Foto: NTB scanpix
Karyatider
Øyet er blitt marmor av å stirre
så lenge mot de samme horisonter.
De blir på post: urørlig på sin sokkel
står føtter som for lenge siden smuldret.
Kjortelens folder henger tungt langs kroppen,
for ingen stormvind blåser lenger mot dem.
De smiler likevel sitt stolte smil:
de bærer templet, verner trofast
evige, umistelige skatter.
De løfter hendene – av gammel vane;
det er som deres hender stumt anroper
den blinde, døve himmelen, høy og fjern.
De bærer ingenting i sine hender,
Selv ikke skyggen av en flyktet drøm.
Og bak dem ligger templet i grus ...
Per Bronken

Per Bronken debuterte i 1955 med samlinga Kom drikk også mitt blod. Så fylgde fleire bøker, før Bronken gjekk over til regi- og instruktørarbeid for teater, film og opera. Han er særleg kjend for regiarbeid for Fjernsynsteatret. Han stod mellom anna for framsyningane Benoni og Rosa, Jenny og Kong Lear og seinare for TV-seriar, som Vestavind (1994).
«Til og med i Vestavind hadde man lagt vekt på allmennopplysning og dannelse i den klassiske BBC-tradisjonen», heiter det om Bronken i Norsk biografisk leksikon. På slutten av livet gav Bronken ut nye diktsamlingar.
Danning og klassiske tradisjonar er det i høgste grad i diktet «Karyatider» frå antologien Fire profiler 1955–1965 frå 1965. Karyatide tyder «beresøyle med form som ein kvinnefigur». Diktet skildrar korleis ei rad karyatider enno står der «på post» ved tempelet sitt, og smiler «sitt stolte smil». Mogelegvis handlar det om statuar av kvinnelege prestar, representantar for ei forsvunnen gudsdyrking. Den heroiske posituren deira får ein ironi over seg i den siste, overraskande verslina. Ikkje berre er innhaldet i tempelet borte, men sjølve tempelet òg.
Det er opp til lesaren å lesa kva han eller ho vil inn i diktet. Kanskje utstrålar dikt ein bodskap om «triumfen til kunsten». Om religionen er borte, står statuane knytte til den gamle trua der enno.
Olav H. Hauge nemner diktaren i dagboka, 16. mars, same året som Fire profiler kom ut: «Bronken, Holm, Mehren er meistrar til å byggje slott av ord, ljos og måneskin, draumar». Dei to andre profilane, Stein Mehren og Peter R. Holm, er litterære slektningar av Bronken. Den fjerde «profilen», Georg Johannesen blir ikkje nemnd her. Det er ikkje uventa, men Hauge omtalar han mange andre stader i dagboka.
Høgtida i diktet kolliderer med forventningane våre til samtidspoesien. «Fjernsynsteaterlyrikk», kunne vi seia. Eg intervjua ein gong ei diva frå Fjernsynsteatret, Bente Børsum. «Om mykje av det vi gjorde no blir sett på som gamaldags, er det mange som saknar kvaliteten ved Fjernsynsteatret», sa ho. Det same kan seiast om Bronkens poesi.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.