Mot vaktskifte på Førdefestialen
Etter 29 festivalar seier Hilde Bjørkum takk for seg som leiar av Førdefestivalen.
Hilde Bjørkum går av som sjef for Førdefestivalen til hausten.
Foto: Dagrun Reiakvam / Førdefestivalen
Den markante leiaren var sjølv ein av initiativtakarane til festivalen i si tid og blei tilsett i 50 prosent prosjektstilling då barnet skulle berast til dåpen i 1989. Men no kjende ho at tida var inne til å sleppe fram nye krefter. Stillinga som direktør og kunstnarleg leiar er lyst ut, og tilsetjing skal skje i god tid før årets festival.
– Dette har eg tenkt lenge på, styreleiaren blei orientert i august i fjor. Eg føler at me har fått gjort mykje som ikkje har vore gjort før, fått presentert mykje ny musikk og nye opplevingar for publikum. Det har vore svært givande. Å sjå publikum komme ut med stjerner i auga, somme i tårer, har gitt meg mykje energi til å drive på.
Formelt sluttar ho 1. september. Deretter går ho inn i 50 prosent stilling som rådgivar.
– Eg vil vakte meg vel for å bli sjuande mor i huset, men eg har jo opparbeidd eit stort kontaktnett som kan vere med på å opne dører for etterfølgjaren min. Elles skal eg jobbe litt meir med utviklingsprosjekt det ikkje har vore tid til, og så skal eg syte for at det blir ein grei overgang for den nye festivaldirektøren.
Om si eigen innsats gjennom alle desse åra vil ikkje Bjørkum seie så mykje, det får bli opp til andre. Men ho fortel at det har vore mykje arbeid. Ved sida av å ha gitt folk nye musikkopplevingar, trur ho også at ho har levert eit viktig bidrag til lokalmiljøet og sett nokre spor i Festival-Noreg. Så er ho stolt av å ha presentert artistar som ikkje har vore på andre festivalar.
– Eg er glad me har vore litt stae og ikkje berre late oss drive med vinden.
– Kva kan du seie om festivalen, slik han har utvikla seg?
– Det har vore heilt fantastisk. Me har gått frå kring 6000 publikummarar det første året til bortimot 30.000 no. Me har heilårsdrift, seks faste årsverk, og staben og drifta er profesjonalisert. Hundrevis av frivillige har òg opparbeidd seg kompetanse. Styra har vore med på å byggje organisasjonen, og økonomien har vore under kontroll. Eigarar og støttespelarar, både private og offentlege, har bidrege til denne flotte utviklinga.
Spør du den 59 år gamle årdølen om kva som er dei sterkaste festivalminna hennar, vil ho helst ikkje rangere dei «vanvittig fine» opplevingane. Ikkje til å undrast over, når ho har kunna velje på øvste hylla og kvar veke får om lag 500 (!) framlegg og førespurnader frå folk som vil komme til festivalen.
– Du er sjølv dansar og felespelar, med fleire sigrar i Landskappleiken. Har det vore ein føremon å ha den bakgrunnen?
– For meg har det absolutt det. Eg ser det ikkje som ein føresetnad for å kunne vere festivaldirektør. Men god kjennskap til feltet, sjangeren og bransjen er nødvendig.
– Heretter blir det berre spel og dans på deg?
– Det ville vore gøy å få øvd litt meir med fela. Kanskje dansa meir òg.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.