Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Trekkjer ungdomsbok om krigen

Vigmostad og Bjørke har trekt tilbake ei ungdomsbok og kjem med ei ny ut­­-
gåve fordi dei er usikre på nokre få faktaopplysningar. Gyldendal nektar førebels å gjere det same med Marte Michelets Hva visste hjemmefronten?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forlagssjef Elizabeth Sellevold i forlaget Vigmostad og Bjørke vil endre delar av teksten i ei ungdomsbok om krigen bygd på den omstridde boka Marte Michelet har skrive om heimefronten.

Foto: Bok 365.no

4254
20210122
4254
20210122

Historie

janh@landro.bergen.no

Det pikante i denne saka er at Jon Ewo, som har skrive ungdomsboka 9. april 1940; 8. mai 1945, har henta opplysningane som no blir fjerna, frå nettopp Michelets bok. Advokat Jon Chr. Elden, som representerer familiane til fleire motstandsfolk, kommenterer forlagets avgjerd slik:

– Vi synest det er svært klokt av Vigmostad og Bjørke å trekkje tilbake ei bok som byggjer på eit uriktig kjeldemateriale. Vi er i konstruktiv dialog også med Gyldendal, og dei har lova at faktafeil og feiltolkingar skal bli retta opp. Vi har felles gjennomgang av boka for å klargjere dette, men då arbeidet er ganske omfattande, tek det litt tid.

Gyldendal vil ikkje svare på kvifor dei framleis har boka i sal etter alle feila som er blitt påviste i den såkalla «motboka», Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? av Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen, som kom i fjor haust. Reidar Mide Solberg, forlagssjef sakprosa, vil berre seie følgjande: «Vi jobbar no med vår eigen, grundige gjennomgang saman med Marte Michelet. Vi har vore tydelege på at dersom det er element i Hva visste hjemmefronten? som må rettast opp eller beklagast, kan vi forsikre at vi skal gjere det.»

På spørsmålet om kvifor forlaget ikkje alt trekt tilbake boka etter alle feila som er blitt dokumenterte, svarar han berre at det er eit komplisert materiale, der intervju, kjelder og dokument skal tolkast opp mot kvarandre, og at det tek tid.

Michelets bok var nr. 21 på lista over dei 30 mest selde nye, norske bøkene i 2018. Samla opplag til no er 32.000 eksemplar, 5000 av dei i pocketutgåve. Salstal vil ikkje forlaget gi opp.

Den eigentlege utgivaren av Jon Ewos bok er Ena forlag, som er eigd av Vigmostad og Bjørke. Forlagssjef Elizabeth Sellevold i moderforlaget fortel at både forfattar og forlag ønskte å gjere endringar i teksten. Slik grunngir ho avgjerda:

– Vi ønskte å endre eit avsnitt i boka då vi såg at fleire faktaopplysningar om motstandsrørsla blei diskuterte. Grunnlaget for nokre av påstandane i boka vår blei dermed også usikkert. Jon Ewos bok er ikkje ei fagbok, men ei bok som formidlar historisk kunnskap til ungdom. I barne- og ungdomslitteraturen kviler det eit særskilt ansvar for ikkje å ta parti i ein betent debatt. Unge lesarar vil ikkje kunne ta stilling til pågåande fagdiskusjonar.

Dei passasjane som no blir korrigerte, er desse:

«Vi vet nå at hjemmestyrkene har god tid på seg til å varsle jødene. Sønsteby kjenner til at jødene skal bli arrestert allerede tre måneder før det skjer. Men hjemmestyrkene gjør lite for å hjelpe jødiske borgere. I årene etterpå har de prøvd å dekke over sin manglende innsats. Blant annet ved å påstå at de ikke klarte å hjelpe alle. Eller at de gjorde så godt de kunne. Eller at det var jødenes egen skyld at de ble arrestert – de skulle ha flyktet i tide

Og vidare:

«Gunnar Sønstebys forklaring i et intervju er: – Vi skulle slåss. Vi skulle ikke hjelpe folk. Så vi kom ikke særlig borti dette og fant det ikke riktig heller å gjøre det. Han fortsetter i intervjuet med å si at det på tross av alle advarslene var vanskelig å overtale jøder til å rømme.»

– Betyr denne avgjerda at de godtek det som blir presentert i «motboka»?

– I denne saka tek vi ikkje stilling i den pågåande fagdebatten, men vi synest det var knytt så pass stor uvisse til ein del sterke påstandar at vi fann det riktig å justere teksten.

– Kor mykje blir endra, og når kjem den korrigerte versjonen ut?

– Det aktuelle avsnittet på ei halv side blir endra, og vi vil også sjå på nytt på kapittelet «Kritikken etterpå – jødene», der avsnittet inngår. Kapittelet er på tre sider. Vi ønskjer no naturleg nok å få ein faghistorikar til å gå gjennom heile boka på nytt. Men eg reknar ikkje med at det vil bli andre store endringar. Vi bør ha ei ny utgåve ferdig trykt om seks veker.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi ønskte å endre eit avsnitt i boka då vi såg at fleire faktaopplysningar om motstandsrørsla blei diskuterte.

Elizabeth Sellevold, forlagssjef

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis