JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Shakespeare vil aldri døy – men har han levd?

Striden om kven som er forfattaren bak Shakespeare-namnet, er i ferd med å kulminere. Då melder Geir Uthaug seg på med den første norske boka om emnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Chesterfield-portrettet av William Shakespeare, ca. 1679.

Foto via Wikimedia Commons

8341
20230310
8341
20230310

Litteratur

jan.h.landro@gmail.com

Det er skulelærdom at mannen bak tragediar som Hamlet, Othello, Kong Lear og mange fleire er William Shakespeare (1564–1616) frå Stratford-on-Avon. Men lite av det vi veit om den historiske personen, tyder på at han kan ha vore i stand til å skrive desse og fleire andre dramatiske meisterstykke eller dei vedunderlege sonettane. Over 80 kandidatar har vore lanserte som opphavsmann til forfattarskapen, og i eit par hundre år har dei lærde stridd om kven den rette kan vere.

No er statsstipendiat, poet og omsetjar Geir Uthaug ute med Kampen om Shakespeares identitet. Verdens største litterære gåte. Boka er ikkje berre ein guide gjennom dette brokete landskapet, ho kan også tene som oppslagsverk for dei som vil orientere seg i den uoversiktlege materien. Uthaug tek stilling i striden. Kandidaten hans er Edward de Vere (1550–1604), den syttande jarlen av Oxford.

Steile frontar

Frontane er steile. På den eine sida dei ortodokse, eller stratfordianarane, som ikkje vil høyre tale om at nokon annan enn at kjøpmannen og skodespelaren William Shakspere (slik står namnet i kyrkjeboka) er mannen bak forfattarskapen. Mot desse står skeptikarane, som i aukande grad synest samle seg om jarlen av Oxford og difor går under namnet oxfordianarane. Dette betente spørsmålet har gitt opphav til ein stor Shakespeare-industri. Godt over 4000 bøker og fleire titusen artiklar er skrivne om denne gåta, og så seint som etter år 2000 har fleire nye, seriøse kandidatar vorte lanserte, fortel Uthaug.

– Enormt mykje tankekraft, intellektuell energi og trykksverte har vore nytta i denne kampen for å få «rett». Kan det vere verdt det?

– Mykje har vore lagt inn i dette, mykje liding har vore knytt til det. Folk har brukt nesten heile livet sitt på spørsmålet, og då kan det bli ganske vondt. Men dette skjer fordi vi menneske har ein ibuande trong til å freiste finne ut korleis ting heng saman, seier han.

– Skeptikarane, som med åra blei stadig fleire, meinte at den ulærde kjøpmannen frå Stratford umogleg kunne ha skapt desse verka, som er fulle av spesialkunnskap om hofflivet og mange ulike vitskapar, kunnskap som berre dei høgst utdanna kunne ha, gjerne adelsmenn. I tillegg kjem eit enormt refleksjonsnivå. Dessutan er tekstane skrivne frå eit innsideperspektiv, adelen og dei privilegerte står i sentrum, ikkje kjøpmenn, bønder og småkårsfolk.

Kodar

Uthaug meiner at mange av «bevisa» stratfordianarane legg fram, ikkje held vitskaplege mål.

– Det finst mange og store lakunar i det vi veit om den historiske Shakspere, og så har dei lagt inn tolkingar som passar deira formål.

– Er ikkje denne identitetsstriden berre ei historie om tunnelsyn?

– Det er nok rett, men ikkje heilt. Ein sentral person i denne historia, Thomas Looney, gjekk til oppgåva heilt utan ein kandidat. Han såg ikkje Shakspere som ein sannsynleg forfattar, men heller ikkje Francis Bacon, som skeptikarane lenge hadde samla seg om. I staden laga han ein profil med dei eigenskapane og røynslene han meinte diktaren måtte ha hatt, så samanlikna han det store diktet «Venus og Adonis», som er det første Shakespeare fekk på trykk, med dikt av andre poetar frå samtida. Då fekk han fullt treff på jarlen av Oxford, slik oppstod oxfordianismen.

– «Bevisføringa» på båe sider verkar stundom nokså fantasifull, det er som om dei grip til kvart einaste halmstrå dei finn?

– Til ein viss grad, kanskje. Du finn heilt klart mykje rart mellom alt som er skrive.

Mange av dei som avviser Shakspere som forfattar, les tekstane hans som kodar, i nokon mon reduserer dei stykka til konstruksjonar og ikkje dikting. Geir Uthaug seier seg til dels samd i denne observasjonen og peikar på det problematiske ved å drive kodejakta for langt. Men Looney var ikkje oppteken av slikt i det heile teke.

Mange tyr også til svært biografiske lesemåtar for å bevise at dei har rett.

– Eg trur det gjeld skeptikarane meir enn stratfordianarane. Problemet med Stratford-teorien er at det er så lite samsvar mellom liv og verk, fordi vi veit så lite om Shakspere. Men dei har laga seg historier for å skape heilskap og samanheng mellom liv og verk. Det er som ei stor forteljing som ikkje er stadfest av eitt einaste av dei 77 dokumenta vi kjenner etter Shakspere. Ingen av dei handlar om litteratur, seier Uthaug.

– Der også oxfordianarane etter mitt syn går for langt, er når svært mykje i Shakespeare-stykka blir tolka inn i de Veres liv. Noko er svært laust, men mykje er dokumentert. Eit av dei viktigaste kriteria er alt som knyter seg til Italia. Handlinga i mange Shakespeare-stykke går føre seg ulike stader i Italia, og tekstane vitnar om god kjennskap til land og kultur. Vi veit at de Vere oppheldt seg i Italia i ti månader og var svært oppteken av kulturen og språket, ikkje noko tyder på at Shakspere har vore der.

Legitimering

– De Vere døydde i 1604, fleire av Shakespeares tragediar er komne til seinare. Korleis forklarar du det?

– Ingen veit sikkert når noko av dette er skrive. Her opererer dei to leirane med ulike årstal og ulike kriterium for datering. Oxfordianarane trur dei kan vere skrivne på 1570-, 1580- og 1590-talet, stratfordianarane legg stykka mykje lenger mot vår tid. Somme trykte skodespel er påskrivne «augmented and revised by the author». Alle som har ei slik påskrift, er frå før 1604 etter dateringa til stratfordianarane.

– Om nokon skulle finne bevis for at tekstane er skrivne av ein annan enn vi trur, vil det endre biletet av forfattarskapen på avgjerande vis?

– Skeptikarane meiner det. Dei hevdar at vi vil skjøne mykje meir av tekstane og kvifor dei er skrivne slik dei er. Ein vil til dømes sjå at kongespela, frå Rikard II og fram til Rikard III, sannsynlegvis var tinga av dronning Elisabet for å legitimere regimet til Tudorane. Det er derfor sympatien heile tida er på den sida i desse kongedramaa. Av same grunn gjer Shakespeare Rikard III til ein skurk, noko han mest truleg ikkje var.

Alibi

– Om no de Vere skulle vere forfattaren og han altså skreiv det dronninga bad han om, kvifor då psevdonym? Han hadde jo ingen ting å ottast. Kan forklaringa vere at dronninga ikkje ville at det skulle komme ut at ein av hennar aller næraste hadde skrive desse kongestykka – og slik svekkje krafta i tekstane?

– Det trur eg er ei god forklaring. På Elisabets tid var det mykje som ikkje skulle skrivast og uttalast. Kongedramaa fekk nok hennar fulle godkjenning, men eg tviler på at sonettane blei godkjende frå høgste hald. Dei var mest sannsynleg private trumål som ikkje skulle publiserast. Skulle dei ut i det offentlege, måtte det skje anonymt eller under psevdonym.

– I så fall kunne jo ikkje forfattaren skjule seg bak eit psevdonym dronninga alt kjende?

– Eg trur ikkje det var dronninga han skjulte seg for. Det finst ein god indikasjon på at ho verna han. I 1601 gjorde jarlen av Essex opprør. Startsignalet var at dramaet om kong Rikard II, som må gi frå seg krona, blei oppført på mange teater. Opprøret blei slått ned, og alle involverte kalla inn til forhøyr, også skodespelarane. Den einaste som slapp unna var Shakespeare!

– «Shake-speare»-nemninga fekk de Vere alt i 1578. Altså hadde han sitt psevdonym. Kvifor skulle han då i tillegg leite opp ein person med nesten det same namnet og få han til å gjere noko det ikkje finst den minste dokumentasjon på at han faktisk gjorde?

– Eit godt poeng. Men eit psevdonym kan gjennomskodast. Har du ein person som faktisk ber det namnet og tek på seg å vere diktaren, er den verkelege identiteten lettare å skjule. Det var svært farleg å stå ope fram med kontroversielle meiningar. Jarlen av Oxford kunne ikkje risikere å bli avslørt, Shakspere gav han eit alibi.

Av dei som støttar de Veres kandidatur, nemner Uthaug spesielt Shakespeare-forskaren Roger Stritmatter, som oppdaga de Veres bibel med ei rad understrekingar og kommentarar. Over 300 av desse fann han att i Shakespeares skodespel.

– Framleis sit stratfordianarane med hegemoniet. Alle lærebøker, leksikonartiklar og så vidare er skrivne ut frå deira perspektiv. Men Oxford-opposisjonen er blitt mykje sterkare og når etter kvart fram også i mainstream-publikasjonar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis