Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Holmen Yachtværft er freda, men enno i bruk: I 2015 leverte verftet sitt fyrste nybygg på lang tid, snekka «Kari Anne».

Foto: Karen Thommesen

1945
20180504
1945
20180504

Yachtverft freda

A/S Holmen Yachtværft i Asker kommune vart freda av Riksantikvaren 16. april. Verftet vart etablert i 1918 og er faktisk enno i full drift. Holmen Yachtværft vart skipa for å byggje segl- og motorbåtar og gjennomføre vedlikehald og reparasjon av båtar, skriv Riksantikvaren på sidene sine. Verftet ligg på Landøya ved Nesbru i Asker og feirar i år 100-årsjubileum.

Holmen Yachtværft er ein representant for lystbåtverfta som vart etablerte fyrst på 1900-talet. Her på Holmen Yachtværft ser vi utviklinga frå den eliteprega seglsporten før andre verdskrig fram til den meir folkelege lystseglasen som utvikla seg etter krigen.

«Fredningen av Holmen Yachtværft er starten på et nytt kapittel i verftets lange og stolte historie. Det er helt spesielt at Riksantikvaren freder et industrianlegg som er i full drift. Bruk er det beste vern», seier avdelingsdirektør Hanna Geiran frå Riksantikvaren i ei pressemelding.

Stor utstilling vigd J.C. Dahl

Same dag som denne avisa kjem ut, opnar KODEs store sumarutstilling J.C. Dahl – Naturens kraft. Statsminister Erna Solberg står for den offisielle opninga. Utstillinga er den største presentasjonen av J.C. Dahls kunst på 30 år og viser utviklinga som kunstnar gjennom 200 utvalde meisterverk.

«J.C. Dahl definerte selve bildet av Norge. Jeg gleder meg til å åpne en stor og viktig utstilling, hvor bildene hans også kan åpne for refleksjon rundt vårt forhold til naturen i dag: Om de verdier den representerer, og om dens skjønnhet og sårbarhet», seier KODEs direktør Petter Snare i ei pressemelding.

Det fulle namnet til kunstnaren er Johan Christian Clausen Dahl (1788–1857). Han var sjølvsagt ikkje kven som helst: Dahl er ein av dei viktigaste målarane i norsk kunsthistorie, og han blir rekna som ein av Europas største romantiske målarar. Han var handverksmålaren som kom frå enkle kår i Bergen, og som seinare vart heidra som far til den norske målarkunsten.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis