landet har han kvitta seg med uroelement og «landsforrædarar» og slik svekt opposisjonen.

– Du kallar dagens Russland eit «militant memokrati». Kva tyder det?

– Memo har med minne å gjere, og eg nyttar uttrykket om den politiske krigen mot historieskrivinga. I Putins Russland blir historia skriven om, noko blir fjerna heilt, anna blir endra, og det skjer på ordre frå presidenten sjølv, som har synt seg som ein ivrig historiefalsknar. Målet er å ha full kontroll over historieskrivinga. Det som no blir skrive av offisiell historie i Russland, er ikkje historiebøker, men historieimitasjon. I nokre få år på 1990-talet blei det skrive «ekte» historie i Russland, men så kom Putin...

– Dette forklarar òg kvifor det er ei prioritert oppgåve for russiske soldatar å øydeleggje historiske minne i Ukraina?

– Nettopp. Og desse handlingane syner kor stor vekt okkupanten legg på både undervisning og historie. Straks dei har lagt under seg eit nytt område, byrjar den «nye» historieundervisninga med eit heilt eige pensum. Regimet er jo svært oppteke av å tryggje framtida si.

– Produksjonen av «fiendebilete» er eit viktig element både i motiveringa av soldatane og i arbeidet med etablere nye samfunn på okkupert grunn?

– Heller ikkje dette er nytt i russisk historie. Målet er å avhumanisere fienden, framstille han som stupid og mindreverdig. Dei kan ikkje rettferdiggjere krigen utan å «preparere» soldatsinna – og resten av nasjonen – med slike bilete. Alt før invasjonen høyrde vi jo korleis Putin omtalte Ukraina og ukrainarane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis