Vil skriva seg bort til noko anna og større
I dag kjem siste bandet i Septologien ut i tre land samstundes. Koma det som koma vil, seier Jon Fosse om forfattarframtida si. Han skriv så lenge han kjenner trong til det.
Jon Fosses Septologien er godt motteken i utlandet og omsett til meir enn 20 språk.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Med Eit nytt namn har Jon Fosse ført historia om målaren Asle til endes og knytt saman dei mange lause trådane frå dei to første Septologien-bøkene, Det andre namnet og Eg er ein annan. No kan forfattaren lena seg tilbake og venta på mottakinga heime og ute. Kritikkane for dei to første banda seier han seg svært nøgd med.
– Aldeles overveldande. Det er vel no omsetjingar til over tjue språk. Og medan dramatikken min jamt over har vorte slakta i dei engelskspråklege landa, har Septologien fått særs god mottaking også der, utruleg nok vart til og med fyrste bandet nominert til den internasjonale Booker-prisen.
– Eskil Skjeldal spurde deg i samtaleboka Mysteriet i trua om overgangen til det katolske ville koma til å syna seg i tekstane dine. Du svara at «eg trur ikkje eg i framtida kjem til å skriva anten meir eller mindre katolsk enn eg til no har gjort». Men er det ikkje nett det som har skjedd i Septologien?
– Det spørst vel kva ein meiner med «å skriva katolsk». På ein måte skriv eg ikkje meir katolsk no enn eg før har gjort – då den svenske teaterkritikaren Leif Zern i si tid såg Barnet, skrive midt på nittitalet, meinte han at forfattaren måtte vera katolikk: Eg skriv som eg skriv, men om du med å «skriva katolsk» meiner at eg lèt katolsk tru og tenking vera del av det eg i ei viss tyding skriv om, så hadde eg kanskje feil.
– Kor viktig har Johannes’ Openberring vore for heile dette bokprosjektet?
– Eg har sjølvsagt lese Openberringa både éin og mange gonger, men eg tenkte aldri på den då eg skreiv Septologien. Det einaste som beinveges knyter an til den, er mottoet fremst i fyrste bandet, som eg framleis tykkjer er så godt at eg gjerne siterer det her òg: «Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.» Tittelen til tredje og siste bandet av Septologien, Eit nytt namn, er altså eit sitat frå Openberringa.
– Har du klart for deg kva den setninga tyder?
– Bibelen er full av slike poetiske gåtefulle utsegner, og som kjent er sjeldan poetisk språk eintydig. Eg kan vel ha mine tankar om kva det kan tyda, eller korleis det kan tolkast, og dei er like mykje, eller like lite, verde som dine.
– Men det kan jo òg vera at Septologien som heilskap gjev mitt beste svar på det spørsmålet. Utan at det kan seiast på noko anna vis enn det nett Septologien gjer. For i den romanen, som i all kunst, er det så å seia «heilskapens ånd» som talar. Og den talar på sitt vis taust, om enn tydeleg.
Dobbeltgjengar
Fire år tok det Jon Fosse å skriva dette hovudverket i forfattarskapen, og han hadde ikkje sett føre seg at det skulle verta så omfattande. Men eitt visste han frå første dag: Han skulle ikkje ha ein forfattar som hovudperson.
– Noko meir keisamt enn å skriva om ein forfattar kan eg knapt tenkja meg! Det har eg aldri gjort, og det kjem eg heller aldri til å gjera.
– Når du i staden valde ein målar; kva seier det om forholdet ditt til målarkunsten og forholdet mellom dikting og måling?
– Eg har i alle år vore oppteken og fascinert av målarkunsten. Rett og slett av olje på lerret. Eg likar å sjå målarstykke, og går gjerne i museum og i galleri, og i eit par periodar av livet har eg måla ein del sjølv. Bileta mine er nok rimeleg talentlause, men det gav meg glede å måla dei, så du skal ikkje sjå bort frå at eg byrjar måla att når eg har skrive frå meg. Eg har elles gått rundt og innbilt meg at den beste måten å leva på måtte vera å måla bilete.
– Kva målarar eg har vore mest oppteken av har sjølvsagt skift med tida, i nokre år no er det Mark Rothko som har oppteke meg mest. Og minner Septologien om nokre målarstykke, så må det, for meg, vera dei seine målarstykka hans.
Handlinga i dei 1251 sidene går føre seg i adventstida, til saman sju dagar, fordelte på ein bolk på fire dagar og ein seinare på tre dagar. Kvifor det vart slik, kan ikkje Fosse forklara. «Det laga seg no slik, eller det skreiv seg no slik.» Det han opplever som viktig, er spranget i tid frå dei fyrste vekedagane tidleg i adventstida og til sjølve førjulsdagane, og julaftan.
– Stod det klart for deg alt frå byrjinga at hovudpersonen skulle ha ein dobbeltgjengar, eller kom avspaltinga undervegs?
– Avspaltinga skreiv seg fram av seg sjølv. Slik alt eg skriv gjer. Eg sat no der og skreiv, og så dukka denne Asle 2 opp. Og at han det gjorde, verka vera heilt rett for romanen.
Mystisk realisme
– Korleis vil du forklara omgrepet «langsam prosa», som du seier heile Septologien er skriven i?
– Eg skreiv i mange år nesten berre dramatikk, og eit stykke, i alle fall slik eg skriv det, krev ein sterk konsentrasjon, ein sterk intensitet, om ikkje så mykje ytre handling, og vel så mykje er i det tagde som i det sagde. Ein gong kjende eg meg ferdig med å skriva slik, nok var nok, men eg hadde framleis lyst til å skriva og dikta, og då såg eg føre meg noko av det motsette: lange flytande bølgjande setningar, der ting tek tid, der det kan skrivast lenge og vel om ei hending som i det røynlege livet tek stutt tid, lata tankar og tankerekkjer få utvikla seg. Ja, lata skrifta røra seg langsamt framover, og ikkje i verserørsler, som i dramatikken, men i dei lengre rørsler prosaen gjer mogeleg.
– Du har kalla Septologien for «mystisk realisme». Kva ligg i det?
– Eg opplevde vel at det ein kan kalla for «det mystiske», er til stades i Septologien, for å skjøna kva eg meiner må ein vel berre lesa romanen, der det viktigaste verkelege namnet nok er Meister Eckhart, truleg den mest kjende kristne mellomaldermystikaren. Og romanen er jo sett saman av i seg sjølv heller «realistiske» scenar. Kanskje sa eg òg mystisk realisme for å laga ein skilnad til magisk realisme, som jo er eit velkjent omgrep.
– Du har sagt at du trur ikkje du kunne ha skrive denne boka i Noreg. Kva skulle ha vore til hinder for det?
– Eg trur eg trong samanhengande tid utan alle dei avbrota som det sjølvsagt er langt fleire av i Noreg enn om eg sit og skriv nattestid i ein småby i Austerrike. Kvar noko vert sett, eller skrive, ifrå gjer truleg også noko med det ein skriv. Det er eg heilt sikker på.
– Du avviser at Septologien er sjølvbiografisk, men har kalla verket den mest personlege boka du har skrive. Korleis skal vi forstå det?
– Har eg sagt det, så har eg snakka over meg. Det mest personlege eg har skrive, finn ein utan tvil i lyrikken min. Og elles er eg Samlaget takk skuldig for i haust å gje ut Dikt i samling på nytt. Eg kan nok trygt seia at det å skriva for meg ikkje er å skriva meg sjølv fram, men å skriva meg sjølv bort, koma meg bort frå meg sjølv til noko anna og større. Eg kjenner det som mi oppgåve i livet å skriva, å dikta, eg kunne kanskje drista meg til å kalla det for eit oppdrag.
Har noko på hjarta
– Etter at du fullførte Septologien, tok du til å skriva dramatikk att. Korleis ser du for deg at det vert med skrivinga di i åra framover?
– Eg kjem til å skriva det eg kjenner trong til å skriva. Eg bestemte meg ikkje for så å seia berre å skriva dramatikk i tjue års tid, nesten. Men slik vart det. Derimot bestemte eg meg for å slutta med dramatikken og å skriva prosa. Det gjorde eg. Og skreiv Trilogien og Septologien.
– No får det koma det som koma vil. Anten det er eit stykke, ein prosatekst, eller eit dikt. Eller ingenting. Mest truleg kjem eg til å veksla mellom det eine og det andre dei år eg måtte ha att å skriva. Eller kanskje kjem eg til å omsetja meir. Vi får sjå. Det einaste du kan vera heilt sikker på, er at eg aldri kjem til å skriva nokon sjølvbiografi.
Fosse seier at han skriv så lenge han kjenner trong til å skriva, og så lenge han klarer å skriva noko – i ei viss tyding – nytt. Og noko han og somme andre har glede av.
– Alt eg har skrive, heng saman, og det er stendig mange stader som kan utfyllast, eller utviklast. Slik kjennest det no. Om det gjer det om eitt eller to år, kan eg ikkje vita. Visste eg det no var det jo ingen vits i å skriva det! Elles vonar og trur eg at eg i alt eg har skrive, har noko viktig på hjarta, det er ikkje såkalla «formeksperiment» eg har halde på med. Det gjeld alt eg har skrive.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det einaste du kan vera heilt sikker på, er at eg aldri kjem til å skriva nokon sjølvbiografi.
Jon Fosse, forfattar
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.