Livet var for kort for Stein Rokkan
Han var den geniale forskaren som ikkje fekk tid til å fullføre alt han sette i gang. No har sosiologen og statsvitaren Stein Rokkan fått sin biografi.
Statsvitar, politisk og historisk sosiolog, politisk historikar, samfunnsstatistikar, datapioner og franskfilolog Stein Rokkan fotografert i Oslo i 1963.
foto: NTB scanpix
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Det er eit unntaksmenneske Arild Stubhaug skildrar i boka Stein Rokkan. Fra periferi til sentrum. Rokkan (1921–1979) var ein idérik og nyskapande forskar, ein framifrå administrator og organisator og ein mann med ein nærast umenneskeleg arbeidskapasitet. Problemet hans var at han tok på seg så mange oppgåver at han aldri fekk samla dei mange forskingsarbeida, ideane og innspela sine.
– Han kalla seg a man of several worlds, og såg nok sjølv at han hadde spreidd seg for mykje både fagleg og administrativt. Han hadde ei kolossal konsentrasjons- og arbeidsevne og arbeidde seg vel i hel, fortel biografen.
Sjølv om Rokkan spreidde seg på fleire felt, stod forsking på politiske prosessar, konfliktar og val i sentrum for mykje av arbeidet hans. Kva mobiliserer til deltaking, og kvifor stemmer folk som dei gjer? Han såg i nokon grad samtidas partisystem som resultat av fortidas konfliktar, nesten som «sedimentlag» avleira i ein historisk etableringsprosess. Av den grunn var det viktig for han å studere utviklinga av dei mindre demokratia i Europa, også for at dei kunne vere meir til hjelp for dei nye nasjonane i Afrika og Asia enn dei store var. Kva skulle til for å utvikle demokrati i eit u-land, kva burde det satsast på? Den historiske dimensjonen hadde ein viktig plass i forskinga hans.
I arbeidet med vilkåra for stats- og nasjonsbygginga i Vest-Europa trekte han også inn konflikten mellom sentrum og periferi, som han tidleg hadde laga forståingsmodellar for på grunnlag av tilhøva i Noreg. Rokkan er også kjend for sentensen «Røyster tel, men ressursar avgjer». I det ligg at han såg to kanalar for politisk makt: éin som går gjennom val, der kvar røyst i og for seg tel, og ein annan der dei store organisasjonane opererer med ressursane sine. Og i siste instans veg dei store organisasjonane som regel tyngst.
Store språkkunnskapar
Arild Stubhaug har mellom anna skrive biografien til tre framståande nordiske matematikarar. Men då han blei beden om å gå inn i livet og karrieren til Stein Rokkan, tok det ikkje lang tid før han lét seg fascinere av denne personlegdommen. I boka tek forfattaren føre seg både livet og den faglege utviklinga til mannen som blei ei internasjonal stjerne i sosiologien. Samtidig er boka også blitt ei historie om etableringa av fleire sentrale, internasjonale institusjonar innan samfunnsvitskapane.
– Det tok tid før Rokkan fann fram til sosiologien. Men vegen dit, via filologi og filosofi, var vel til stor nytte for han?
– Absolutt. Språkkunnskapane hans – han snakka engelsk, fransk og tysk flytande – var heilt avgjerande. For den som beherskar språk, opnar det seg dører, både fagleg og sosialt. I tillegg las han italiensk og spansk og litt russisk.
– Kva var avgjerande for at han til slutt valde sosiologien?
– Han seier ein stad at det einaste målet han hadde då han kom frå Narvik til Oslo for å studere, var å bli ein lærd mann. Og det blei han gjennom enorm lesing. Han las bøker, aviser og artiklar alle stader og til alle tider, også når han åt, vaska seg eller barberte seg. Kanskje var det tilfelle som førte han inn i sosiologien og eit ønske om djupare å forstå forholda i samfunnet.
Alt han ikkje fekk ferdig
I 1948 tok filosofiprofessor Arne Næss med seg Rokkan som assistent på eit Unesco-prosjekt om demokrati. Det blei uvanleg nyttig for han. I Paris kom han inn i eit rikt fagmiljø, der knytte han eit stort, internasjonalt nettverk, samtidig som han viste det organisatoriske talentet sitt.
– Rokkan glei raskt inn i dette miljøet og beherska det, tilsynelatande også sosialt. Her fekk han eit springbrett inn i Unesco-organisasjonen, som seinare kom til nytte i mange samanhengar. Etter opphaldet i Paris følgde 14 månader i USA, der han besøkte mange av dei viktige universiteta. Overalt vann han innpass, overalt bygde han nettverk.
Så oppslukt blei Rokkan av dei mange prosjekta han engasjerte seg i, at han aldri rakk å fullføre doktoravhandlinga si, fortel Stubhaug. I ettertid har biografen kunna konstatere at det var forbausande mykje Rokkan aldri fekk gjort ferdig. Stadige reiser, førelesingar og føredrag, artikkelskriving, førebuing av store konferansar, redigering av rapportar og bøker og flittig brevskriving tok mykje av tida hans.
– Fagleg spreidde han seg på ei rad felt som ville vore utenkjeleg i dag. Kanskje var det ikkje så klokt den gongen heller?
– Det var det nok ikkje, men lettare då enn no. Det same gjeld forskingsidealet hans: ein kombinasjon av å samle inn stadig større datamengder og samtidig skaffe seg innsikt i fleire og større kulturelle og politiske kontekstar.
– Utan dagens elektroniske hjelpemiddel, korleis makta han å halde oversikt over dei svære datamengdene han etter kvart samla inn?
– Skrivebordet hans var fullt av papirstablar, og han visste kvar alt låg. Han må ha hatt eit særs ryddig hovud, og så var han velsigna med fotografisk minne. Han las enormt og hugsa alt. Det er stort å kunne ta inn slike stoffmengder, hugse dei og kunne nytte dei.
Drivkrafta
– Kva var den viktigaste drivkrafta i dette intense forskings- og organiseringslivet?
– Gleda av å bore i detaljane, kanskje, og samtidig prøve å få det store overblikket. Han gjekk inn i arbeidet med stor lidenskap, genuin entusiasme og fagleg glede over å møte kollegaer på stadig nye kongressar, lese nye bøker og artiklar og drøfte ulike spørsmål.
Tilsynelatande blir han aldri lei, og heile tida pushar han medarbeidarane fram.
I juni 1974 møttest historikarar, sosiologar og statsvitarar til fagleg konferanse på Røros. Stubhaug meiner det har festa seg eit inntrykk av at historieprofessor Jens Arup Seip gjorde narr av forståingsmodellane Rokkan hadde utvikla, ikkje minst dei som gjaldt forholdet sentrum–periferi.
– Kjeldematerialet viser at dei hadde ei alvorleg meiningsutveksling, og Seip var klar i si tale. Men til grunn låg eit ønske hos begge om betre å forstå korleis den andre arbeidde. Og dei to hovudopponentane hadde planar om nye samtaler, som aldri blei noko av på grunn av Rokkans sjukdom. Det var eit viktig møte, men ikkje noko som skapte agg eller fiendskap mellom hovudaktørane.
– At Rokkan var ein så gåverik organisator og administrator, var sikkert godt for eit ungt fagfelt, men kanskje ikkje for hans eiga forsking?
– Han sa det sjølv òg. På den eine sida ville han forsikre seg om at det organisatoriske arbeidet som han sjølv i stor grad hadde teke initiativ til, skulle vekse og gro. På den andre sida hadde han dei siste åra eit stadig sterkare ønske om å kunne få samle seg om si eiga forsking. Men han klarte ikkje å styre seg før kroppen sa tydeleg ifrå. Våren 1973, med svakt hjarte, kryssa han Atlanteren åtte gonger. Alltid var han den ivrigaste, alltid hadde han framlegg til gode løysingar.
No skal det òg seiast at Rokkan blei svært inspirert av desse turane. Han turnerte på dei største universiteta i landet og fann tvillaust inspirasjon i det. Vi ser eit mønster: Først forskar han i Europa på europeiske tilhøve, så dreg han til USA og drøftar funna med amerikanske kollegaer og får nye innspel, så fer han heim og skriv artiklar. Personlege møte med kollegaer frå andre miljø stimulerte han sterkt.
Gløden
– Rokkan sa sjølv at han ønskte å vere ein intellektuell vekkjar. I kva grad blei han det?
– Han blei det især overfor studentane sine, som han følgde opp og stimulerte heile vegen. Somme tider også stramma opp. Det same gjaldt fagkollegaer i Europa og USA. Stadig kom han med nye idear og inspirerte dei. Nye omgrep som sentrum–periferi-aksen og innsikter som «røyster tel, ressursar avgjer» vann etter kvart fotfeste i fleire land. Så var han ein føregangsmann i arbeidet med å byggje opp dataarkiv, både heime og ute. Dei fremste kollegaene hans i Europa og USA såg på Rokkan som ein leiarskikkelse. «We look for leadership», skreiv dei til han då han måtte halde seg heime frå ein fagkongress.
– Rokkan ønskte at forskinga hans skulle styrkje det demokratiske styresettet. Har det gått slik?
– Både og. Forskinga hans var i stor grad konsentrert om Vest-Europa, og forståinga hans av demokratiutviklinga i Vest-Europa var nok også styrt av integrasjonen i det som skulle bli EF og seinare EU. Denne integrasjonen har jo delvis vore vellukka, men i mindre grad no. Hadde ein hatt Rokkans forståing av alle periferiane i Europa som no står mot kvarandre, ville det kanskje vore lettare å forstå reaksjonane og motreaksjonane og grunnane til at det skjer. Rokkans kunnskapar og forståing kunne ha vore til nytte for mange i dag. Til å forstå dei konfliktane som førte til integrasjon i Europa, og som no hindrar vidare integrasjon.
Stubhaug fortel at Rokkan meinte hans viktigaste bidrag til norsk samfunnsforsking var etableringa av NSD, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste, i dag Norsk senter for forskningsdata AS. Men biografen peikar òg på fleire internasjonale organisasjonar han var med på å skipe og drive fram til sjølvstendig liv, alt arbeidet hans med arkivspørsmål, pionerinnsatsen som forskar på utviklinga av dei mindre demokratia.
– Vi skal heller ikkje gløyme gløden og forskariveren hans, som har inspirert mange og framleis inspirerer i dag.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Alltid var han den ivrigaste, alltid hadde han framlegg til gode løysingar.
Arild Stubhaug, forfattar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.